Helse- og velferdstilbod Haugesund
Vi vil at studentane våre skal ha det godt og trivast i studietida. Studentsamskipnaden på Vestlandet tilbyr ulike tenester, som kan gjere det enklare å studere på ein god og effektiv måte.
Helse og rådgiving
Her er nokre tilbod til deg som er student i Haugesund:
- Studentrådgivar
- Fastlege
- Tannlege
- Psykolog
- Helsestasjon
- Helsefond
Les meir om dei ulike tilboda her.
Barnehage
Studentsamskipnaden eig og driv Studentbarnehagen i Haugesund som berre ligg 10 minutters gange frå campus. Les meir om barnehagetilbodet her.
Tilrettelegging i studiet
Har du ei funksjonsnedsetting, dysleksi, psykiske lidingar/vanskar eller andre utfordringar? Høgskulen kan hjelpe deg med ulike typar tilrettelegging for å gi deg ein best mogleg studiekvardag.
Eksamenskoden
Vi ønsker at du skal ha det bra som HVL-student, og at du skal lukkast med eksamen. Høgskulen og studentsamskipnaden har saman utvikla eit tiltak som skal hjelpe studentar med å mestre eksamen. Her kan du lese om #eksamenskoden.