Skrive oppgåve frå praksis

Skal du skrive oppgåve knytt til praksis i helse- og sosialfag? Då må du undersøke om du må innhente skriftleg samtykke.

Dersom du som student skal nytte personopplysningar om tenestemottakarar i skriftlege oppgåver knytt til praksis, må du innhente skriftleg samtykke av pasient/brukar sjølv. Om dette ikkje er mogeleg skal andre nærpersonar samtykke. Dette kan vere verje eller næraste pårørande.

Du må bruke samtykkeskjema frå høgskulen, og alle person- og stadnamn skal anonymiserast. 

Dersom gyldig samtykke ikkje føreligg eller blir trekt tilbake, må det vere dialog mellom student/praksisplass/praksislærar om å løyse dette.

Lurer du på noko?

Spør praksislæraren din eller kontakt personvernombudet ved HVL.

bilde av Trine Anikken Larsen

Trine Anikken Larsen

Personvernombud ved HVL