Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor - barnehagelærarutdanning

Hausten 2024

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barns behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverdi.

Barnehagelærarutdanninga skal vere profesjonsretta, samfunnsretta og byggje på forskingsbasert kunnskap, og skal utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar. Utdanninga skal ta omsyn til barnehagen si rolle i barns oppvekstmiljø og barns allsidige utvikling. Utdanninga legg vekt på det auka mangfaldet i barnehagen og på kor viktig det er med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barna og andre instansar med ansvar for barns oppvekst.

Programplanen for bachelor i barnehagelærarutdanning byggjer på Forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning fastsett av Kunnskapsdepartementet 04.06.2012 (revidert 30.06.2023), Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning revidert 17.10.2018, lov om barnehagar fastsett av Kunnskapsdepartementet 17.06.2005, og nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring fastsett av Kunnskapsdepartementet 15.12.2011.

Generell informasjon

Studieplanen er eit sentralt informasjonsdokument for alle studentar som er tatt opp på barnehagelærarutdanninga, og studentane pliktar å gjere seg godt kjent med dokumentet. Vidare har studentane sjølv ansvar for å halde seg oppdatert på HVL sine nettsider, studentweb og læringsplattforma Canvas. Det blir òg forventa at studentane nyttar e-postadressa dei får som student.

Læringsutbytte

Etter fullført barnehagelærarutdanning skal kandidaten ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Denne kunnskapen skal ligge som grunnlag for pedagogisk arbeid i barnehagen og vidare kompetanseutvikling og utdanning på mastergradsnivå.

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om barnehagar i Norge, inkludert barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument
  • har brei kunnskap i pedagogikk og i barnehagen sine fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid og om barns leik og læringsprosessar
  • har brei kunnskap om barns danning, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssyns- og kulturelt mangfald
  • har brei kunnskap om barns språkutvikling, fleirspråklegheit, barns sosiale, fysiske og skapande utvikling og gryande digitale-, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter
  • har brei kunnskap om barn sine rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremmande og lærande barnehagemiljø
  • skal ha kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, inkludert kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
  • skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygge krenkelser og mobbing
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke faglegheita si og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring, og utvikling, og til å grunngi sine val
  • kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar
  • kan bruke si faglegheit til improvisasjon i leik, læring og formidling
  • kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner og ta omsyn til barns ulik bakgrunn og føresetnader
  • kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av mestring
  • kan bruke relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og med relevante eksterne instansar
  • kan identifisera særskilte behov hjå enkeltbarn, inkludert å identifisera teikn på vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfagleg og tverretatlege samarbeidspartnarar til barnets beste
  • kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille det slik at ein får fram ei problemstilling

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar særlig knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv
  • kan planlegge, leie, gjennomføre, analysere, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner og med utgangspunkt i forsking og erfarings-basert kunnskap
  • meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
  • har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor dei ulike fagområda i utdanninga og dele kunnskapane og erfaringane sine med andre

Innhald

Ved HVL er det tre campus som tilbyr barnehagelærarutdanning, alle med same studiemodell og studieplan. Barnehagelærarutdanninga er bygd opp av seks tverrfaglege kunnskapsområde, bacheloroppgåve og ei fordjuping. Kunnskapsområda er delvis overlappande med fagområda i rammeplanen for barnehagen og skal speile kvardagen i barnehagen. I HVL sin studiemodell er to av kunnskapsområda forsterka med 10 studiepoeng kvar; samfunnsfag, religion, livssyn og etikk (SRLE) og kunst, kultur og kreativitet (KKK). Alle kunnskapsområda i utdanninga skal vere profesjonsretta og forskingsbasert og ha høg relevans for barnehagelæraryrket og profesjonen.

Kunnskapsområda blir organisert og vurdert som integrerte einingar der praksis er integrert.

Pedagogikk og pedagogisk kunnskap er sentralt og samanbindande i utdanninga. Pedagogikk er tydeleg og har stor tyngde gjennom alle tre studieåra knytt til praksis, undervisning og felles profesjonsfaglege tema og periodar. Pedagogikkfaget har eit særlig ansvar for progresjon, profesjonsinnretting og praksistilknyting i utdanninga.

Gjennom heile studie vil desse tema i ulik grad vektleggjast:

  • Mangfald og likeverd
  • Urfolksperspektivet og samisk kultur
  • Barn med behov for særskilt omsorg og oppfølging
  • Barns livsmestring og helse
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse, inkludert digital dømmekraft
  • Berekraft

Utdanninga ved HVL har stor grad av fagleg bredde og gir studentane høve til fagleg spesialisering gjennom valbare emner av eit omfang på 45 studiepoeng i siste studieåret (bachelor- og fordjupingsemne).

Fordjupingsemna (30 sp) er knytt opp mot forskingsmiljø og fagmiljøet på den tilhøyrande campusen. Av den grunn vil det vere ulike fordjupingar på dei ulike campusane. Informasjon om fordjuping for tredje studieår kjem på nettsida til HVL, og val av fordjuping skjer i andre studieår. Det er mogleg med eit internasjonalt semester det 5. semesteret som erstatning for fordjupingsemnet.

Bacheloroppgåva (15 sp) er tematisk og fagleg knytt til studenten si valte fordjuping eller frå eit av kunnskapsområda, og skal vere relevant for barnehagelærarprofesjonen.

Oppbygging av barnehagelærarutdanning - Heiltid:

1. studieår

Barns utvikling, leik og læring 20 sp

Språk, tekst og matematikk 20 sp

Natur, helse og rørsle 20 sp

Praksis 40 dagar

2. studieår

Kunst, Kultur og kreativitet 30 sp

Samfunn, religion, livssyn og etikk 30 sp

Praksis 35 dagar

3. studieår

Bacheloroppgåve 15 sp

Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid 15 sp

Fordjupingsemne 30 sp

Praksis 25 dagar

Praksis

Vi viser til Retningsliner for praksisopplæring i barnehagelærarutdanninga. Det vert kravd at samtlege studentar sett seg nøye inn i desse dokumenta.

Praksisstudiet skal bidra til kontinuitet, samanheng og progresjon. Studenten skal utvikle seg frå å vere student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse. Å bli ein barnehagelærar med alle dei roller og ulike oppgåver det medfører, er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. I praksis skal studenten øvast i å reflektere over både korleis teori og praksis samspelar og kva for etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til sjølv å vere pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse. Det skal vere tydelege krav til gjennomføring av leiingsoppgåver i praksisperiodane, og i praksis ved HVL skal det vere leiardagar kvart år.

Forskrifta fastset at praksisstudiet skal omfatte minst 100 dagar. Fem av desse dagane skal ha fokus på overgang og samarbeid mellom barnehage, skule og sfo. Ved heiltidsstudium skal dei 100 dagane fordelast med 75 dagar på dei to første studieåra og 25 dagar på det tredje året. Førebuing og etterarbeid til praksis skal ikkje reknast inn i dei 100 dagane.

Det blir kravd 100 % deltaking i praksisstudiet for å bestå ein praksisperiode. Fråvere, uansett årsak, må takast igjen. Dette kan om nødvendig skje utanfor praksisperioden. Så langt det er råd skal studentane ha bli gitt høve til kontakt med praksisfeltet ut over det obligatoriske og ha ein praksislærer av same kjønn i løpet av studiet.

Studentar som vert vurdert til ikkje greidd i ein rettleia praksisperiode kan fullføre det påbegynte studieåret, men får deretter eit års opphald i ordinært studieløp. Ny praksisperiode blir gjennomført ved neste ordinære praksis, normalt neste studieår. Om praksis blir vurdert til greidd ved andre gong forsøk, kan studenten gjenoppta studiet. Dersom praksisperioden blir vurdert til ikkje greidd ved andre gong forsøk, må studiet avbrytast.

Utsett praksisperiode

Ved fødsel, militær verneplikt eller langvarig sjukdom kan studenten få forseinking i studieløpet. Studenten kan fullføre studieåret, men kan deretter ikkje gå vidare i studiet før praksisperioden er gjennomført og vurdert til bestått. Studenten gjennomfører utsett praksisopplæring når den vert arrangert for neste årskull.

Progresjonskrav

Praksisopplæringa i første studieår må vere greidd før studenten kan fortsette i andre studieår, og praksisopplæringa andre året må vere greidd før studenten kan fortsette til tredje året.

Praksisperiodane for studieåret er knytt til kunnskapsområda samla. Eiga tilrettelegging av praksisstudiet kan vere aktuelt for studentar som vel internasjonalt semester.

Progresjon i praksis

I dei enkelte kunnskapsområda er det innarbeidd læringsutbyttebeskrivingar i samsvar med modellen for progresjon i pedagogisk leiing og praksis. Modellen inneber tre hovudfokus for leiing gjennom dei tre studieåra. Meir informasjon om vurderingskriterier for praksis er å lese om i dei ulike emna.

Fokus i praksis første studieår: Leiing av seg sjølv og barna.

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber

Studenten skal ha tilsaman 3 leiardagar (minimum) i praksis første studieår.

Fokus i praksis andre studieår: Leiing av barn og medarbeidarar.

Studenten skal i løpet av andre studieår få gjere seg erfaringar med samarbeid med både føresette, personale og samarbeidspartnarar, leie aktivitet med barn og øve seg i å leie medarbeidarar i barnehagen. Dette inneber blant anna å utvikle eigen rettleiarkompetanse og å reflektere over rettleiinga sin plass i barnehagen. Studenten skal òg tileigne seg større forståing for barnehagen som læringsmiljø og danningsarena og barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som ein reflektert barnehagelærar og fagperson
  • leie og rettleie barnehagepersonalet i aktivitetar med barnegrupper og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer
  • reflektere over barnehagen som leike-, lærings- og danningsarena

Studenten skal ha tilsaman 5 leiardagar (minimum) i praksis andre studieår.

Fokus i praksis tredje studieår: Leiing av barn og barnehagen.

Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevisstheit. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som pedagogisk leiar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
  • auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
  • kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og tek i vare på leik

Studenten skal ha tilsaman 5 leiardagar (minimum) i praksis tredje studieår.

HVL og barnehagane er likeverdige læringsarenaer med eit felles ansvar for innhald, kvalitet, progresjon og vurdering i praksis. Avtale om praksisstudiet blir inngått mellom utdanningsinstitusjon og barnehageeigar. Partane skal etablere eit langsiktig og forpliktande samarbeid om praksisstudiet og innhaldet i utdanning. Det er utarbeidd utfyllande praksiskriterium på dei ulike campusane.

For meir informasjon om praksisavtale mellom HVL og barnehagar, sjå www.hvl.no.

Arbeidsformer

HVL har ansvar for at studentane møter varierte arbeids-, lærings- og vurderingsformer. Dei skal få praktisere både sjølvstendige arbeidsformer og samarbeid med andre. Gjennom studiet skal studentane få erfaringar med munnlege-, skriftlege- (bokmål og nynorsk) og samansette kommunikasjonsformer, der òg digitale verktøy inngår og bidrar til å fremme deira profesjonsfaglege digitale kompetanse. Oppgåver, vurderings- og dokumentasjonsformer skal integrere praktiske, didaktiske og teoretiske perspektiv for å oppnå heilskap, samanheng og relevans i utdanninga.

Studentane skal ha medansvar og medverknad i studiet. Eigenaktivitet og sjølvstendig innsats er nødvendig for å bli godt forberedt til samarbeid med barn, kollegar, foreldre og nærmiljøet både i studiet og i ein livslang læringsprosess. Studentane må ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium og arbeid i kollokviegrupper. Arbeids- og læringsformer studentane vil møte er bl.a.:

  • diskusjons- og refleksjonsoppgåver med munnleg presentasjon
  • seminar, gruppeøvingar og førelesingar
  • praktiske øvingar, verkstadarbeid og formidling
  • lesing, skriving og presentasjon av fagtekstar og bacheloroppgåve
  • observasjon
  • feltstudium og prosjektarbeid
  • rettleiing og sjølvstudium
  • praktisk arbeid i barnehage og/eller i naturen
  • ekskursjonar, overnattingsturar
  • Internett som kunnskapskjelde og kommunikasjonsmiddel
  • bruk av digitale verktøy og nettbasert læringsplattform
  • arbeid i grupper
  • rettleia praksis

Undervisninga har obligatoriske læringsaktivitetar forankra i emna sine læringutbytte. Krav om å vere til stades har sitt utgangspunkt i læringsutbytte for barnehagelærarutdanninga der læring blir utvikla gjennom samarbeid, utprøving og praktisk arbeid med medstudentar, barn og lærarar.

Det blir stilt eigne krav til frammøte for praksis.

Obligatoriske læringsaktivitetar

Studentane skal gjennomføre gitte læringsaktivitetar i dei ulike emna.

For å framstille seg til eksamen i eit emne, må studenten ha fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar. Tal på aktivitetane i eit emne er fastsett i emneplanen. Obligatoriske læringsaktivitetar vert vurdert til godkjend/ ikkje godkjend. Studenten har to forsøk på å få godkjent ein aktivitet dersom ikkje anna er nemnt i emneplanen.

Utdanninga føreset aktiv studentdeltaking og tydelege krav til studieinnsats. Studentane må rekne med å arbeide ca. 38 timar i veka med studia, inkludert obligatoriske læringsaktivitet, førelesingar, sjølvstudium og praksis.

Vurderingsformer

Vurdering er eit viktig element i profesjonskvalifiseringa og vert knytt til obligatoriske læringsaktivitetar, eksamen og praksisopplæring. Studentane skal kunne prøvast i forhold til forventa læringsutbytte.

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Studenten vil bli prøvd i både skriftlege, munnlege, digitale og praktiske vurderingsformer. Dei ulike vurderingsformene skal bidra til progresjon i utdanninga og ivareta studentar med ulik bakgrunn og ulike føresetninga og behov. Detaljerte beskrivingar av vurderingsformer går fram av den enkelte emneplanen.

Undervegsvurdering blir knytt til forventningar og mål gitt i emnet/kunnskapsområdet og er ein del av læreprosessen. Slike vurderingar kan vere munnlege og skriftlege, formelle og uformelle. Sluttvurdering måler og godkjenner oppnådd læringsutbytte og er knytt til eksamen og praksisopplæring.

Det er studentane sitt ansvar å gjere seg kjent med tidspunkt og eventuelle endringar for ulike eksamenar. Studenten er sjølv ansvarleg for å kontrollere at han eller ho er meldt opp til eksamen.

Skikkavurdering

Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket skal gå føre seg gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet. På grunn av utdanninga og profesjonen sin eigenart, er studentane si deltaking og aktivitet av grunnleggjande avgjersle gjennom heile studiet, og vil vere ein del av grunnlaget for løpande skikkavurdering (jmf. Forskrifta).

Særskilt skikkavurdering begynner ved at det blir levert tvilsmelding. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular og forskrift om skikkavurdering.

Krav til studieprogresjon

Normal progresjon for ein heltidsstudent er 60 studiepoeng per år.

HVL har følgjande progresjonskrav i studiet:

  • Studenten kan ikkje begynne på neste studieår før føregåande studieårs praksisperiode er bestått.
  • Studenten må ha bestått minimum 90 studiepoeng ved utgangen av andre studieår for å kunne begynne på tredje året.

Dei ulike fordjupingane kan ha eigne opptakskrav.

Studentar som ikkje tilfredsstiller studieprogresjonskrava får eit års opphald i ordinært studieløp for å ta opp manglande eksamenar/rettleia praksisopplæring.

Internasjonalisering

Internasjonal praksis i eit anna nordisk land kan erstatte ordinær praksis i fjerde semester (minimum 4 veker).

Studentane ved barnehagelærarutdanninga kan ta eit studieopphald (maks 30 sp.) i utlandet ved ein av våre partnarinstitusjonar, eller anna godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet i 5. semester. Studieopphaldet vil erstatte fordjupingsemnet.