Andrespråkspedagogikk

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Andrespråkspedagogikk består av to 15-studiepoengsemne:

  1. Andrespråkspedagogikk 1
  2. Andrespråkspedagogikk 2 (fordjuping)

I studiet dekkast aktuelle tema som:

  • tospråklegheit og andrespråkslæring, mellomspråk og mellomspråkutvikling
  • fleirkulturell undervisning og skule
  • lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, grunnleggande ferdigheiter
  • norsk språk i komparativt perspektiv
  • arbeid med munnleg norsk og munnlege sjangrar når norsk er andrespråket
  • utvikling av ordtilfang og lesing av fagtekstar
  • litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester.Læringsplattforma er Canvas. Samlingane er lagt til Høgskulen på Vestlandet, Bergen og vil strekke seg over 2-3 dagar.

Timeplan

Samlinger for høst 2019 og vår 2020

Andrespråkspedagogikk 1, H19

Onsdag 28.8. (kl. 14.15 – 19.00), torsdag 29.8. (08.15 – 15.00), fredag 30.8. (08.15 – 15.00)

Onsdag 2.10. (kl. 14.15 – 19.00), torsdag 3.10. (08.15 – 15.00), fredag 4.10 (08.15 – 15.00)

Torsdag 21.11. (kl. 14.15 – 19.00), fredag 22.11. (08.15 – 15.00)

Andrespråkspedagogikk 2, V20

Torsdag 9.1. (kl. 14.15 – 19.00), fredag 10.1. (08.15 – 15.00)

Onsdag 4.3. (kl. 14.15 – 19.00), torsdag 5.3. (08.15 – 15.00), fredag 6.3. (08.15 – 15.00)

Torsdag 23.4. (kl. 14.15 – 19.00), fredag 24.4. (08.15 – 15.00)