Studieplan - Vidareutdanning i barne- og ungdomsarbeid
Hausten 2023
Vidareutdanning for barne- og ungdomsarbeidarar.
Innhald
Jobbar du i barnehage eller SFO og ønskjer å læra meir om korleis du kan bidra til god leik og inkluderande praksis i kvardagen? Gjennom dette studiet vil du auka din kompetanse på korleis støtte barn i barnehage og skole i deira leik og utvikling. Studiet inneheld emnet VIBU805 Vaksenrollen i eit inkluderande miljø i barnehage og SFO.
Arbeidsformer
Samlingar med nettøkter mellom samlingane.
Vurderingsformer
Individuell munnleg på inntil 30 minutt. Karakterskala A - F, der F tilsvarer ikkje bestått.
Internasjonalisering
Nei