Hopp til innhald

Studieplan - Master i areal og eigedom

Hausten 2022

Mastergradsstudiet skal gi kunnskapar innan eit breitt spekter av eigedomsfag, juridiske fag og planleggingsfag. Undervisningstilbodet omfattar mellom anna fagområda arealplanlegging, eigedomsutvikling, areal- og eigedomsforvalting, arealadministrasjon, grunnerverv og jordskifte, samt tilhøyrande lovverk.

Læringsutbytte

Studieprogrammet skal utdanne kandidatar med ei heilskapleg forståing av arealadministrasjon med særleg vekt på arealutvikling og arealerverv. Studieprogrammet sine fordjupingar gir kandidatane spesialkompetanse innan ulike arealadministrative emne.

Studieprogrammet sin visjon er å utdanne kandidatar med gode kunnskapar om arealadministrative forhold slik at dei kan førebygge og løyse arealadministrative konfliktar.

Ein kandidat som har fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert innan kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

Kandidaten:

  • har særleg kunnskap om rettsreglane innan arealutvikling og arealerverv - samt forholdet mellom dei ulike rettsreglane.
  • har inngåande kunnskap om dei ulike omgrepa, teoriane og metodane som blir nytta innan arealutvikling og arealerverv.
  • har god nok innsikt i fordjupingane eigedom eller arealforvaltning til å kunne gjennomføre analysar av faglege problemstillingar - med utgangspunkt i faget si historie og faglege tradisjonar, samt i tråd med utviklinga av dei faglege tradisjonane.

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan analysere og bruke dei eksisterande teoriar og metodar innan arealutvikling og arealerverv for å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar/situasjonar.
  • kan kritisk drøfte ulike informasjonskjelder knytt till areal- og eigedomsfaglege problemstillingar, og greie ut om dette i tråd med vitskapelege metodar.
  • kan gjennomføre mindre forskings- og utviklingsarbeid på sjølvstendig grunnlag i tråd med vitskapelege metodar, samt større arbeid i samarbeid med andre studentar innanfor fordjupingane eigedom eller arealforvaltning.

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan formidle omfattande forskings- og utviklingsarbeid gjennom ein presis bruk av uttrykksformene innan arealutvikling og arealerverv.
  • kan kommunisere skriftleg og munnleg om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan areal- og eigedomsfag både med spesialistar og til allmenta.
  • kan kritisk reflektere over og analysere etiske spørsmål knytt til areal- og eigedomsfag.
  • kan nytte rettsreglar, teoriar og metodar innan arealutvikling og arealerverv, samt innan fordjupingane eigedom eller arealforvaltning på nye område, for å utføre avanserte arbeidsoppgåver.

Innhald

Mastergradsstudiet er 2-årig, og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tar ein normalt 30 studiepoeng ved ordinær studieprogresjon.

Studentane har i fyrste og andre semester alle fag felles. I tredje og fjerde semester vert studentane delt i fordjuping eigedom og fordjuping arealforvalting. Fjerde semester er sett av til å skrive mastergradsoppgåva på 30 studiepoeng (Det må vere avlagt minimum 80 studiepoeng, her under emnet MOA256 Vitskapsteori og metodar, før ein kan starte på MOA300 Mastergradsoppgåve).

Emna i fyrste og andre semester:

Masterstudiet i areal og eigedom har fleire emne som går på tvers av dei tradisjonelle fagdisiplinane. Emnet "Eigedom og arealadministrasjon" vil i like stor grad vere eit tradisjonelt juridisk emne som eit tradisjonelt eigedomsfag. I emnet "Stadsforståing og berekraftig utvikling" møter studentane arealplanfaget sine hovudutfordringar gjennom historiske døme, samt dei viktigaste temaa og teoriane som pregar dagens praksis. Når det gjeld emnet "Planrett" vil dette vere eit tradisjonelt juridisk emne der det arealplanfaglege er mindre framtredande. I andre semester vil ein i "Avtalerett, ekspropriasjonsrett og grunnerverv" ta utgangspunkt i det juridiske, men grunnerverv byggjer også på arealplanfaglege forutsetningar som vil bli behandla i emnet. Ut frå eit eigedomsfagleg perspektiv vil den faglege tyngda i emnet "Konflikt og konflikthandtering" vere meir samfunnsfagleg. Emnet må derimot sjåast i samanheng med "Avtalerett, ekspropriasjonsrett og grunnerverv" med omsyn til å utvikle komplementære ferdigheiter. Emnet vil også vere komplementært med omsyn til faga på fordjupingane. Det samfunnsfaglege perspektivet står også sentralt i emnet "Arealøkonomi". Den faglege progresjonen gjennom fyrste år i masterstudiet blir særleg tydeleg gjennom emnet arealøkonomi, som byggjer på djupnekunnskap om rettsreglane, omgrepa, teoriane og metodane frå dei andre emna. Denne djupnekunnskapen vil vere sentral når det skal gjennomførast strategiske vurderingar av rammevilkår for arealutvikling og arealforvalting, irekna å verdsetje både areal og fast eigedom under ulike areal- og eigedomsfaglege vilkår.

Fagfordjuping i tredje og fjerde semester:

Emna i tredje semester har ulik storleik og er tilpassa dei ulike fordjupingane. Emnet "Vitskapsteori og metodar» er felles for begge fordjupingane, og skal på inngåande vis gi studentane den nødvendige kompetansen til å skrive mastergradsoppgåva.

Fordjuping i eigedom:

Emna "Jordskifte og eigedom" og "Sivilprosess, skjønsprosess og jordskifteprosess" utfyller kvarandre og utgjer fordjupinga i eigedom. Denne fordjupinga kvalifiserer til mellom anna å arbeide med grunnerverv og jordskifte. Jordskifte og eigedom omfattar dei materielle sidene ved jordskifte, irekna mellom anna problem- og partsanalyse, verdsetting og planutforming. Sivilprosess, skjønsprosess og jordskifteprosess omfattar saksbehandlingsreglane innan tvistemål generelt, jordskifte, ekspropriasjon og grunnerverv. Det vert fokusert på alternativ løysning av konflikt om fast eigedom ved rettsmekling.

Fordjuping i arealforvalting:

Fordjuping i arealforvalting byggjer vidare på emnet "Stadsforståing og berekraftig utvikling" som studentane har hatt i fyrste semester. Studentane vil fyrst gjennomføre emnet "By- og tettstadsplanlegging". Dette skal gi studentane ein brei kompetanse innan fysisk planlegging, stadanalysar og urbane teoriar. Studentane vil vidare få fordjuping i emna "Stadsforming og infrastruktur" og "Estetikk, arkitektur og kulturmiljø". Samla skal dette gi studentane fagleg grunnlag for å styre planprosessar og utforme planar som grunnlag for å skape gode fysiske miljø.

Arbeidsformer

Gjennom studiet vil studentane møte ulike arbeids- og undervisingsformer tilpassa det enkelte emnet sitt krav til læringsutbytte. Undervisningsformene spenner frå dei tradisjonelle førelesingane, arbeidsgrupper, diskusjonar, synfaringar, feltkurs, rollespel, samt ulike former for individuell og gruppevis rettleiing. Dei ulike arbeidsformene varierer på same måte frå tradisjonelt sjølvstudium/kollokvieaktivitet, øvingsoppgåver, semesteroppgåver, refleksjonsnotat, casestudiar og presentasjonar.

Masteroppgåva skal skrivast i tråd med Rettleiar for masteroppgåver ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og ein Avtale om rettleiing for masterstudentar skal signerast.

Vurderingsformer

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne. Vurderingsformene tar utgangspunkt i emna sine krav til læringsutbytte og varierer frå tradisjonell skuleeksamen, heimeeksamen, munnleg eksamen, semesteroppgåver (individuelt eller gruppevis). Fleire av emna kombinerer dei ulike vurderingsformene. All vurdering gis som bokstavkarakterar.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisning alltid vere på engelsk.

Det er mogleg å studere ved ein samarbeidande utanlandsk utdanningsinstitusjon, høvesvis i 3. og 4. semester.