Lærer om alt som flyt på havet

Joel hadde eigentleg tenkt å bli lege, men gjorde heilomvending og begynte på martinteknikk ved HVL. Han har aldri sett seg tilbake!

Navn: Joel Turøy Midttveit
Kjem frå: Sotra
Utdanning: Bachelor i marinteknikk  
Campus: Bergen

- Når folk spør meg kva eg eigentleg held på med på studiet, så pleier eg å svare: Eg lærer om alt som flyt på havet: Skip, flytande havvind og bølgjer. Det pleier som regel å gjere susen, ler Joel.

Joel studerer marinteknikk på HVL og trivst godt på studiet.

- Det kjekkaste er å lære seg korleis dei maritime konstruksjonane faktisk fungerer. Det gjeld frå små til svært store skip og konstruksjonar. Det er også kjekt å besøke næringslivet og sjå kva prosjekt dei held på med. Førre semester var vi i Sløvåg og såg på flytande vindturbinar, noko som absolutt gav meirsmak.

Bedriftsbesøk i Sløvåg.

- Det mest krevjande med studiet er arbeidsbelastninga. Den er høg frå start. Det gir også gode moglegheiter for å få seg gode vener på studiet, då ein kjapt innser at ein ikkje klarer alt åleine.

Men trass i mange fag og mykje studiearbeid anbefaler han studiet i marinteknikk til andre:  

- Likar du realfag, ei utfordring og tanken på å kunne utvikle framtidas maritime energiløysingar, så kan dette vere studiet for deg!

Tar dykkarutdanning som valfag

Som valfag i bachelorutdanninga har Joel valt dykkaroperasjonar for ingeniørar. Dykkarutdanninga går ut på å planlegge og gjennomføre arbeid under vatn på ein sikker måte, sett frå eit ingeniørfagleg perspektiv.

- Eg lærte mykje om kva ein må tenkje på når vi sender ein dykkar under vatn. Stikkorda er kommunikasjon, samarbeid og sikkerheit. Er ein dykkar på for djupt vatn for lenge, kan ein få dykkarsykje. Då er det snakk om liv eller død om ein ikkje handlar raskt nok. Få ingeniørar har sjølve erfaring med arbeid under vatn, sjølv om mange prosjekt inneber dette. Det at høgskulen tilbyr denne erfaringa for oss ingeniørstudentar er veldig givande. Så er det jo også kjekt å gjere noko anna i tillegg til dei teoretiske faga.

Vil jobbe med havvind

Når ein som ferdig utdanna marinteknikkingeniør kjem ut i arbeidslivet vil typiske arbeidsoppgåver vere å gjere berekningar og analysar i utviklinga av nye skip, flytande konstruksjonar og forankringssystem. For Joel er draumen å kunne jobbe med flytande havvind.

-Å vere med å forme framtidas havvindløysingar verkar svært spennande. I tillegg har eg også ei interesse for modifikasjon og design av miljøvenlege skip. Det viktigaste for meg er likevel å få jobbe med engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø, då trur eg det meste kan løysast.  

Kan dette vere eit studium for deg? Les meir om bachelor i marinteknikk.