Grønn guide for utveksling

Det er like viktig å ta berekraftige og gode val når man er ute på reise som når man er heime i Noreg. Derfor har vi lagt ved noko tips og informasjon på korleis du kan ta berekraftige val på reisa di.

Reiseveg

Du trenger ikkje å reise jorda rundt for å dra på utveksling, det er mange moglegheiter for utveksling i nærheita av Noreg. Du kan for eksempel dra til Europa, som er kortare reiseveg og det er lettare å reise grønt. Reiser du grønt kan du få økonomisk støtte gjennom Erasmus+ og frå HVL. Les mer om vår støtteordning her.

I tillegg til å holde reisevegen grøn anbefaler vi å ta grøne reiseval der du bor. Du kan bruke sykkel for å komme deg rundt, eller reise med buss og tog viss du skal lenger.

Leve og bu

Når du reiser til utlandet og vekk frå «kvardagen» er det normalt at ein ikkje er like flink til å ta gode berekraftige val. Ein slår ikkje av lyset med ein gang, tar lenger dusj og shoppar meir.

Det er viktig å huske at de valane du tar har like stor, viss ikkje større, betydning når du bor i utlandet. Derfor har vi lagt ved nokre tips på korleis du kan ta berekraftige val på utveksling:

  • Støtt lokale bedrifter, dette kan innebere alt frå butikkar til restaurantar. Unngå de store internasjonale butikkjedene.
  • Redusere konsumet. Når man flytter til utlandet så verkar alt nytt og ein kan få lyst til å oppdatere garderoben eller kjøpe noko nytt utstyr. Men tenk nøye gjennom om du faktisk trenger det du skal kjøpe. Kanskje kan ein heller kjøpe det brukt eller kanskje er det en bytteordning som du kan nytte deg av.
  • Unngå å kjøp masse plastflasker med vann. Ta med deg ein flaske som du kan fylle opp. Viss du ikkje kan drikke vann frå springen så kan ein finne vatndispenserar, du kan skaffe deg eit vatnrensefilter eller kjøpe store flasker vatn viss du først må kjøpe.
  • Ta med handlenett overalt. Det er ikkje berre i Noreg det er dyrt med plastposar, i mange andre land er det enten høye priser eller skatt på plastposar. I fleire land er også plastposar forbydt.
  • Fortsett å sortere søppel. Det er stor sannsyn at reglene for sortering ikkje er de same i landet du skal til. Bruk derfor litt tid til å lese deg opp på reglene for sortering.
  • Ikkje kast søppel på gata. Det er ikkje alltid at det er like mange søppelkasser tilgjengeleg i utlandet som det er i Norge. Ta heller med deg søppelet heim enn å kaste det på bakken.
  • Vis respekt for turistattraksjonane du besøker. Mange av de store turistattraksjonane tar i mot for mange turistar sjølv om det er på går utover naturen og dyra. Ikkje kast søppel, hold deg til stien og sjå om du finner grøne turistattraksjonar.