Frå studentprosjekt til gründerbedrift

Det starta med ein idé medan dei var masterstudentar ved HVL. I dag er Hana og Michelle gründerar med globale ambisjonar.

Gründerhistoria om Hana Colakovic og Michelle Sæther starta ved Høgskulen på Vestlandet. Hana tok ein bachelor i økonomi og administrasjon, medan Michelle utdanna seg til dataingeniør.

Dei hadde kjent kvarandre sidan vidaregåande, men vegane deira møttest igjen då dei begge gjekk vidare på kvar sin tverrfaglege mastergrad, Hana i innovasjon og leiing, Michelle i innovasjon og entreprenørskap. Med kvar sitt faglege utgangspunkt starta samarbeidet. Ein idé tok form, og ballen begynte å rulle.

– På masteren fekk vi moglegheit til å jobbe med studentbaserte prosjekt. Det var her idéen til ein mobilapp som skulle motivere til oppmøte utvikla seg, fortel Michelle.

Masteren var til stor nytte for å auke vår forståing av innovative verktøy og entreprenørskapsprosessar.

Hana Colakovic

Vann prisar og økonomisk støtte

I utgangspunktet var tanken at appen skulle motivere elevar til oppmøte i skulen. Gjennom å møte opp på skulen eller løyse oppgåver, genererte appen poeng som kunne vekslast inn ulike gode. Men dei såg også andre bruksområder for appen. Seinare vart difor appen retta mot eit breiare publikum og knytt til oppmøte i eige by- eller bygdesentrum.

Dei to studentane vann fleire prisar og hausta etter kvar økonomisk støtte for å vidareutvikle prosjektet. Mellom anna fekk dei 1 million kroner frå Forskningsrådets stipendordning som blir gitt til dei beste gründeridéane frå masterstudentar.

– Vi fekk veldig god hjelp frå Mohnsenteret i søknadsperioden, seier Michelle og Hana som ønskjer å rette ein takk senteret ved HVL.

– Etter kvart fekk vi også kontorplass ved VIS (Vestlandets Innovasjonsselskap AS) og god oppfølging der, fortel dei.

Dei unge entreprenørene etablerte selskapet Svippin AS. I 2019 blei appen Svippin lansert som pilot i samarbeid med Os sentrumsforening.

Appen viser brukarane kva som skjer, når det skjer og kor det skjer i eit virtuelt kart. Medan brukarane opplever byen eller bygda, tener dei poeng som seinare kan bytast inn i rabattar i ulike bedrifter.

Lanserer i Bergen - globale ambisjonar

– Vi ønskjer å gjere byane meir levande ved å spele på omgjevnadane og aktivere brukarane, forklarer dei.

Snart er det klart for lansering av versjon 2 av Svippin i Bergen.

– Planen vår er å gradvis lansere appen i andre byar i Norge og på sikt gå globalt.

 Nyleg prestenterte dei også Svippin for Springbrettet med Connect Vest. Her får lovande verksemder presentere konseptet sitt for eit panel frå næringslivet, og hjelp til å kvalitetssikre konseptet vidare. Dette kan potensielt opne fleire dører for gründarane.

Stor nytte av masteren ved HVL

Kva grunnlag gav så masteren som dei tok ved HVL for det dei gjer i dag?

– Masteren gav oss god innføring i generell markedsføring og økonomi for startup-bedrifter. Den var til stor nytte for å auke vår forståing av innovative verktøy og entreprenørskapsprosessar. Spesielt var det spennande å lære om ulike metodikker som til dømes Lean Startup, BMC- modellen og Design Thinking. Det var også veldig relevant å delta på Gründerskolen kor vi fikk jobbe i ei start up bedrift, avsluttar dei.