Hopp til innhald

Studieplan - Akuttsjukepleie for eldre; Svikt i vitale funksjonar

Hausten 2020

Utdanninga er spesielt retta mot kommunehelsetenesta. Målet med vidareutdanninga er å styrke den kliniske vurderings- og handlingskompetansen. Etter avslutta utdanning skal sjukepleiaren få avansert kunnskap om sjukdom, helse og funksjonsvikt. Å avdekke sjukdom og sjukdomsutvikling tidleg og tilby koordinerte tenester til pasientar i alle aldrar med ulik funksjonsvikt og kronisk sjukdom er eit prioritert område. Somatisk sjukdom hjå personar med psykiske lidingar og rusproblematikk kan ha vore forsømt og skal vektleggast.

Vidareutdanninga skal vere med å betre helsehjelpa, spesielt til eldre pasientar med samansette/og eller kompliserte sjukdomsstilstandar, inkludert personar med psykiske lidingar og rusproblematikk.

Med denne kompetansen skal sjukepleiaren kunne setje i verk adekvate tiltak og/eller vurdere om anna kompetanse på hentast inn. For å ivareta kontinuitet og heilheitleg pasientforløp er koordinering av tenestene eit viktig område. Kompetansen som utdanninga gir, kan brukast både i spesialist og primærhelsetenesta, men utdanninga har særleg vekt på primærhelsetenesta. Utdanninga er relevant for sjukeheim, heimesjukepleie, legevakt, kommunale akuttsenger og akuttmottak.

Studiet er organisert som samlingsbasert deltidsstudie med 3-4 samlingar om hausten og 3-4 samlingar om våren. Mellom samlingane er det lagt opp til arbeid med arbeidskrav/studieoppgåver. Kommunikasjon mellom samlingane vil føregå på læringsverktøyet Canvas.

Læringsutbytte

Etter fullført vidareutdanning har studenten fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten…

  • har avansert kunnskap om akutt og kritisk sjukdom hjå eldre
  • har avansert kunnskap om førebygging og tidleg iverksetting av tiltak til akutt/kritisk sjuke
  • har avansert kunnskap om brukarmedverknad og samhandling med pasientar og pårørande.
  • har inngåande kunnskap om yrkesetikk
  • har inngåande kunnskap om samhandling med andre yrkesgrupper

 

Ferdigheiter

Studenten…

  • kan analysere kliniske- og monitorerte symptom for å iverksette adekvate tiltak eller innhente anna kompetanse
  • kan analysere etiske utfordringar i klinisk praksis som involverer eldre med svikt i vitale funksjonar
  • kan analysere patofysiologiske prosessar og sette i verk adekvate tiltak
  • kan oppdage somatisk sjukdom hjå pasientar med psykisk liding og rusmiddelavhengigheit
  • kan arbeide kunnskapsbasert og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar
  • kan koordinere pasientforløp for å ivareta pasientsikkerhet og kvalitet på tvers av tenestenivå

 

Generell kompetanse

Studenten…

  • har analytisk tilnærming til vidareutvikling av eigen kompetanse om eldre med alvorleg svikt i vitale funksjonar
  • kan samarbeide med helsefaglege profesjonar innafor eigen organisasjon og på tvers av tenestenivå
  • kan formidle faglege problemstillingar

Praksis

Aktuell hospiteringspraksis er ambulanse, akuttmottak, kommunale akuttdøgnplass og legevakt. Formålet med klinisk studie er å bli kjent med arbeidsoppgåver/arbeidsform til aktuelle samarbeidspartar og å betre samhandling/kommunikasjon om kritisk sjuke pasientar. Hospiteringspraksis kan gjennomførast vår eller haust. Skriftlig notat frå praksis maks 750 ord.

 

Omfang av praksis i studiet

 

Åtte dagar hospiteringspraksis (64 timar)

Arbeidsformer

Forelesning, simuleringstrening, ferdigheitstrening, gruppearbeid, studentframlegg, sjølvstudie

Vurderingsformer

Heimeeksamen haust og mappeeksamen vår