Velkommen som ny student ved HVL!

Steg 1 - Aktiver din brukerkonto

Aktiver din brukerkonto
for å få tilgang til e-læringssystem(Canvas), e-post, Office365...

Som HVL-student får du tildelt ein brukarkonto og e-postkonto til høgskulen sitt dataanlegg.

Viktig informasjon frå HVL blir sendt til denne e-postadressa, og du er pliktig til å sjekke den jamnleg. Brukarkontoen din brukar du til innlogging på HVL sine system, som studentepost, læringsplattformen Canvas, innleverings- og eksamenssystemet WISEflow, trådlaust nettverk, Office365 med meir.

  • E-postadressa di er dittstudentnummer@stud.hvl.no.
  • Brukarnamnet ditt er studentnummeret ditt.
  • Studentnummeret finn du i Min profil på Studentweb.
  • Pinkode har du fått tilsendt på SMS.

 

Steg 2 - Semesterregistreringa i Studentweb

Når du godkjenner utdanningsplanen din for gjeldande semester, melder du deg opp til undervisning og eksamen i emna som ligg i planen din.

Du finn oppmeldingane dine under «Aktive emne» på Studentweb. Du er sjølv ansvarleg for å sjekke at alle oppmeldingar er på plass, og at dei er korrekte. 

Du loggar deg på Studentweb via Feide, med brukarnamnet og passordet ditt. Dersom du ikkje har dette, loggar du inn med fødselsnummer og PIN-kode.

Logg på Studentweb

Her finn du ein kort presentasjon av funksjonar i Studentweb.


Steg 3 - Finn info om dine fag og logg inn i læringsplattformen

Canvas er ein viktig reiskap i studiekvardagen. Det er her du kan finne meldingar frå forelesarar, informasjon om oppgåver, innleveringar med meir.

Logg inn her

For å få tilgang til Canvas må du ha godkjent utdanningsplanen din i Studentweb. Er du ny student, må du i tillegg aktivere brukarkontoen din.  

Du loggar på Canvas med Feidepålogging (same pålogging som til dømes Studentweb og brukarkontoen din), der brukarnamn er studentnummeret ditt. 

Endring i studieplass

Studentar som skifter studieprogram eller blir overført til nytt kull, må melde dette til canvas@hvl.no slik at tilgang til riktige emner i Canvas oppnås.

Steg 4 - Logg inn til WIFI

Det trådlause nettverket ved HVL heiter eduroam.

Du loggar på med studentnummer@stud.hvl.no og passordet til HVL-brukarkontoen din.

Du må ha aktivert brukarkonto for å få tilgang til e-posten din. 

Du kan nytte «Eduroam cat tool» for å automatisk sette opp innstillingane slik:

  1. Gå til https://cat.eduroam.org/?idp=1713
  2. Klikk på knappen «Last ned din eduroam profil»
  3. Kjør filen som lastes ned
  4. Fyll inn brukernavn og passord
  5. Trykk installer.

Steg 5 – Programvare

Programvarer du har tilgang til:

Som HVL-student har du tilgang til Office 365.

Direkte innlogging til Office 365

for anna programvare sjå programvarefanen på IT-hjelp sine sider

Steg 6 - Last ned studentbevis-appen

Studentbevis-appen beviser at du er registrert som student dette semesteret.  Appen fungerer som studentbevis hos mellom anna studentsamskipnaden og kollektivtransportselskap.

Du vil framleis trenge studentkort, til dømes for å komme inn i bygga våre på kveldstid og i helgene, låne bøker på biblioteket og bruke skrivarane våre. Studentkorta blir produsert kort tid etter studiestart.