Skikkavurdering

Skikkavurderinga skal sikre at barn, elevar, pasientar og brukarar av ulike tenester ikkje møter yrkesutøvarar som er uskikka for det arbeidsområdet dei utdannar seg for.

Skikkavurdering er regulert i forskrift til universitets- og høyskoleloven (universitets- og høyskoleforskriften). Ny forskrift tredde i kraft 1. august 2024.

Vurderingskriterium

Nye saker - særskild skikkavurdering frå 1. august 2024:
Vurderingskriterium ny forskrift.

Gjeld alle utdanningar som er underlagt forskrift om skikkavurdering.

Tidlegare oppretta saker - særskild skikkavurdering før 1. august 2024:
Vurderingskriterium gammel forskrift.

Gjeld saker i særskild skikkavurdering som blei oppretta før 1. august 2024.

Løpande skikkavurdering

Kven gjeld løpande skikkavurdering for?

Løpande skikkavurdering gjeld alle studentar på ei utdanning som er underlagt forskrift om skikkavurdering.

Oversikt over kva utdanningar som har skikkavurdering

Kva er og korleis føregår løpande skikkavurdering?

Løpande skikkavurdering er ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne utøve yrket.

Det skal vurderast løpande om ein student er skikka for yrket, både i den teoretiske og den praktiske delen av studiet. Lærar, praksislærar, rettleiar og andre som møter studenten i utdanningssituasjonen, har ansvar for å gjere løpande vurderingar, samt gje tilstrekkeleg rettleiing ved mindre utfordringar.

Det er HVL sitt ansvar å sørge for at dei tilsette, rettleiarar, praksisfelt og andre ved aktuell utdanning har nødvendig kunnskap og kompetanse til å kunne foreta løpande skikkavurdering.

Dersom det oppstår tvil om ein student er skikka, vert særskild skikkavurdering gjennomført.

Formålet med løpande skikkavurdering

Formålet med skikkethetsvurdering er å avgjøre om en student utgjør en mulig fare for liv, fysisk og psykisk helse, rettigheter eller sikkerhet til de pasienter, brukere, barnehagebarn, elever, dyr, klienter, dyreeiere eller andre studenten vil komme i kontakt med under praksis eller under framtidig yrkesutøvelse.

Tvilsmelding

Er du i tvil om en student? Skjema for å melde tvil

Skjema for tvilsmelding - bokmål
Skjema for tvilsmelding - nynorsk

Du kan ta kontakt med skikkaansvarleg på aktuell campus dersom du har behov for å diskutere saken før du sender inn tvilsmeldinga.

Kven kan melde tvil?

Alle som er i kontakt med studentar kan levere tvilsmelding, til dømes tilsette ved HVL, praksisfelt, medstudentar og administrativt personale.

Den som leverer tvilsmelding er ikkje part i saka og har ikkje krav på tilbakemelding.

Har studenten fått ikkje bestått i praksis?

Ved ikkje bestått praksis skal høgskulen og praksisstaden vurdere om det også er grunnlag for å sende tvilsmelding når studenten går på eit studieprogram underlagt skikkavurdering, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL, § 10-13. 

Særskild skikkavurdering

Kven gjeld særskild skikkavurdering for?

Ein student kan bli vurdert som uskikka for yrket dersom studenten utgjer ein mogleg fare for fysisk og psykisk helse, rettar og tryggleik eller livet til barnehagebarn, elevar, pasientar, klientar og brukarar studenten vil komme i kontakt med under praksisstudia eller under framtidig yrkesutøving.

Kva er og korleis føregår særskild skikkavurdering?

Særskild skikkavurdering startar med ei tvilsmelding.

Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. lov om universitet og høyskoler  §12-3. Særskild skikkavurdering kan få følger for individuell utdanningsplan, inkludert i høve til utveksling og overflytting mellom campusar.

Alle som er involvert i ei sak, har taushetsplikt, jf. forvaltningsloven §13, første ledd.

Skikkaansvarlege skal følgje opp innleverte tvilsmeldingar i samsvar med forskrift til universitets- og høyskoleloven §7-8:

  • Varsle studenten skriftleg om at det er meldt grunngitt tvil om vedkomande er skikka.
  • Kalle inn studenten til vurderingssamtale. Studenten kan ha med ein talsperson.
  • Det skal lagast skriftleg referat frå vurderingssamtalen. Referatet skal innehalde ein omtale av kva saka gjeld, og eventuelle planar for utvida oppfølging og rettleiing av studenten.
  • Studenten skal få tilbod om utvida oppfølging og rettleiing dersom det ikkje er heilt tydeleg at slik oppfølging ikkje er eigna til å hjelpe studenten.
  • Skikkaansvarleg har ansvar for at det blir utarbeidd ein plan for utvida rettleiing i høve dei aktuelle vurderingskriteria i forskrifta, og for å vurdere resultatet av den utvida rettleiinga.
  • Skikkaansvarleg kan innhente opplysningar frå skikkaansvarlege ved andre institusjonar dersom det er nødvendig for å opplyse ein sak. 
  • Praksisperiodar kan utsettast til etter at utvida rettleiing er avslutta.
  • Ein student som er under særskild skikkavurdering kan ikkje reise på utveksling til utlandet, jf reglement for delstudium i utlandet.

Skikkaansvarleg skal fremje saker om skikkavurdering for skikkavurderingsnemnda dersom utvida oppfølging og rettleiing ikkje fører til nødvendig endring hos studenten, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven §7-8.

Tvilsmelding som tydeleg er ugrunna skal ikkje behandlast av skikkaansvarleg. 

Formålet med særskild skikkavurdering

Formålet med særskild skikkavurdering er å avgjere om ein student som det er meldt tvil på, utgjer ein mogeleg fare for liv, fysisk og psykisk helse, retter eller sikkerheit til dei pasientar, brukarar, barnehagebarn, elever, klientar eller andre studenten vil kome i kontakt med under praksis eller under framtidig yrkesutøving.

Utvida oppfølging og rettleiing er ein viktig del av særskild skikkavurdering, og i utgangspunktet er målet med all utvida oppfølging og rettleiing at studenten skal bli styrka som komande yrkesutøvar, og tvilen kan leggast vekk.

Utvida oppfølging og rettleiing

Ein student som er under særskild skikkavurdering, får tilbod om utvida oppfølging og rettleiing. Det blir vurdert i kvart tilfelle kva løysingar som er aktuelle. Felles for dei fleste studentane er samtaler med rettleiar, og studenten må rekne med ekstra arbeid. Andre tiltak kan kome i tillegg.

Viktig å vite om samtalar med rettleiar:

Formål med utvida rettleiing:

  • Rettleiinga skal stimulere studenten til eigenrefleksjon, utvikling og endring knytt til innhaldet i tvilsmeldinga.

Rammer for utvida rettleiing:

  • Rettleiar sin rolle er å rettleie med utgangspunkt  tvilsmeldinga, ikkje vurdere om studenten er skikka for framtidig yrkesutøving.
  • Rettleiar får tilsendt referat frå vurderingssamtalen med skikkaansvarleg, og eventuelt tvilsmeldinga, før første rettleiingssamtale.
  • I referatet frå vurderingssamtalen blir det foreslått eit timetal for rettleiing, men dette kan bli justert etter dialog mellom skikkaansvarleg og rettleiar undervegs.
  • Rettleiar skriv ei oppsummering etter kvar samtale, som blir samanfatta i ein sluttrapport. Rettleiar sender rapporten til skikkaansvarleg.

Innhald i utvida rettleiing:

  • Rettleiinga er meint å støtte og utfordre studenten.  
  • Studenten får ulike oppgåver som skal stimulere til refleksjon over eiga rolle i yrkesutøvinga.
  • Studenten må rekne med førebuing til samtalane. Dette kan vere i form av rettleiingsgrunnlag, refleksjonsnotat, case eller liknande.

Kontaktinformasjon