Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.
Kvifor studere Andrespråkspedagogikk?
Andrespråkspedagogikk gir innsikt i korleis menneske lærer eit nytt språk og kva utfordringar dei kan møte undervegs. Dette gjer det enklare for deg som er lærar å tilpasse undervisninga for å møte individuelle behov.
Korleis er studien bygd opp?
Andrespråkspedagogikk består av to 15-studiepoengsemne:
- Andrespråkspedagogikk 1
- Andrespråkspedagogikk 2 (fordjuping)
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du lære om:
- Tospråklegheit og andrespråkslæring, mellomspråk og mellomspråkutvikling.
- Fleirkulturell undervisning og skule.
- Lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, grunnleggande ferdigheiter.
- Norsk språk i komparativt perspektiv.
- Arbeid med munnleg norsk og munnlege sjangrar når norsk er andrespråket.
- Utvikling av ordtilfang og lesing av fagtekstar.
- Litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket.
Målgruppe
Utdanninga passer for deg som arbeider som lærar i grunnskulen og har lærarutdanning.
Undervisningsform
Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester. Samlingane lagt til Høgskulen på Vestlandet i Bergen, og vil gå over 2-3 dagar.
Studiet er organisert som ei blanding av samlingar, sjølvstudium, arbeid i studiegruppe og arbeid på nettet.
Læringsplattforma er Canvas.
Samlingsdatoar
Haust 2024
Vår 2025
-
Uke 3:
13. januar 14.15–19.00
14. januar 08.15–15.00 -
Uke 10:
3. mars 14.15–19.00
4. mars 08.15–15.00
5. mars 08.15–15.00 -
Uke 18:
28. april 14.15–19.00
29. april 08.15–15.00
Tilrådd forkunnskap
Det er krav om at du må vere tilsett i ei lærarstilling.
Pensum
Du får informasjon om pensum ved studiestart.
Eksamensform
- Emne 1: Skoleeksamen, 6 timer.
- Emne 2: Heimeeksamen på 10 dagar