Studentar sittande på bru over elv i storby.

Utveksling for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn

Krav til innhald og progresjon i grunnskulelærarutdanninga set føringar for kva du kan få godkjent som utveksling. Kvar du kan reise er avhengig av kva fag du ynskjer å ta når du er på utveksling.

Søknadsfrist for å dra på utveksling er 1. februar for haustsemesteret og 15. september for vårsemesteret. Du søkjer gjennom appen HVL Utveksling. Appen kan du laste ned gjennom Google Play og Appstore. Les meir om korleis du søkjer her.

Når kan du reise?

Går du på grunnskulelærarutdanning 5-10. trinn kan du reise på utveksling frå og med 2. studieår.

Dersom ei studiepakke inneheld praksis, må du nytte deg av dette tilbodet, med unntak av 6.semester som er praksisfritt. Dersom praksis ikkje inngår i studiepakka, må du avtale med din praksiskoordinator korleis dette skal sikrast. 

3.studieår er spesielt godt egna til utveksling. I 5.semester kan du velje om du vil reise på utveksling i eit undervisningsfag eller eit skulerelevant fag. Det er ikkje krav til at faget vert tilbydd ved HVL i det aktuelle semesteret. Vi tilrår at du sjekker tilgjengelege studiepakkar i utvekslingsappen vår. Utvekslingsopphaldet må innehelde praksis.

Frå og med kull 2023 er 6.semester praksisfritt, men semesteret inneheld ei FoU-oppgåve. I utvekslingsappen vår er dei fleste studiepakkene kvalitetssikra for å innehelde FoU-oppgåve. Dersom FoU-oppgåva ikkje inngår i studiepakka, må du avtale med fagleg kontaktperson korleis dette skal sikrast. 

Det er og mogeleg å reise i 4. og 5. studieår om det fins egna alternativ til din utdanningsplan. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for avklaring. 

Kor kan du reise? 

Kor du kan reise er avhengig av kva fag du ynskjer å ta når du er på utveksling. Kva fag du kan ta vil òg vere avhengig av krav og progresjon i studieløpet, samt kva fag du allereie har valt og kva fag du ynskjer som masterfag, i tillegg til kvar det er krav om 60 studiepoeng for å kunne ta master i eit bestemt fag. 

Undervisningsfag i grunnskolen

Dei ulike utvekslingsdestinasjonane er gruppert i fag. Kvart fag vil ha ein fagleg kontaktperson som studentane kan kontakte for rettleiing og spørsmål om emner i utvekslingspakkene. 

Skulerelevante fag

Skulerelvante fag er fag som ikkje er undervisningsfag i grunnskulen, men som likevel er relevant for skulen. I 5. semester er det mogeleg å reise på utveksling i skulerelevante fag.

 

Har du generelle spørsmål om utveksling kan du ta kontakt med studierettleiiarane på campusen din. 


Er du klar for verda?

Her finn du informasjon om dei ulike stega på vegen mot eit studieopphald i utlandet.

Slik søker du utveksling