Hopp til innhald

Studieplan - Aktiv omsorg - bevegelse, naturopplevingar og deltaking, vidareutdanning

Hausten 2023

I vidareutdanninga Aktiv omsorg lærer du å ta i bruk fysisk aktivitet og nærfriluftsliv for å fremme helse og livskvalitet for menneske med ulike utfordringar og behov.

Studiet legg vekt på tverrfagleg erfaringsdeling og vekslar mellom teori og praktisk undervisning, der planlegging og gjennomføring av eige prosjekt inngår.

Sentrale kunnskapsområde er folkehelse, naturopplevingar, salutogenese, rehabilitering, motivasjon og mestring. Vidare er det fokus på samanheng mellom belastning, helse, kroppserfaring og bevegelse, samt sosial deltaking.

Studiet passar for yrkesgrupper i offentleg og privat sektor, til dømes innan helse- og sosialomsorg, skule- og oppvekst og spesialisthelseteneste.

Vi tek atterhald om at nok studentar må søke for at studiet skal starte opp.

Opptakskrav

Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, samfunnsfag, folkehelse, idrett, pedagogiske fag.
Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har avansert kunnskap om fysisk aktivitet, bevegelse og nærfriluftsliv som helsefremmande faktorar
  • har inngåande kunnskap om relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid i helsefremmande arbeid

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i kva eit aktivt liv har å seie for livskvalitet og helse.
  • kan analysere teoriar og metodar innan bevegelse, aktivitet og naturopplevingar som grunnlag for eiga yrkesutøving
  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan anvende fagleg kunnskap, ferdigheiter og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid innan området som grunnlag for val av tiltak

Innhald

Aktiv omsorg; bevegelse, naturopplevingar og deltaking arbeid er ei vidareutdanning på 30 (15+15) studiepoeng. 

Den er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng: MT 500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar som aktiv omsorg og MT501 Fysisk aktive deltakarar. Kvart emne har tre samlingar à tre-fire dagar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, samt ein kort digital dag mellom dei fysiske samlingane. 

Dei to emna kan saman, eller kvar for seg gå inn som valfrie emne i mastergradstudiane; Samhandling og folkehelse, Sosialvitenskap- fleksibel og Familieterapi og relasjonelt arbeid ved HVL, samt Helse- og sosialfag- meistring og myndiggjering, Høgskulen i Volda.

Arbeidsformer

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, aktivitetar og mindre ekskursjonar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. I tillegg skal studenten gjere arbeidsoppgåver mellom samlingane. 

Vurderingsformer

Vidarautdanninga nyttar vurderingsformene: heimeeksamen og oppgåve/ prosjektrapport.

Vurderingsuttrykk som nyttast er gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått. 

Krav til studieprogresjon

Ingen