Hopp til innhald

Studieplan - Aktiv omsorg - bevegelse, naturopplevingar og deltaking, vidareutdanning

Hausten 2022

Aktiv omsorg skal bidra til å fremje meistring, naturglede, kvardagsrehabilitering, sosial deltaking og helse. Studiet legg vekt på kunnskap om bevegelse, naturopplevingar og deltaking.

Føremålet med utdanninga er å i møtekomme behovet for auka kompetanse om folkehelse, bevegelse, naturoppleving og deltaking for å styrke helse, sosial fungering og livsmeistring.

Studiet passar for ulike yrkesgrupper i offentleg og privat sektor t.d. tilsette innan helse- og sosialomsorga, lærarar (barnehage/ grunnskule) og spesialisthelsetenesta.

Opptakskrav
Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, samfunnsfag, folkehelse, idrett, pedagogiske fag.
Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

har avansert kunnskap om og erfaring med bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving.

har inngåande kunnskap om relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid.

Ferdigheiter:
Studenten...

kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i kva eit aktivt liv har å seie for livskvalitet og helse.

kan analysere teoriar og metodar innan bevegelse og naturopplevingar, og arbeide sjølvstendig med å planleggje og setje i verk tiltak/prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking.

Generell kompetanse:
Studenten...

kan anvende fagleg kunnskap, ferdigheiter og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid innan området som grunnlag for val for tiltak.

Innhald

Aktiv omsorg; bevegelse, naturopplevingar og deltaking arbeid er ei vidareutdanning på 30 (15+15) studiepoeng. Den er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng: MT 500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar og MT501 Fysisk aktive deltakarar. Kvart emne har tre samlingar à fire dagar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.

Dei to emna kan saman, eller kvar for seg gå inn som valfrie emne i mastergradsstudiane; Samhandling og folkehelse og Sosialvitenskap- fleksibel ved HVL og Meistring og myndiggjering, Høgskulen i Volda.

Arbeidsformer

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, aktivitetar og mindre ekskursjonar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. I tillegg skal studenten gjere arbeidsoppgåver mellom samlingane. Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem.

Vurderingsformer

Vidarautdanninga nyttar vurderingsformene: heimeeksamen og oppgåve/ prosjektrapport.

Vurderingsuttrykk som nyttast er gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Krav til studieprogresjon

Ingen