Campus Stord sett frå lufta

Campus Stord

Velkommen til vår campus på Rommetveit! Her finn du praktisk info om campus og digital omvising.

Lurer du på noko?

Servicetorget kan hjelpe deg med det meste! Du finn oss innanfor inngong A.

Ope kvardagar kl. 09.00–13.00

Utanfor opningstid tar du kontakt via e-post eller sentralbord så får du hjelp. Chatboten vår MIME på hvl.no vil også kunne svare på mykje. Prøv gjerne!

Opningstider

Hovudinngangen er open måndag til fredag mellom klokka 07.45 og 17.00.

Alle andre dører treng du adgangskort for å opne.

Tilsette har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 06.00 og 23.00.

Studentar har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 07.00 og 23.00.

Klikk for informasjon om avvikande opningstider.

Finn fram på campus

I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.

Mazemap finn du også på denne nettsida.

Møteplass ved evakuering: Stord

  • Kunstgrasbanen
  • Børtveit skule

Studere

På campus Stord finn du undervisningsrom, bibliotek, læringssenter, arbeidsplassar med og utan datamaskiner, lesesalar, grupperom og laboratorium.

Studentkafeen, Global Lounge og vrimleområdene har gode sittegrupper og er også populære arbeidsplassar for studentane våre.

Leseplassar

Det er 14 studentarbeidsplassar/båsar i det åpne bibliotekområdet i 2.etasje. 4 plassar i rom BIB209a og BIB209b kan brukast til studentarbeidsplassar dersom ledig. Det samme gjeld BIB105.

I tillegg finn du 6 grupperom i andre og tredje etasje i undervisningsbygget og 2 grupperom i sjukepleiarbygget.

Ubrukte seminarrom og auditorier kan også brukast. Desse romma kan ikkje reserverast, men kan brukast fritt ved behov. Bruk TimeEdit for å få oversikt over ledige rom. Velg inngangen «Student» i TimeEdit.

Book grupperom

Namn på gruppe- og undervisningsrom

På campus Stord har bygga ulike namn og dei tre bokstavane før romnummeret indikerer kva bygg rommet er i.

  • SJU - Sjukepleiarbygget 
  • UND - Undervisningsbygget
  • BIB - Biblioteksbygget
  • FOR - Forming- og musikkbygget
  • OSA - Osahaugen
  • HOV - Hovudbygget (populært kalla Eidsvoll)

Bokskap og garderobeskap

Du finn bokskap i Sjukepleiarbygget, i 1. etasje ved Servicetorget.

Reglar for bruk:

  • Det er gratis å bruke bokskapa. Hengelås ordnar du med sjølv. Finn eit ledig skap og heng på hengelåsen din.
  • Ved slutten av kvart studieår før sommaren skal hengelåsen fjernast og skapet tømmast. Denne regelen gjeld sjølv om du skal fortsette som student til hausten. Dersom dette ikkje blir gjort, blir hengelåsen klipt opp og innhaldet fjerna i slutten av juni.

Sjukepleiarstudentar får tilgong til garderobeskap. Desse skapa finn du i 1. og 2. etasje i sjukepleiarbygget. Ta kontakt med din faglærar for tildeling av garderobeskap.

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Parkering og ladestasjon for bil

Det er gode, gratis parkeringsforhold på campus Stord.

Vi tilbyr også fleire ladestasjonar til bil, kor du kan lade mot betaling.

Når bilen er ferdiglada flyttar du bilen og gir rom for andre. Her finn du meir informasjon om parkering og ladestasjon.

Låne el-sykkel

Som student kan du låne ein av våre 2 el-syklar. Det gjer turen til butikkar, kino og sentrum, og til og med fjells, lett som ein lek.

Batteri og låsnøkkel hentar du i Servicetorget, hjelm må du ha sjølv. Sykkel skal settast på plass i sykkelstativet ved inngong B etter bruk. Batteri og nøkkel skal leverast i Servicetorget.  Reserver sykkel her.