Studieplan - Årsstudium i administrasjon og leiing
Hausten 2024
Studiet gir deg kunnskap og evner som blir krevd av leiarar i dagens arbeidsliv, med stort krav til omstilling og effektivitet. Studiet gir ei god forståing for utfordringar og moglegheiter innan leiande arbeid.
Årsstudium i administrasjon og leiing passar både for deg som ønsker å ta dei første skritta i retning av å bli leiar, og også for deg som allereie er leiar, men ønsker å formalisere arbeidserfaringa di.
Studiet er ei heilskapleg leiarutdanning som baserer seg på forsking og sentrale teoriar innan ulike fagområde. Gjennom studiet lærer du korleis du påverkar kvaliteten på arbeidet medarbeidarane gjer, og korleis du best bidrar til å styrke konkurransekrafta i eiga bedrift.
For deg som ønsker ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet vil årsstudiet kunne inngå som 60 av 180 studiepoeng i bachelorgraden.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten har etter fullført årsstudium kunnskap om:
teorier for korleis organisasjonar er bygd opp, korleis de fungerer og korleis ein bidrar til å vidareutvikle og omstille ein organisasjon
personalleiing og personalutvikling
problemstillinger knytta til psykologi i organisasjon og ledelse
korleis verksemder utøver sin aktivitet på ein etisk forsvarleg måte slik at dei ivaretar sine interessentar og samtidig fremmer FN sine berekraftsmål
har kunnskap om digitale arbeidsformer i organisasjoner
korleis marknaden fungerer, korleis konsumenter og produsenter gjer sine val og korleis desse vert påverka av omgjevnadene
sentrale tema innafor virksomhetsstrategi og tilhøyrande prosessar og strategiske avgjerder
Ferdigheiter
Studenten kan etter fullført årstudium:
identifisera, analysera og reflektere over problemstillinger innafor administrasjon og leiing både på individ, gruppe og organisasjonsnivå
kommunisere innhold i analyser, metodevalg, resultater og forutsetninger både muntlig og skriftlig
innhente, sortere og vurdere relevant informasjon og løyse praktiske problemstillingar innafor området administrasjon og leiing generelt og knytta til kvart av dei ulike emna i årstudiet spesielt
kan bidra til å integrere ansvarlighet og berekraftshensyn i verksemder si forretningsmodell og praksis
Generell kompetanse / General competency
Studenten har etter fullført årsstudium:
kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillinger inn organisasjon og ledelse
kan presentere sentrale ledelsesteorier, organisasjonsmessige problemstillinger og løsninger skriftlig
viser evne til ansvarlighet, kritisk tenkning og etisk refleksjon
Innhald
Studiet er eit fulltidsstudium. Nokon av emna kan vere baserte på samlingsbasert undervisning. For enkelte av emna kan delar av innhaldet vere digitalt presentert, men hovudvekta av undervisning og samlingar vil vere fysisk på campus Haugesund.
Studiet inkluderer ei brei samansetning av administrative fag som leiing, organisasjonsteori, marknadsføring og føretaksstrategi.
Arbeidsformer
Vi tilbyr forelesingar, diskusjonar og seminar på campus Haugesund. Studentene arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper.
Vurderingsformer
Ulike vurderingsformer i de enkelte emner. Se beskrivelsen av dei enkelte emne for en nøyaktig informasjon om kva type vurdering som er vald.
Internasjonalisering
Nei