Studentbevis-app

For å vise gyldig semesterkvittering, lastar du ned appen studentbevis på mobil.

Den gamle Studentbevis-appen har no blitt erstatta av appen Studentbevis på mobil. Studentbevis på mobil-appen fungerer som studentbevis hos mellom anna studentsamskipnaden Saman og kollektivtransportselskap, og vil vere gyldig på lik linje med studentkort og papirkvittering for betalt semesteravgift.

Du vil framleis trenge studentkortet ditt, til dømes for å komme inn i bygga våre på kveldstid og i helgene, låne bøker på biblioteket og bruke skrivarane våre.

For at appen skal vere gyldig må du ha betalt semesteravgift og vere semesterregistrert. Merk at det kan ta tre–fem dagar før betalinga er registrert i Studentweb. Les om semesterregistrering.

Dersom appen ikkje viser bilde av deg, må du i tillegg vise fram anna gyldig legitimasjon med bilde.

NB! Nokre studium er fritatt for semesteravgiftsbetaling. Ta kontakt med rekneskap@hvl.no dersom du likevel ønskjer å betale semesteravgift for å få tilgang til rabattordningane til studentsamskipnaden Saman og kollektivtransport.

Her kan du laste ned appen:

Slik tar du i bruk Studentbevis-appen

  1. Vel Høgskulen på Vestlandet og campusen din, og logg på via Feide med det vanlege brukarnamnet og passordet ditt ved HVL.
  2. Les samtykkeerklæringa og aksepter (appen kan berre brukast viss du samtykker).
  3. Les vilkåra og godkjenn (appen kan berre brukast viss du godkjenner vilkåra).

Dersom du har betalt semesteravgift og semesterregistrert deg, vil dette visast i ein grøn boks nedst på sida.

Sjølve kvitteringa blir lagra i appen, så etter innlogging og registrering av betalt semesteravgift i appen kan den brukast utan internettilgang.

Appen vil oppdatere seg kvar gong du opnar den, eller ved å dra skjermen ned. Utan internettilgang vil den lese lagra data, og nedst i appen finst det ein Sist oppdatert-linje som viser dato og klokkeslett for siste gang ferske data blei henta. Ved utlogging blir lagra data fjerna.

NB! Ved pålogging vil du alltid trenge internettilgang, men du vil framleis vere innlogga sjølv om du lukkar applikasjonen. 

Les meir om studentbevis-appen

Har du ikkje smarttelefon?

Du kan bestille kvittering på betalt semesteravgift via bestillingsskjema her.