Frå fagbrev til bachelor

Thor Erling valde Y-vegen til ingeniørstudiet i Førde. Då kunne han ta realfaga han mangla parallelt med studiet.

Navn: Thor Erling Thorbjørnsen
Campus: Førde
Utdanning: Bachelor i elektroingeniør (spesialisering i automatisering med robotikk). 

– Eg har alltid hatt interesse for teknologi og fysikk, og likar å skape ting.

24-åringen frå Bergen har fagbrev som automatikar og studerer no automatisering med robotikk på campus Førde.

Sparte eit år

Sidan han gjekk yrkesfag på vidaregåande, mangla han nokre av realfaga han trengte for å komme inn på ingeniørstudiet. Dersom ein vel Y-veg, kan ein ta desse realfaga samtidig som studiet, og slik spare eit år.   

– Korleis er studiet lagt opp?

– Studiet er ein kombinasjon av teori og praktiske laboppgåver som er relevant for næringslivet vi skal ut i. På Campus Verftet har vi tilgang på ein avansert robotlab og  godt samarbeid mellom trinna og dei ulike ingeniørutdanningane her i Førde.

Bratt læringskurve

– Kva er det kjekkaste?

– Interessante fag med bratt læringskurve.

– Og kva er det mest krevjande?

– Mykje matte og høgt tempo i undervisninga.

Thor Erling stortrivst i Førde og seier dei får tett oppfølging av flinke lærarar.  

– Det beste med Førde er det nære og gode studentmiljøet ein får på mindre plassar der "alle kjenner alle". Førde byr også på kort veg til vill natur.

Tar du teknologiutdanning i Førde kan du også få relevant jobb mens du studerer.

Mange jobbmoglegheiter

Automasjonsstudiet er breitt, noko som gjer at jobbmoglegheitene blir mange.

– Når eg er ferdig med bacheloren ynskjer eg å lage noko! Gjerne heile vegen frå å velje ut hardware, til programmering og til slutt testing.

– Kven vil du anbefale dette studiet til?

– Til alle som har interesse for programmering, kombinert med teknologi og fysikk.  

Vi tilbyr elektroingeniør med spsialisering i automatisering med robotikk i Bergen, Førde og Haugesund. Y-veg har vi i Førde og Haugesund.