Studieplan - Master i berekraftig energiteknologi (sivilingeniør)
Hausten 2022
Omstilling til eit energieffektivt nullutsleppssamfunn krev ein sikker og rimeleg tilgang til fornybar energi. Masterprogrammet i berekraftig energiteknologi utdannar sivilingeniørar med djupnekunnskapog ferdigheiter innan utvikling av berekraftige og miljøvennlege løysingar for hausting, konvertering og lagring av energi som også er økonomisk mogleg å gjennomføre. Dette skjer med utgangspunkt i Vestlandets moglegheiter til hausting av energi til havs og på land, og i samanheng med energibehovet i det grøne skiftet i alle sektorar, spesielt industri og skipsfart.
Opptakskrav
Relevant 3-årig ingeniørutdanning, eller tilsvarande utdanning som fyller krava i forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning. Snittkarakter på minimum C.
Vidare vert det stilt følgjande krav til fagleg innhald, utover minimumskrava i rammeplanen:
• Minst 25 studiepoeng i matematikk
• Minst 5 studiepoeng i statistikk
• Minst 7,5 studiepoeng i fysikk, kor 5 studiepoeng skal vere i termodynamikk/teknisk varmelære
• Minst 5 studiepoeng i fluidmekanikk
Dersom det er fleire søkarar til programmet enn det er plassar, vil søkarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.
Kandidatane har etter fullført utdanning rett til å nytte den beskytta tittelen sivilingeniør.
Læringsutbytte
Kandidaten skal ved avslutta studieprogram ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten …
- har avansert kunnskap om konstruksjon, materialar for og design av energisystem.
- har inngåande kunnskap om energikjelder, om teknologi for hausting og konvertering av energi og om ulike energiberarar med vekt på energieffektivitet og berekraftig bruk av energi.
- har djupnekunnskap innan eit utval av studieprogrammet sine valbare fordjupingar.
- kan analysere sentrale utfordringar og moglegheiter innan fagfeltet med eigna metodar og føreslå økonomisk og teknisk berekraftige løysingar.
- kan nytte og overføre kunnskap til nye tema og problemstillingar innan fagområdet, noko som gir grunnlag for kontinuerleg oppdatering og utviding av kompetansen innan berekraftig energiteknologi.
Ferdigheiter
Kandidaten …
- kan analysere problemstillingar og gjennomføre avanserte utrekningar, målingar og analysar relatert til energisystem og energiberarar.
- kan forhalda seg kritisk til data frå målingar og simuleringar, drøfta presisjon og trekka eigne konklusjonar basert på val og resultat.
- kan analysera relevante teoriar, metodar og tolkingar innanfor området energi og berekraft og samfunnsnytte.
- kan nytta relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar innan berekraftig energiteknologi på ein sjølvstendig måte
- kan gjennomføra eit avgrensa forskingsprosjekt innan eit tema relatert til berekraftig energiteknologi både sjølvstendig og med rettleiing, reflektert og i samsvar med forskingsetiske normer.
Generell kompetanse
Kandidaten …
- kan analysere miljømessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innanfor fagområdet sitt frå eit eit livsløpsperspektiv.
- kan anvende relevante uttrykk og omgrep for formidling av eige arbeid og eigne vurderingar med uttrykksformene til faget
- kan analysere problemstillingar og overføre kunnskap og evner til nye problemstillingar og utfordringar innan energi og berekraft, og dessutan visa respekt for verdiar som etikk, openheit og pålitelegheit i eige arbeid
- kan diskutere og formidle resultat og kunnskap om energiteknologi og kan bidra til å synleggjera tydinga og konsekvensane av teknologien til ulike målgrupper, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
- kan arbeida sjølvstendig og i grupper i ein tverrfagleg samanheng og reflektere over eiga fagleg utøving.
- har fagleg grunnlag for aktiv deltaking i nytenking og innovasjonsprosessar basert på inngåande kunnskap og ferdigheiter om berekraftig energiteknologi .
Innhald
Kunnskap om energisystem i eit berekraftsperspektiv er det sentrale temaet i masterprogrammet. Studentane vil få innsikt i eit breitt sett med verktøy og metodar, simuleringar, eksperimentelle oppgåver, prosjekt og rapportkrav.
Det første semesteret legg grunnlaget for studiet, og studentane får ei innføring i berekraftsanalysar, energiøkonomi, ulike energiformer og teknologi for å utnytte desse. Emnet vitskapsteori og metodar legg grunnlaget for ei felles forståing for arbeidet med prosjektoppgåver og rapportar gjennom heile studieprogrammet.
I andre semester vert design av energisystem knytt saman med anvendt berekraftsanalyse. I dette emnet skal studentane designe eit energisystem og gjennomføre ein berekraftsanalyse for den valde designen.
Masteroppgåva skal vere forankra i relevante problemstillingar frå samfunns- og næringsliv eller forskings- og utviklingsarbeid. Oppgåva kan vere eit samarbeid med ei bedrift eller ein offetleg etat, eller den kan inngå i institusjonen si satsing på forsking og utvikling. Studentane kan velje melllom å skrive masteroppgåve på enten 30 eller 50 studiepoeng. 30 studiepoengsoppgåve i fjerde semester er standardvegen i masterprogrammet.Gjennomføring av masteroppgåva skjer då i fjerde semseter.
Opsjonen med ei 50 studiepoengsoppgåve gir moglegheit for oppgåver som i sin natur er meir tidkrevjande, anten på grunn av ein lang datainnsamlingsperiode, konstruksjon eller gjennomføring av eit større eksperiment. Ved ei 50 studiepoengsoppgåve er ei arbeidsmengde tilsvarande 20 studiepoeng lagt inn i tredje semester, før oppgåva vert fullført i fjerde semester.
I semesteret før oppstart med masteroppgåva, tek alle studentane emnet Rettleia sjølvstudium på 10 studiepoeng. Målet med sjølvstudiet er eit forprosjekt til det planlagde masterprosjektet, til dømes ved å testa ein metode eller eit litteraturstudium.
I løpet av det første semesteret blir det eit fellesmøte for alle masterstudentane, følgd opp med individuell rettleiing. Vegen vidare i studiet blir då avklara for den enkelte student. Valemna blir valt etter avtale med rettleiar, for å sikre at fordjupinga støtter temaet i masteroppgåva.
Dei tilgjengelege valemna i 2. og 3. semester lèt seg grovt gruppere i to kategoriar. Den eine kategorien handlar generelt om energisystem, komponentane deira, oppbygging og tilknytta energiberarar. I kategorien inngår emna biodrivstoff og elektrofuels, spillvarmegjenveinning, elektrokjemi, marine framdriftssystem og teoretisk og numerisk forbrenning. Den andre kategorien er havenergi med emne som marine konstruksjonar, fornybar havenergi og hydrogenteknologi. Nokre av emna kan inngå i begge kategoriane, til dømes energiinformatikk, materiale for energiteknologi og CFD for energiteknologi. Teknoøkonomisk analyse inngår i læringsutbyttet i fleire av desse emna.
Nokre av valemna er på bachelornivå. Det maksimalt tillate med 15 studiepoeng frå bachelornivå i dette masterprogrammet.
Praksis
Ingen obligatorisk praksis.
Det er nokre gonger mogleg å vere utplassert i bedrifta eller institusjonen som er oppdragsgivar for masteroppgåva.
Arbeidsformer
Følgjande arbeidsformer vert brukt i løpet av studiet:
- Forelesningar
- Sjølvstudium
- Rekne-/dataøvingar
- Laboratorieøvingar
- Rettleiing (individuelt og i grupper)
- Prosjektarbeid (individuelt og i grupper)
- Gruppearbeid
- Diskusjonar
Arbeidsformene inneheld klassiske element som forelesningar, sjølvstudium, regne- og laboratorieøvingar, men med ein høg del av studentaktive arbeidsformer.
Medan emnet rettleia sjølvstudium og masteroppgåva er store individuelle oppgåver, er det mykje prosjektarbeid i dei andre emna. Laboratorieøvingane og ein del av prosjektoppgåvene skal gi studentane praktisk erfaring med komponentar i energisystem. Dataøvingar gir studentane erfaring i bruk av relevant programvare og programmering, medan studentane fordjupar og nyttar kunnskap frå forelesningar i rekneøvingar.
Vurderingsformer
Følgjande vurderingsformer vert brukt i løpet av studiet:
- Skriftleg skuleeksamen
- Heimeksamen
- Oppgåver
- Mappevurdering
- Munnleg eksamen
- Justerande munnleg eksamen
Dei fleste emna har kombinerte vurderingsformer med eit prosjektarbeid og deretter ein skriftleg eller munnleg eksamen. Eit par emne nyttar òg mappeeksamen med fleire skriftlege innleveringar i løpet av semesteret. Masteroppgåva er eit individuelt arbeid, medan gruppeoppgåver inngår som ein del av vurderinga i mange emne.
Internasjonalisering
Det er mogleg å studere ved ein samarbeidande utanlandsk utdanningsinstitusjon i løpet av mastergraden, eitt eller to semester. Masteroppgåva kan gjennomførast som ein del av eit utvekslingsopphald.