Jente som tar selfie i storby.

Slik søker du utveksling

Er du klar for verda? Her finn du informasjon om dei ulike stega på vegen mot eit studieopphald i utlandet. Appen HVL Utveksling gjer deg informasjon om utveksling på ein skreddarsydd, enkel og oversiktleg måte. Det er og der du søkar om utveksling og kan følgje prosessen frå Aa til Å.

  • Søknadsfrist for utveksling våren 2025 er 15. september 2024.
  • Søknadsfrist for utveksling hausten 2025 er 1. februar 2025.

Gjekk du glipp av informasjonsmøtet torsdag 5. september 2024, eller treng ein oppfriskning, så finn du opptak av møtet under "informasjonsmøte" på hovudsida

Kven kan søke?

Alle studentar som er tatt opp ved eit studieprogram ved HVL kan søke om å få reise på utveksling til utlandet. Dette gjeld frå bachelor- til ph.d.-nivå. Les Reglement for utreisende studentutveksling for å vere sikker på at du kvalifiserar for opptak til utveksling.

Slik søker du

Rettleiing om utveksling

Studierettleiar

Studierettleiar på fakultetet ditt kjenner til studieprogresjon og kva for studieløp du er i. Kontakt studierettleiar for å finne ut om kor du kan reise på studieprogrammet ditt og korleis det passar i studieløpet ditt. 

Her kan du finne oversikt over kven som er studierettleiar på fakultetet ditt.

Fagleg kontaktperson

Fagleg kontaktperson gjev råd om kva fagleg innhald du bør ha i utvekslinga di. Ta alltid kontakt med faglig kontaktperson for å diskutere fagval før du søker. 

Sjå liste over faglege kontaktpersonar.

Søknad til HVL

Du følgjer heile prosessen frå søknad om utveksling til godskriving når du har komen heim i appen HVL Utveksling. Last ned appen frå appstore eller Google Play og logg inn med feide-brukaren din. Så snart du er inne kan du sjå gjennom korte beskrivingar og bilete frå institusjonane som er aktuelle for deg.

QR til appen HVL Utveksling (iphone og android).jpg

Støter du på problemer med appen? Send ein epost til international@hvl.no. Legg gjerne ved skjermbilete av korleis det ser ut hos deg. 

Utvekslingsplan

Utvekslingsplanen din inneheld dei emna du skal ta på utveksling og kva emne dei erstatter ved HVL. Godkjent utvekslingsplan er ein garanti for at emna du studerer i utlandet godkjennes i graden din når du kjem heim. For ph.d.-studentar gjeld dette berre om du skal ta fag i opplæringsdelen.
 

I appen fins det i dei fleste tilfeller førehandsgodkjente emnepakkar og du vert sterkt anbefalt å søke på ei emnepakke som ligg inne frå før. Dette er emne eller praksis i ein kombinasjon som fagleg kontaktperson har vurdert som gode for ditt studieprogram.

Vel du andre emner må fagleg kontaktperson gjere ei vurdering i etterkant og det kan ta noko lenger tid. Kven som godkjenner frå fakultetet er lagt inn frå før, men ta kontakt med fagleg kontaktperson likevel. 

 Sørg og for å ha tre søknadsalternativ om mogleg.

Sjå video av korleis  appen ser ut:

Kortid får eg svar på søknaden min til HVL?

Du får svar på søknaden din innan tre veker etter søknadsfristen. Du får informasjon på e-post og du kan sjå status på søknaden din i appen. Du svarar og på tilbodet i appen.

Søknad til utlandet

Når søknaden din er godkjend av HVL sender sakshandsamar deg informasjon om korleis du går fram for å søke til den utanlandske institusjonen.  Du kan og lese om dette i appen.

Spørsmål eller utfordringar medan du er i søknadsprosessen med den utanlandske institusjonen, rettar du mot dei. Institusjonane har ulike søknadsprosessar og fristar, og det er viktig at du les informasjonen du mottar nøye.  

Kortid får eg svar på søknaden min til utlandet?

Tilbod om plass kan komme i form av eit opptaksbrev eller stadfesting på e-post. Den kan og komme på forskjellige tidspunkt avhengig av kva frist vertsinstitusjonen din har. Hugs å takke ja til plassen og å krysse av i appen undervegs i prosessen.

Stadfesting eller opptaksbrev lastar du opp i appen. 

 

Vil du sjå video om korleis du søker? Sjå nettsidane om informasjonsmøter

Erasmus+

Søker du om utveksling til land innanfor Europa kan du lese meir om førebuingane til Erasmus+ her.

Har du ikkje tilgang til appen HVL Utveksling?

Den mest oppdaterte informasjonen finn du i appen, men du kan og sjå ei oversikt over kva høgskular og universitet HVL har utvekslingsavtale med på nettsida til studieprogrammet ditt.

For grunnskulelærarutdanninga er det krav til innhald og progresjon som set føringar for kva du kan få godkjent som utveksling. Kor du kan reise er avhengig av kva fag du ønsker å ta når du er på utveksling. Grunnskulelærarutdanninga har difor eigne sider.