Studieplan - Bachelor i Maritime Management
Hausten 2019
Bachelor i maritim management er tilrettelagt som et felles, helhetlig og næringslivstilpasset bachelorprogram. Programmet er spesielt tilpasset kandidater med utdanning fra maritim teknisk fagskole med fordypning dekksoffiser eller maskinoffiser. Bachelorprogrammet tilbys på deltid, for å legge til rette for at det kan tas parallelt med arbeid på sjøen eller i landbasert maritim næring.
Læringsutbytte
KUNNSKAP:
Kandidaten
- Har brei kunnskap om maritim IT og ulike grader av automatisering
- Har brei kunnskap om systema om bord, deira styrker og manglar, og utfordringar knytt til IT-tryggleik
- Har brei kunnskap om maritim økonomi og logistikk
- Har brei kunnskap om risikostyring og kvalitetsleiing
- Har brei kunnskap om organisasjon og leiing, inkludert prosjektleiing
- Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan maritim management
- Er kjent med forskings- og utviklingsarbeid knytt til maritim management
- Kan oppdatera kunnskapen sin innan fagområdet, mellom anna gjennom litteratursøk, kontakt med ulike fagmiljø og revisjon av eigen praksis
- Har eit heilskapleg perspektiv på maritim management, og kjennskap til den maritime næringa si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- Har grunnleggjande kunnskap om innovasjonsprosessar som medverkar til utvikling av maritim næring
FERDIGHEITER:
Kandidaten
- Kan sjå dei ulike fagområda under maritim management i samanheng, og kan på denne måten nytta kunnskap, ferdigheiter og kompetanse frå fleire områder på ei problemstilling
- Kan gjere nytte av teknisk IT-kompetanse til å medverke til å sikra ulike system
- Forstår dei ulike systema om bord, deira styrker og manglar, og kjenner til utfordringar knytt til IT-tryggleik
- Kan leie eit prosjekt og nå målsettingane for prosjektet i tråd med budsjettramma
- Forstår oppbygginga av organisasjonar, og kan nytta relevante organisasjons-, motivasjons- og leiingsverktøy
- Kan nytta fagleg kunnskap frå maritim management og grunnlagsfag, eigne erfaringar og relevante resultat frå forsking og utvikling, på praktiske og teoretiske problemstillingar og ta grunngjevne val
- Kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og leggje dette fram på ein måte som synleggjer ei problemstilling knytt til maritim management
- Kan nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer frå maritim næring
GENERELL KOMPETANSE:
Kandidaten
- Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan tema som maritim IT, organisasjon og leiing, prosjektleiing, risikostyring og kvalitetsleiing
- Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar til ulike målgrupper både på engelsk og norsk
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn frå fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i det maritime fagfeltet
- Har utvikla eit grunnlag for utvikling av analytisk evne og vilje, og tileigna eg teoretisk kunnskap til å fortsetje med studiar på masternivå i inn- og utland
Sjå emneskildringane for utfyljande informasjon om emna som inngår i studieprogrammet
Vurderingsformer
Vurderingsformene ved maritim utdanning har to formål:
- Dei skal gi studentane tilbakemelding på kvar dei står fagleg og dermed leggje til rette for forbetring.
- Dei skal seia noko om studentane sitt læringsresultat.
Karakterskalaen utgjer bokstavkarakterane A-F eller bestått/ikkje bestått. Karakterane A-E viser at studenten har bestått kurset, og karakteren E indikerer at alle minimumskrav i STCW er dekka. Karakteren F angir stryk. Karakteren C reflekterar eit godt og solid fagleg resultat.
Internasjonalisering
Maritim utdanning gir moglegheiter for utveksling til utdanningsinstitusjonar i Europa innan EU-programma Sokrates/Erasmus og Leonardo da Vinci. Utvekslinga kan vera av ulik lengd og innhald. Høgskolen kan og tilby opphald ved samarbeidinstitusjonar i andre verdsdeler i løpet av studietida. Du kan lesa meir om HVL sitt utvekslingstilbod her: http://www.hsh.no/internasjonalisering.htm