Studieplan - Barnevern, bachelorstudium, Sogndal
Hausten 2020
Barnevernspedagogen sin spesielle kompetanse har fokus på barn og unge sin familiesituasjon og nærmiljø. Barnevernspedagogar arbeider med vilkår for utvikling hjå barn og unge som har det vanskeleg, og utdanninga kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver innan sosialarbeidarfeltet. Profesjonelt barnevernsfagleg arbeid skjer i hovedsak i direkte kontakt mellom brukaren og barnevernspedagogen. Barnevernspedagogar må kunne analysere sosiale problem ut frå ulike perspektiv og intervenere på ulike nivå. Barnevernspedagogar må kunne sakshandsaming, utøve fagleg skjønn, førebyggje, planleggje og iverksetje tiltak.
Felles innhaldsdel for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Bachelorstudia i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal har omlag 60 studiepoeng felles. Denne delen skal medverke til å danne sams haldningar og ferdigheiter, samt å gi forståing for felles referanseramme og for fleirfagleg samarbeid i yrkesutøvinga. Menneskerettane står sentralt i helse- og sosialfaga. Utdanningane har felles verdigrunnlag der prinsipp som respekt for mennesket sitt eigenverd og solidaritet med svakstilte grupper står sentralt.
Helse- og sosialfagutdanningane har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukarar og andre tenesteytarar. Tverrprofesjonell samarbeidslæring er gjennomgåande tema i alle tre utdanningane. Det vert etablert grupper frå dei tre profesjonsutdanningane som samarbeider om ulike oppgåver gjennom utdanninga.
Rammeplanar og lov om universiteter og høyskoler regulerer studieplanen.
Skikkavurdering
Studentar ved barnevern-, sosionom- og vernepleiarstudia er omfatta av Forskrift om skikkethet.
Praksis
Praksisopplæringa er ein sentral del av helse- og sosialarbeidarutdanningane. Praksisstudia skal medverke til at studentane aukar forståinga for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Omfanget og innhald i praksisstudia for dei tre utdanningane er gjort greie for i dei aktuelle emna. Praksisperioden i haustsemesteret på tredje studieåret er ein felles tverrfagleg prosjektpraksis i grupper. I forbindelse med praksis vert det arrangert for- og etterpraksisseminar samt rettleiarsamling, der alle rettleiarane vert invitert til høgskulen. Studentane kan pårekne flytting og ekstra økonomiske kostnader i forbindelse med praksis. Ein får refundert deler av ekstra bu- og reiseutgifter i henhold til høgskulen sitt reglement. Dersom studenten bur heime hjå familie får han/ho ikkje dekka buutgifter.
Politiattest
Det er krav om at studenten leverer politiattest ved oppstart av utdanninga. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga.
Læringsutbytte
Etter gjennomført studium har kandidaten:
Kunnskap:
- brei kunnskap om barnevernpedagogen sitt teorigrunnlag, si vitskaplege tenking og arbeidsområde
- kunnskap om og forståing for korleis samfunnsmessige strukturar/prosessar skapar og held vedlike sosiale problem
- kunnskap om juridiske spørsmål innan barnevernspedagogen sine arbeidsområde og kunne utarbeide skriftleg dokumentasjon innan fagområdet
- kunnskap om å arbeide med menneske med ulik realitetsoppfatning og ha evne til å arbeide i ein fleirkulturell kontekst
- kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor aktuelle fagområde
Etter gjennomført studium kan kandidaten:
Ferdigheiter:
- arbeide fagleg i barn og unge sine miljø, inkludert ulike institusjonar der barn og unge oppheld seg
- anvende fagleg kunnskap til å løyse konfliktar
- kommunisere og har evne til sjølvrefleksjon
- analysere sosiale problem og vurdere og iverksetje relevante tiltak i samarbeid med brukarar
- analysere ressursar hjå einskildpersonar og nærmiljø
- dokumentere faglege kunnskapar skriftleg frå alle emne i studiet og kunne skrive akademiske tekstar.
Generell kompetanse:
Etter gjennomført studium har/kan kandidaten:
- arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetnader, og handtere slike konfliktar med fokus på brukarane sine interesser
- oversikt over hjelpeapparatet og kunne samarbeide med andre yrkesgrupper og brukarar/klientar
- delta i fagleg utviklingsarbeid, ta i bruk nye arbeidsmåtar på grunnlag av forsking og annan fagleg innovasjon, og ha forståing for eiga personleg og fagleg utvikling
- medverke til at samfunnet, gjennom sosiale hjelpeordningar, førebyggjer sosiale problem og fremjar befolkninga si moglegheit til å meistre livsoppgåvene sine. Sosiale problem kan vere av materiell, personleg og relasjonell karakter.
- innsikt i eigne verdiar og haldningar og vise respekt for andre sine verdiar og livsform
- kunnskap om andre profesjonar og betydninga av tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
Innhald
Bachelorstudiet i barnevern byggjer på kunnskap frå pedagogikk, psykologi, juridiske og samfunnsfaglege emne. Det er eit mål å kunne integrere teori og kunnskap frå dei ulike faga. Utdanninga ved HVL er delt inn i 9 fleirfaglege emne, kvart med avsluttande eksamen. Studenten skal kunne dokumentere faglege kunnskapar skriftleg i alle emna. Enkelte emne er felles med bachelorstudia i sosionom og vernepleie.
Emna første året skal gi studentane eit innblikk i dei ulike faga sine tenkjesett og metodar, samt innblikk i arbeidsområdet til barnevernspedagogar. Det er ein praksisperiode på to veker i vårsemesteret, der studenten skal få innblikk i kvardagen som barn har i barnehage. I det andre året er fokus meir retta mot det anvendte aspektet i faga, og studentane skal trene seg i å knyte teori til praksis. Det er ein 16 vekers klientretta praksisperiode, tilsvarande 20 studiepoeng, i fjerde semester. I femte semester er det ein praksisperiode tilsvarande 15 studiepoeng. Denne praksisen er ein tverrfagleg prosjektpraksis saman med bachelorutdanningane i sosialt arbeid og vernepleie.
Tredje året er ei vidareføring av, og ei fordjupning i, faga frå dei to første åra, og dette året skal studenten også arbeide med ei bacheloroppgåve. Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret tredje året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.
Ein føreset at studentane tek med seg og kan anvende kunnskap frå tidlegare emne gjennom heile studieløpet.
Høgskulen skal mellom anna:
- leggje til rette for at studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og haldningar basert på det fremste innan forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap innan fagfeltet
- leggje til rette for forskningsbasert undervisning
- tilby eit læringsmiljø som fremjar studenten sine evner til kritisk refleksjon og fagleg engasjement, samt stimulerer til aktiv deltaking og personleg utvikling
- legge til rette for at studentane tileignar seg kunnskap om kjeldekritikk, kjeldebruk og informasjonsinnhenting
- vere i dialog med praksisfeltet, brukarorganisasjonar og forskarar innan fagområdet
- legge til rette for bruk av digitale læringsverktøy
Praksis
Praksisopplæringa er ein sentral del av helse- og sosialarbeidarutdanningane. Praksisstudia skal medverke til at studentane aukar forståinga si for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Barnevernpedagogstudentane skal ha 2 veker observasjonspraksis i barnehage første studieåret, 16 veker klientretta praksis vårsemesteret andre studieåret og 10 veker tverrfagleg prosjektpraksis i haustsemesteret på tredje studieår. Praksisperiodane inkluderer praksisførebuing og oppsummering ved høgskulen.
Arbeidsformer
Det vert nytta ulike undervisnings- og arbeidsformer i løpet av studiet: førelesingar, seminar, gruppeundervisning, oppgåveskriving, respons- og opponentgrupper, rollespel, ferdigheitstrening m/video, trening i munnleg og skriftleg framstilling, praksisstudium, veiledning og individuelt studium. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet.
Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike delane av studiet og skal gjere studentane i stand til å handtere dei ulike krava arbeidsfeltet stiller. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til både eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga. Studentane skal lære å skrive tekster innen ulike sjangre, både i høve til saksutgreiingar i offentleg forvaltning og akademisk. Dei skal gjennom skriflege oppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, samt strukturering og formidling av kunnskap.
Skriftlege oppgåver vert levert inn via det elektroniske læringssystemet Canvas. Oppgåvene vert kontrollerte for plagiering. Det vert arbeidd med å utvikle digitale læreformer og læreverktøy. Enkelte undervisningar kan verte strøyma og evt samordna med ein annan utdanningsinstitusjon.
For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.
Vurderingsformer
Det vert nytta ulike former for sluttvurdering: skriftlege arbeid, framlegging i gruppe, heimeeksamen, skriftleg eksamen, munnleg eksamen (individuelt og i gruppe) og vurdering av praksis.
Lovlege hjelpemiddel
Skriftleg skuleeksamen: Norges lover og/eller Lovsamling for helse- og sosialsektoren med kryssreferansar og understrekingar. Ordliste.
Munnleg eksamen: Lovsamling utdelt av høgskulen.
Karakterar
Greidd/ikkje greidd på godkjenning av praksis og bokstavkarakterar på dei andre emna. Sjå omtale av dei ulike emna.
Krav til studieprogresjon
Oppflyttingskrava vert gjort greie for i dei ulike emna
Internasjonalisering
Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret tredje studieåret ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet. Studenten kan og søkje om å ta emnet Global Knowledge, som inkluderer praksis i Zambia eller Sør Afrika, i staden for emnet praksis og praksisrefleksjon. Studentane som tek Global knowledge må ha praksis i barnevernfagleg arbeid i femte semester i staden for tverrprosfesjonell praksis. Sjå studiemodell som skisserer alternativt studieforløp.