Nora flytta til Stord - fekk venner etter éin time

Nora Andreassen (23) frå Bergen valde å flytte til Stord for å studere. Den travle studenten sjonglerer no sjukepleiestudiet med studentaktivitetar og jobb.

Namn: Nora Andreassen
Kjem frå: Bergen
Utdanning: Bachelor i sjukepleie
Campus: Stord

- Eg har alltid hatt lyst til å jobbe med menneske og eg ser på sjukepleie som eit veldig givande yrke, seier Nora Andreassen, som går andre året sjukepleie på Stord.

Før ho søkte seg til Stord, hadde ho høyrd mykje positivt om studiestaden frå venner og kjende.

- I Bergen er det ein stor campus med store klassar, medan på Stord er det mindre, som gjer det enkelt å få nye venner og bli kjend på tvers av utdanningane, seier ho.

Blei godt teke imot

Då ho først kom til Stord for halvanna år sidan, var Nora heilt ny og kjende ingen.

- Det var litt skummelt og eg var redd for at eg ikkje skulle få meg venner. Men etter éin time hadde eg allereie fått venner, fortel ho.

Studentane blei delt inn i faddergrupper, der studentar på kulla over arrangerte aktivitetar for å ønskje dei nye studentane velkommen.

- Det var berre å møte opp og så gjekk resten av seg sjølv. Eg hadde veldig flinke fadrar, seier ho og legg til:
- Dei eg møtte i fadderveka er eg venner med enno.

- Lærarane ser deg

Nora synast det beste med å studere på campus Stord, er at det er små forhold og et godt studentliv.

- Lærarane er helt fantastiske - dei ser deg, kjenner deg igjen og seier hei når du går forbi. Studentlivet er veldig inkluderande, det skjer mykje og ein har gode mogelegheiter for å bli kjend med studentar på tvers av studium.

Nora er med i studentorganisasjonen Studentersamfundet, der ho er lyd- og lys-ansvarleg på konsertar og andre arrangement.

- Det er veldig kjekt. Ein får vere med på mykje, seier ho.

23-åringen bur i ein leilegheit like ved skulen, saman med sambuaren. Spesielt om sommaren set ho pris på den unike skulevegen til campus, i fin natur langs strandkanten.

Eit smil som varmar

I feriar jobbar Nora i heimesjukepleia og på sjukeheim i Bergen. Ho tek seg sjølv i å sakna jobben sin medan ho er på Stord, men synast det er greitt å ha tid til å fokusere på studiet.

- Det er så fint å jobbe der. Ein kjem inn til dei eldre og berre eit smil kan gjere heile dagen deira. Det er lite som skal til, og det betyr veldig mykje, seier ho.

Nora legg ikkje skjul på at sjukepleiestudiet kan vere krevjande, men at ein kan komme langt med motivasjon og logisk tenking. På studiet lærer ho alt det grunnleggande innanfor veldig mange ulike tema. Dei lærer mellom anna å sette PVK (perifere venekateter) og har ein simuleringsarena der dei kan gjere praktiske oppgåver. Arenaen er som eit sjukehus, og pasientane er dokker som kan snakke.

Etter at ho er ferdig med bachelorutdanninga i sjukepleie, kunne Nora tenke seg å ta en master. 

- Mange førehandsdømmer yrket, men eg vil oppmode til å ikkje høyre på andre. Prøv det og gjer opp din egen meining. Det er eit fint yrke der du kan jobbe mange ulike stadar. Du kan til dømes jobbe offshore eller som operasjonssjukepleiar, seier ho.

Draumen

- Kva ønskjer du å jobbe med når du er ferdig på studiet?

- Eg hadde ein lærar tidlegare, som var sjukepleiar og hadde jobba på ei prematuravdeling, det synast eg høyrdes ut som ein spennande jobb, eller å jobbe i eit akuttmottak, seier 23-åringen, som treivst godt med eit høgt tempo og travle dagar på jobb.

Sjukepleiestudiet består av 50 prosent praksis, og studentane er innom mange ulike praksisplassar. Så langt har Nora vore i praksis på interkommunal døgnavdeling og på legevakta. No håpar ho på enno mer spenning i dei kommande praksisperiodane.

- Eg vil verkeleg anbefale studiet. Eg har lærarar som verkeleg høyrer på studentane. Dei bygger oss opp og hjelper oss gjennom studia. Eit veldig godt støtteapparat, sier Nora.