Studiebyen Stord

Det er ikkje vanskeleg å føle seg heime på Stord. Her er du nær det meste, og ein del av eit tett og samansveisa studentmiljø. Med sjø på alle kantar, frodig natur, fjelltoppar og turstiar er Stord ein super plass for deg som er glad i flotte naturopplevingar.

Det bur omlag 19 000 menneske på øya Stord, og over halvparten av desse bur i regionsenteret Leirvik, som er eit knutepunkt for hurtigbåtsambandet til Stavanger, Haugesund, Bergen og Kvinnherad. Her ligg både kjøpesenter og ei rekke butikkar, kafear, restaurantar og uteplassar. I Kulturhuset finn du bibliotek, symjehall, kino og teaterscene.

På Stord finn du eit aktivt idrettsmiljø innan mange ulike idrettar, som handball, fotball, volleyball, friidrett, orientering, symjing, skøyter, turn og ski. Golfspelarar kan boltre seg på 9-hols bana som ligg kun to kilometer frå Leirvik sentrum.

Naturen på Stord er vakker og gir et glimrande utgangspunkt for mange gode turopplevingar. Ruslar du opp på den populære fjelltoppen Kattnakken, får du ei fantastisk utsikt frå Haugalandet i sør til Hardangerfjorden og Folgefonna i aust.

Stord har også eit rikt utval av strender, og du kan dra på båtturar eller fiske i sjø og ferskvann. Det finst ei rekke badeplassar og ei badestrand i Sponavikjo.

Les meir om studiebyen Stord og få oversikt over kulturarrangement i regionen på buisunnhordland.no, og meir om Sunnhordlandsregionen på visitsunnhordland.no.

Leirvik hamn