Parkering og ladestasjon på campus Stord

Vi har gode lade- og parkeringsforhold på campus Stord. 

På vårt kart over campus Stord kan du sjå kor du kan parkere. Ved lading, ver venleg å flytte bilen til ein parkeringsplass når du har lada det du treng, slik at andre slepp til.

Parkering

Parkering er gratis, men merk at feilparkering medfører borttauing på eiga si rekning.

Lading av bil

Campus Stord har 14 ladestasjonar der du kan lade mot betaling, ved bruk av Laddel si betalingsløysing.

Her finn du ladestasjonane på campus Stord

På den store parkeringsplassen (parkering I) bak sjukepleiarbygget finn du følgande TYPE II ladestasjonar:

  • 1 stk. reservert funksjonsnedsette (ta til høgre - køyr rett fram)
  • 11 stk. til bruk for alle (ta til venstre - køyr rett fram). Dei på blå merking ladar først, deretter dei på kvit merking på den andre sida.

I tillegg er det 2 stk. Type II ladestasjonar ved studenthuset Granheim.

Korleis ladar eg?

  1. Last ned Laddel appen og opprett ein brukar (bruk QR-koden på ladestasjonen)
  2. Registrer eit betalingskort
  3. Start lading - skriv koden på ladestasjonen i appen - trykk Start
  4. Avslutt lading - trykk Stopp i appen og frigjer ladekabel frå bil og ladestasjon.
  5. Kvittering - oversikt vil du finne under Historikk i appen.

Kva kostar det å lade?

Pris på lading er kr. 3,50 pr. per Kwh. Beløpet dekker nettleige og andre strømrelaterte utgifter. I tillegg tar Laddel ei administrasjonsavgift på 40 øre Kwh per lading.

Treng du hjelp til lading?

Ring Laddel sin døgnopne kundesupport - 380 04 090 - så vil dei kunne hjelpe deg.

Bubil

Campus Stord har 2 parkeringsplassar for bubil utan straum (parkering I). Ønskjer du å nytte desse sender du søknad til drift ved Harald Thuestad eller Nils Inge Hatlevik i god tid før du kjem til campus.

Funksjonsnedsetting

Ved Aula (parkering H) finn du to parkeringsplassar for dei med funksjonsnedsetting.

Treng du lade bilen din kan du bruke ladestasjonen reservert funksjonsnedsette på den store parkeringsplassen (parkering I). Ta til høgre og køyr rett fram.

Spørsmål om parkering på campus Stord?

ADU Stord hjelper deg gjerne. Ring 911 68 465eller 901 32 778 eller send e-post til Nils Inge Hatlevik eller Harald Thuestad

Kart over campus Stord

Eit teikna oversiktskart over campus Stord på Rommetveit.