Hopp til innhald

Studieplan - Lærarspesialistutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse 1, trinn 1 - 10

Hausten 2018

Studiet er et tilbod til lærarar som ønsker ein faglig karriere innan utvikling og rettleiing ved eigen skule knytt til Profesjonsfaglig digital kompetanse (PfDK). Studiet er på masternivå og kan gi innpass i ei seinare masterutdanning. Kandidaten skal gjennom studiet utvikle IKT-faglig didaktisk kunnskap og kompetanse for integrering av digitale læringsressursar og læremidlar i undervisning. Det IKT-didaktiske faginnhaldet er i hovudsak basert på nasjonal og internasjonal forsking, og erfaringsbasert kunnskap gjennom aksjonsforsking og -læring.

 Viktige tema: bruk av digitale læringsressursar i faga, digitale læringsressursar og grunnleggjande ferdigheter, dialogbasert undervisning, aksjonsforsking, -læring og rettleiing, koding og algoritmisk tankegang for utvikling av læringsressursar, og undervisningsplanlegging i digitale læringsmiljø

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har:

  • avansert kunnskap om omgrepet profesjonsfaglig digital kompetanse
  • inngåande kunnskap om relevante teoriar knytt til pedagogisk bruk av IKT
  • avansert kunnskap innanfor sentrale IKT-didaktiske prinsipp og i utvalde faglege tema
  • inngåande kunnskap om bruk, undervisningsplanlegging og rettleiing knytt til digitale læringsressursar i teknologitette læringsmiljø
  • inngåande kunnskap om nye digitale teknologiar og læringsressursar, og om bruk av desse i undervisning
  • inngåande kunnskap om sentrale vitskapelege metodar i IKT-didaktisk forsking

Ferdigheter

Kandidaten kan:

  • nytte didaktisk og pedagogisk kunnskap til å analysere faglege problemstillingar med integreringa av digitale læringsressursar
  • rettleie kollega i praktiske og teoretiske problemstillingar basert på relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
  • setje i gang og drive faglege og tverrfaglege IKT prosjekt
  • nytte og analysere mogelegheitene i nye digitale læringsressursar for hensiktsmessig og innovativ bruk i undervisninga
  • rettleie kollega i bruk av programvare for koding og algoritmisk tankegang i ein undervisnings- og lærings kontekst

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • arbeida vitskapleg, og ta ein ledande rolle for å identifisera, analysera og løysa utfordringar knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse
  • rettleie elevar i utvikling av ferdigheiter og forståelse i bruk av IKT som reiskap for skapande arbeid
  • kritisk reflektera over problemstillingar og analysere resultat knytt til samspelet mellom læring, skapande arbeid og IKT
  • formidle resultat frå empiriske undersøkingar knytt til skolen sin didaktiske bruk av digitale læringsressursar

oppdatera sin eigen praksis og rettleia kollega basert på forskingsbasert fagleg innsikt

Innhald

Studiet er nett- og samlingsbasert, og er sett saman av to 15 sp emne.

Studiet er del av lærarspesialistutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse på totalt 60 sp som tilbys i samarbeid med Universitetet i Sørøst-Norge. HVL skal ha semester 1 og 4, USN semester 2 og 3.

Arbeidsformer

Deltaking på to obligatoriske samlingar (á tre dagar) per semester.

Opplegget inneheld førelesingar, rettleiing, nettdiskusjonar, nettbaserte ressursar, øvingsoppgåver, arbeid med digitale og praksisbaserte oppgåver (individuelt og i grupper), studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg); respons på medstudentar si faglege bidrag;. Faglærarar og studentar samarbeider via læringsplattform (Canvas). Arbeidskrav vil inngå i arbeidet med emnet.

Vurderingsformer

Mappevurdering (individuelt og/eller i grupper)