Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, automatisering med robotikk y-veg

Hausten 2022

Studieprogrammet skal utdanne ingeniørar med solid fagleg kompetanse for praktisk ingeniørarbeid, og som har eit godt teoretisk grunnlag for vidare studier i inn- eller utland. Studiets form skal utvikle gode samarbeidsformer og gi grunnlag for livslang læring.

Bachelorstudiet i automatisering med robotikk følger Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018.

Automatisering er ei studieretning under programområdet elektrofag, med emne som reguleringsteknikk, instrumentering, måleteknikk og robotikk. Disse omhandlar prosessar og bruk innan mekanikk og dynamikk, strøymingslære, termodynamikk og energi.

Automatiseringsingeniøren skal ha kunnskapar og ferdigheiter innanfor fagfeltet automatisering, slik at vedkommande blir etterspurt som fagperson innan det regionale, det nasjonale og det internasjonale næringslivet.

Automatiseringsingeniøren skal kunne designe og drive system for styring, regulering og overvaking av alle typer prosessar. Vidare skal automatiseringsingeniøren ha gode kunnskapar om reguleringsteknikk, robotikk, datanett, programutvikling og industrielle data- og styresystem.

Studieprogrammets satsningsområde er robotikk, instrumentering, regulering og databehandling i samband med hav- og landbaserte industrianlegg. Studieprogrammet satsar også på notidas meir moderne sektorar av næringslivet som har trong for automatiseringsingeniørar med gode IT-kunnskapar som industrielle system innan robotikk.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i ingeniørfag - automatiseringsteknikk med robotikk skal ha følgande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

  • Kandidaten har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verkty og metodar innanfor elektrofaget.
  • Kandidaten har kunnskap om elektriske og magnetiske felt, elektriske komponentar, kretsar og system. Vidare har kandidaten kunnskap som gir eit heilskapleg systemperspektiv innan elektrofaget generelt og spesielt innanfor stykkautomatisering, prosessautomatisering og robotikk.
  • Kandidaten har grunnleggande kunnskapar innan matematikk, naturvitskap - under det også elektromagnetisme - og relevante samfunns- og økonomiske fag og om korleis desse vert integrerte i elektrofagleg problemløysning.
  • Kandidaten kjenner til elektroteknologiens historie og utvikling og ingeniørens rolle i samfunnet.
    Kandidaten har kunnskap om samfunnsmessige, miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av elektrotekniske installasjonar og nettverksteknologiar.
  • Kandidaten kjenner til forskningsutfordringar, vitenskapeleg metodikk og arbeidsmåtar innan elektrofag generelt og automatisering spesielt.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan bruke og bearbeide kunnskapen sin for å identifisere, formulere, spesifisere, planlegge og løyse tekniske oppgåver på ein systematisk måte.
  • Kandidaten kan bruke faglig relevant programvare og har brei ingeniørfaglig kompetanse om digitale verkty inkludert programmeringskompetanse. Kandidaten kan arbeide i relevante laboratorium og beherskar metodar og verkty som grunnlag for målretta og innovativt arbeid. Kandidaten kan arbeide med relevante problemstillingar samt beherske aktuelle metodar innan fagområdet, slik som design og implementering av stykkautomatisering, prosessautomatisering og robotikk.
  • Kandidaten beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevant utstyr, instrument og programvare for å kunne arbeide strukturert og målretta.
    Kandidaten kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ingeniørfaglege prosjekt.
  • Kandidaten kan finne og forhalde seg kritisk til relevant informasjon, bruke og vise til fagstoff slik at det belyser ein problemstilling, både skriftleg og munnleg.
  • Kandidaten kan bidra med nytenkning, innovasjon og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og løysingar.
  • Kandidaten kan bidra med kvalitetssikring ved utvikling av produkt, system og løysingar, samt utarbeide og analysere helse-, miljø-, og sikkerheitstiltak for disse.

Generell kompetanse

  • Kandidaten er bevisst miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av teknologiske produkt og løysningar, og evnar å sjå desse både i eit lokalt og globalt livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan bidra i samfunnsdebatt for å synliggjere teknologiens betydning og konsekvensar i samfunnet.
  • Kandidaten kan formidle elektrofagleg informasjon knytt til teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
  • Kandidaten har eit bevisst forhold til eigne kunnskapar og ferdigheiter og respekt for andre fagområde og fagpersonar.
  • Kandidaten kan bidra i tverrfaglig arbeid og kan tilpasse eigen fagleg verksemd til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan delta aktivt i faglege diskusjonar og evnar å dele kunnskapane sine og erfaringane sine med andre og bidra til utvikling av god praksis.
  • Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin, både gjennom litteratursøk, kontakt med fagmiljø, brukarar, kundar og andre interessentar samt gjennom praksis.
  • Kandidaten kan identifisere sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datasikkerheitsaspekt i produkt og system som brukar IKT.

Innhald

Sentrale tema i studieprogrammet er:
- Grunnleggande elektrofag
- Automatiserte styresystem
- Robotikk
- Reguleringsteknikk
- Instrumentering og måleteknikk
- Industrielle datasystem og datanettverk
- Bruk av mikrokontrollarar

Matematikk, fysikk, kjemi og statistikk er viktige fundament for ingeniøremna. I utdanninga er 7,5 studiepoeng i fysikk integrert i dei obligatoriske, tekniske emna. Studentar som planlegg å gå vidare til ei masterutdanning med sivilingeniør-krav må velje MAT301 Fleirdimensjonal analyse for å dekke kravet om 25 studiepoeng i matematikk i bachelorutdanninga. Valemnet ING271 Bøljefysikk og termodynamikk er óg relevant for dei fleste siv.ing.-programma.

Ingeniørutdanninga er treårig og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tek studenten normalt 3 til 4 emne, som samla utgjer 30 studiepoeng.

Valemna ligg i siste halvdel av studiet. Vi tek atterhald for oppstart av spesifikke valemne ut frå talet på påmelde studentar og bemanningssituasjonen ved instituttet til ei kvar tid.

For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna bygger på kvarandre.

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet.

Matematikken vert gjennomført som eit sommarkurs i forkant av første semester, saman med studentane som går TRESS. Fysikken vert gjennomført som eit kurs i første semester.
Kommunikasjon og norsk vert gjennomført som eit kurs over første og andre semester.

Oppgraderingskursa gir ikkje studiepoeng, men eksamenane i desse må vere stått for å holde fram på studiet, sjå krav til studieprogresjon. Studentene på Y-veg får fritak for 10 studiepoeng i første semester, slik at dei tek 20 studiepoeng pluss fysikk og kommunikasjon og norsk.

Arbeidsformer

Teoriundervisning skjer stort sett klassevis.
I tillegg til teoriførelesningar, har dei fleste faga innslag av rekneøvingar, simuleringar og laboratoriearbeid.
Emna har obligatoriske arbeidskrav.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking på laboratorieøvingane.

Alle studentar må ha eigen berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.

Vurderingsformer

Det vert nytta karakterar etter ein skala frå A til F, der A er beste karakter. Det vert krevd E eller betre for at emnet skal vere stått. Nokre fag har karakter stått/ikkje stått.
Vurderinga kan vere munnleg, munnleg/praktisk eller skriftleg og kan kombinerast med semesteroppgåver.

Krav til studieprogresjon

Det er gitt vilkår for å få starte på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneplan for bacheloroppgåva.

For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna bygger på kvarandre utover i studiet.

Følgande progresjonskrav gjelder for studentar på Y-veg:

1. Sommarkurset i matematikk (matematikk forkurs) må vere stått innan 1. september, for å gå vidare til første semester i ingeniørstudiet.

2. Fysikk må vere stått innan 1. februar, for å gå vidare til andre semester i ingeniørstudiet.

3. Kommunikasjon og norsk må vere stått innan utløpet av vårsemesteret, for å gå vidare til andre studieår i ingeniørstudiet.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk og læringsmateriellet vil i stor grad vere på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisning alltid vere på engelsk.

Det er lagt til rette for å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter.