Slik kjem du til oss på Stord

med fly:

Du kan reise med fly til Stord lufthamn (Sørstokken). Den ligg ca. 18 minuttar med bil frå Leirvik sentrum. Stord lufthamn er Sunnhordlandsregionen si lokale lufthamn.

Du kan reise med fly til Haugesund lufthavn (Helganes) på Karmøy. Derfra kan du ta flybuss eller drosje til Haugesund busstasjon Flotmyr, og Kystbussen vidare til Leirvik. 

Du kan også reise med fly til Bergen Lufthavn (Flesland) og ta flybussen til Bergen sentrum og Kystbussen til Leirvik. Det går også båt frå Flesland til Leirvik bårkai.

med buss:

Kystbussen går fleire gonger om dagen frå Bergen til Stavanger. Kystbussen stopper bl.a. ved Leirvik bussterminal. Det går lokalbuss (Skyss) frå Leirvik bussterminal til campus Stord.

med bil:

Stord ligg rundt 80 km sør for Bergen (E39) og rundt 130 km nord for Stavanger (E39). 

Vi har gode, gratis parkeringsmoglegheiter på campus. Sjå kor du kan parkere på campuskartet.

Campus Stord har 24 ladestasjonar til elbilistar, kor du kan lade gratis. Ladeløyve henter du i Servicetorget etter du har parkert. På ladeløyvet skriv du mobilnummeret ditt, slik at andre kan kontakte deg om naudsynt. Ladeløyve må ligge godt synleg i frontruta.

Det er 2 parkeringsplassar til funksjonshemma på parkeringsplassen kor ein samstundes kan lade elbil og 2 parkeringsplassar ved aulaen.

Kart over Sunnhordland og Nordrogaland med reiseruter