Praksisrettleiar for studentar?
Her finn du nyttig informasjon for deg som er praksisretteleiar for studentar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.
Kvar utdanning har ein fagleg og administativ ansvarleg for praksisen. Kvar student får ein kontaktlærar frå HVL som er bindeledd med praksisfeltet og praksisrettleiar.
Kurs og kompetanse
Ønskjer du fagleg påfyll før du tek fatt på oppgåva som praksisrettleiar? Alle praksisrettleiarar og andre eksterne er velkommen til å melde seg på basiskurs i studentrettleiing.
Kurset er organisert i modular med sentrale tema som:
- Førebuing
- Rettleiing
- Den utfordrande studenten
- Samarbeidslæring
- Bruk av Kunnskapsbasert praksis (KBP) i rettleiinga
Kurset er digitalt, og du kan gjennomføre det når det passer for deg. Ved konsentrert studie tar det ca 2 timar. Kurset er opent for alle.