Grunngiving og klage

Grunngiving

Før du leverer klage på eit eksamensresultat kan det vere ein fordel å få ei grunngiving på karakteren. Du kan be om grunngiving på karakter innan ei veke etter at eksamensresultatet er publisert.

Dersom du har hatt eksamen i WISEflow kan det vere at sensor har lagt inn kommentarar til oppgåva der. Desse er tilgjengelege når sensurfristen er over, på same side som du gjennomførte eksamen på. Sjekk derfor om du finn kommentar der før du ber om grunngiving.

Ved munnleg eksamen må du be om grunngiving umiddelbart etter at resultatet er klart.

Før du ber om grunngiving anbefaler vi at du ser på sensorrettleiinga som du finn i Canvas etter att sensuren er gitt

Du finn emnekode og kandidatnummer i Studentweb.

Klage

Du har rett til å klage på karakteren innan tre veker etter at karakteren er publisert i Studentweb. Dersom krav om grunngiving for karakteren eller klage på formelle feil er sett fram, blir klagefristen tre veker frå du har mottatt grunngivinga eller endeleg avgjerd av klagen ligg føre. 

Ved klagesensur er det ikkje tre veker sensurfrist slik som ved vanleg sensur. Klagen skal behandlast utan ugrunna opphald, jf. fvl §11-a. Klagekommisjonane behandlar mange klagesaker, og dei fleste klagene kjem i periodar med ferieavvikling. Du må derfor normalt pårekne mellom 3 - 12 veker saksbehandlingstid og at det i særskilte tilfelle kan ta lengre tid.

Når klagen er ferdigbehandla, får du melding på student-epostadressa di om at resultatet er tilgjengeleg i Studentweb. 

Det blir oppnemnt to sensorar ved klagesensur, der minimum ein er ekstern. Sensorane får ikkje opplyst din opphavelege eksamenskarakter. Du kan ikkje klage på den nye karakteren, og det er denne som blir ståande som endeleg resultat. Den nye karakteren kan bli betre, lik eller dårlegare enn den opphavelege karakteren. Det er derfor viktig å vurdere grundig om du ønskjer å klage. Du kan trekkje klage på karakter inntil klagen er avgjort. Klagen blir sett på som avgjort når protokollen er signert.

Det er berre klagerett på karakterfastsetting som ut frå sitt slag lar seg etterprøve, det vil seie skriftleg vurdering. Du kan ikkje klage på karakteren du får på ein munnleg eller praktisk eksamen, men du har rett på grunngiving for karakteren. Som hovudregel skal karakteren gjerast kjend og kravet om grunngiving setjast fram på eksamensstaden eksamensdagen. 

Merk at det er individuell klagerett ved gruppeeksamen. Det vil seie at ei eventuell endring i karakter etter klagesensur berre får verknad for den som har sendt inn klage.

Før du sender inn klage, anbefaler vi at du ser på karakterskala, karakterbeskriving og sensorrettleiing. Sensorrettleiing blir lagt ut i Canvas etter at sensuren er gitt. 

Du sender klage på karakterfastsetting via Studentweb.

Du finn lenke til sida "Grunngjeving og klager" via resultatsida, eller via menyen under "Meir". Her finn du ein oversikt over dei emna som det er mogleg å sende klage i. Trykk deg inn på det aktuelle emnet. Du finn då ein knapp for å levere klage elektronisk. Knappen vil berre vise dersom fristen for å levere klage ikkje har gått ut.

Dersom du ønskjer å ta eksamen på nytt, gjeld oppmeldingsfristen 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret sjølv om du har klaga på karakteren.