Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Universitetet i Bergen er ansvarleg for opptak til programmet. Du finn informasjon om opptakskrav på uib.no.
Kvifor studere programvareutvikling?
Studiet vil gi deg eit solid vitskapeleg grunnlag og praktiske kunnskapar innan programvareutvikling. Du vil få ferdigheiter innanfor moderne systemutviklingsmetodar og teknologi, og kunnskap om korleis desse kan anvendast innanfor ulike domene.
Masterprogrammet eignar seg særleg godt for deg som har dataingeniørutdanning eller ein bachelorgrad innan eit fagområde som informatikk eller informasjonsteknologi.
Studieprogrammet er ein fellesgrad med Universitetet i Bergen (UiB).
Programvareutvikling bruker idear og teknikkar frå informatikken til å løyse problem og utfordringar vi står overfor i verda i dag. Ein programvareutviklarar tar for seg område som:
- optimal yting i skya
- behandling av vitskaplege bildedata (t.d. frå medisinske eller geologiske instrument) i sanntid
- utviklinga i programmeringsspråka over tid
- optimalisering av digitale ressursar som fleirlagskart for best yting
- visualisering av fleirdimensjonale data for å gjere dei enklare å arbeide med og forstå
- utvikling av sikre databehandlingssystem som òg er etiske
Du vil fullføre studieprogrammet programvareutvikling med brei kunnskap om moderne programutviklingspraksis og om det delområdet du har skrive masteroppgåve. Du kan:
- utvikle, bygge og teste ganske store informasjonssystem
- forstå dei teoretiske, praktiske og etiske problemstillingane innanfor programvareutvikling og vitskapeleg forsking
- bruke kunnskapen på ulike område (t.d. byggeteknikk eller medisinsk bildebehandling)
- innovere og vidareutvikle programvareutviklingsfeltet
Kva kan du jobbe med?
Med ein grad i programvareutvikling er jobbutsiktene nesten grenselause. Alle sektorar treng fleire og fleire personar med programmeringskompetanse, så det er svært mykje opp til deg kva du gjer med den nye utdanninga.
Kandidatar frå dette programmet finn jobbar både i Noreg og i utlandet, i privat og offentleg sektor. Dei blir konsulentar, får seg ei stilling ved forskingsinstitutt, arbeider for den norske staten eller utviklar produkt for næringslivet. Nokre kandidatar held fram med doktorgrad, der dei ofte bygger vidare på arbeidet i masteroppgåva.
Arbeidsgivarar ser på programutviklingskandidatar som dedikerte, dyktige og godt førebudde på arbeidet med å løyse interessante utfordringar.
Korleis er undervisninga?
Masterprogrammet i programutvikling blir undervist som ein kombinasjon av PC-laboratoriearbeid, seminargrupper og førelesinger. Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag seks timar per veke. Sjølv om det berre er obligatorisk å delta i laboratoriearbeid, rår vi deg til å vere med på alle læringsaktivitetane for å få mest mogleg ut av studieprogrammet. Undervisninga i emnet er vanlegvis på engelsk, med mindre alle studentane snakkar godt nok norsk.
I det første semesteret finn du rettleiaren din og møter forskingsgruppa di. Det andre året av emnet vil du bruke til å planlegge, gjennomføre og skrive masteroppgåva di.
Utveksling
Det er lagt til rette for at du kan ta eit utvekslingsopphald i løpet av studietida. Oversikt over institusjonar vi har samarbeid med finn du i lista under.
Kor kan du reise?
Frankrike | Université Sorbonne Paris Nord
Italia | University of Turin
Polen | University of Warsaw
Spania | Autonomous University of Madrid
Spania | University of Extremadura (UEX)
Spania | University of Malaga
Spania | Polytechnic University of Valencia (UPV)
Tsjekkia | Czech Technical University in Prague
Tyskland | University of Applied Sciences Hannover
Tyskland | University of Applied Sciences Mittweida