Klagerett praksis

Du kan ikkje klage på sluttvurdering i praksis, men du kan klage dersom du meiner det er gjort formelle feil i samband med praksis.

Du kan ikkje klage på sluttvurdering i praksis. I Universitets- og høyskoleloven § 5-3 femte ledd (2005) står følgjande: «Bedømmelse av muntlig prestasjon og vurdering av praksisstudiet eller lignende som etter sin art ikke lar seg etterprøve, kan ikke påklages». 

Klage på formelle feil

Du kan derimot klage dersom du meiner at det er gjort formelle feil i samband med praksis. Døme på formelle feil kan vere mangelfull rettleiing eller at eventuelt varsel om ikkje bestått praksis ikkje er gitt i tråd med forskrift om eksamen og studium ved Høgskulen på Vestlandet  kapittel 10.

Klagen må leverast skriftleg innan tre veker etter at du er kjend med forholda som er grunnlag for klagen. Klagefristen startar frå tidspunktet sluttvurderinga er levert til studenten.

Medhald i klagen

Dersom klagen blir tatt til følgje, skal feilen rettast. Sluttvurderinga i praksis kan ikkje etterprøvast. Ein formell feil kan difor ikkje rettast ved ny sensur. Eventuelt medhald i klagen betyr at du får tilbake forsøket ditt og må gjennomføre ny praksis.

Oversending til nemnd for studentsaker

Dersom klagen ikkje blir tatt til følge, skal høgskulen si nemnd for studentsaker gjere endeleg vedtak i saka. Nemnd for studentsaker avgjer om det er begått ein formell feil, og om feilen skal rettast med gjennomføring av ny praksisperiode. 

Korleis klagar du på formelle feil ved gjennomføring av praksis?

Klage på formelle feil skal vere skriftleg og sendast til post@hvl.no. I klagen må du forklare kva formelle feil som er gjort ved gjennomføring av praksis.

Du kan trekke klagen fram til den er avgjort. 

Ynskjer du å bidra til auka kvalitet i praksis? 

Om du ønsker å bidra til å auka kvalitet i praksis kan du lese om HVL sitt arbeid for å sikre kvalitet i praksis og gi dine tilbakemeldingar i samsvar med det som er omtalt der.