Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, berekraftig produksjon og sirkulærøkonomi
Hausten 2022
Når ingeniørar og teknologar skal jobbe framtidsretta og utvikle morgondagens løysingar er det vesentleg med kunnskap om berekraft og sirkulærøkonomi. Sirkulærøkonomi er eit viktig ingeniørfag. Produkt, materialar og ressursar skal haldast i kretsløpet og på den måten sirkulere i den globale ressursøkonomien. Nye forretningsmodellar må òg nyttast slik at ein kjem vekk frå sløyfa som er vanleg i dag med kjøp, bruk og kast. Berekraftig produksjon og sirkulærøkonomi gjev tverrfagleg kompetanse innan berekraft, teknologi og produksjon. Ein ingeniør med denne utdanninga kan bidra til å utvikle, tilpasse og innføre innovative og berekraftige løysingar i takt med skiftande tilhøve i og utanfor verksemda.
Studieprogrammet følgjer Forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018
Berekraftig produksjon og sirkulærøkonomi eit studieprogram under fagfeltet maskin.
Læringsutbytte
Ein student med fullført utdanning har følgjande samla læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten…
- har grunnleggande kunnskap om konstruksjon og/eller produksjon, materialar og kunnskap innan heilskapleg berekraftig system- og produktutvikling.
- har kunnskap innan sirkulærøkonomi og sirkulære prosessar
- har grunnleggande kunnskap i matematikk, naturvitskap og relevante samfunns- og økonomifag og korleis desse vert integrert i system- og produktutvikling, konstruksjon og produksjon.
- har kunnskap om ingeniørens rolle i samfunnet og relevant teknologihistorie. Har kunnskap om konsekvensar av utvikling og nytting av teknologi med tanke på berekraft og miljø.
- kjenner til forsking- og utviklingsarbeid, relevant metodikk og arbeidsmåte innan eige fagfelt.
- er i stand til å oppdatere eigen kunnskap innan fagfeltet.
Ferdigheiter
Kandidaten…
- kan nytte kunnskap i matematikk, fysikk, kjemi og teknologiske emne til å formulere, spesifisere, planlegge og løyse tekniske problem på ein godt grunngjeven og systematisk måte
- kan nytte utviklingsmetodikk, og kan nytte relevant programvare for modellering/simulering og kan praktisk få fram løysingar og system. Studenten vil og oppnå grunnleggjande programmeringsferdigheiter og god grunnleggjande digital kompetanse.
- kan identifisere, planlegge og gjennomføre prosjekt, eksperiment og simuleringar, samt analysere, tolke og nytte dei framkomne data, både sjølvstendig og i team.
- kan finne, vurdere og utnytte teknisk vitskap på ein kritisk måte innan sitt område, og presentere dette på ein slik måte at det set søkelys på ein problemstilling, både skriftleg og munnleg.
- kan gjennomføre levesyklus- og berekraftsanalysar samt ha tanke for innovasjon og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og eller løysingar.
Generell kompetanse
Kandidaten…
- har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan sitt fagområde og kan setje desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
- kan identifisere sikkerheits-, personverns- og datatryggleiksaspekt i produkt og system som nyttar IKT.
- kan formidle ingeniørfagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og kan bidra til å synleggjere teknologiens påverknadar og konsekvensar.
- kan reflektere over eigen fagleg utøving både i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse denne til den aktuelle arbeidssituasjon.
- kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å ta del i faglege diskusjonar innan fagområdet og dele sin kunnskap og erfaring med andre.
Innhald
Dette er eit variert studieprogram som legg vekt på tverrfagleg læring innan konstruksjon, design, produktutvikling og berekraft i tillegg til dei klassiske ingeniørfaga.
Faga i fyrste semester er felles for alle programma innan ingeniørfag i fagfeltet maskin. I fyrste semester inngår tre emne: Innføringsfag, statikk og fasthetslære, saman med matematikk 1. I andre semester inngår emne som gir ein programfagleg basis med statistikk, kjemi for ingeniør og matematikk 2. Her vil ein og få det fyrste emnet som gir ein teknisk spesialisering, sirkulærøkonomi. I tredje semester går ein i gong med meir teknisk spesialisering gjennom prosjektleiing, innføring i berekraftsanalysar, materialar og tilverking i tillegg til programfagleg basisfag i termodynamikk. I fjerde semester er det emna grøn kjemi, produktutvikling for berekraft saman med drift og vedlikehald. I femte semester vel du mellom å reise på utveksling eller å ta valemne ved HVL. Merk deg at nokre av valemna berre vert undervist dersom mange nok studentar vel emnet. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår. Utdanning avsluttar med ei bacheloroppgåve i sjette semester.
Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt som eit deltidsstudium.
Matematikk, fysikk, kjemi og statistikk er viktige fundament for ingeniøremna. Studentar som planlegg å gå vidare til ei masterutdanning med sivilingeniør-krav, må velje MAT301 Fleirdimensjonal analyse for å dekke kravet om 25 studiepoeng i matematikk i bachelorutdanninga.
Praksis
Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogeleg å ta eit valemne med praksisopphald i ei bedrift/verksemd. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår.
Arbeidsformer
Teoriundervisninga skjer i klasserom og auditorium. Førelesingar kan òg vera digitale, med både synkront og asynkront læringsinnhald. I tillegg til førelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium og problembasert læring, har emna innslag av rekneøvingar, laboratorieøvingar og semester- og prosjektoppgåver. I emne som har semester- og prosjektoppgåver, vil oppgåvene ofte verta vurderte i kombinasjon med munnleg eller skriftleg eksamen.
I skildringa av dei enkelte emna står det om emnet har obligatoriske læringsaktivitetar. Siktemålet med dei obligatoriske læringsaktivitetane er at studentane skal få ferdigheitstrening. Oppgåvene legg vekt på samspelet mellom teori og praktiske øvingar, og er eit sentralt verkemiddel for å innarbeide god arbeidsmetodikk. Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent før ein kan ta eksamen. Det er obligatorisk frammøte ved laboratorieøvingar, men vanlegvis ikkje ved førelesing. Ekskursjonar kan inngå i enkelte emne.
Alle studentar må ha eiga berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir informasjon om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.
Studiet er eit heiltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid. Undervisinga er primært mellom kl. 08:00 og 17:00, men undervising etter kl. 17.00 kan finne stad. Studenten må rekna med å nytta i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil bruka meir tid.
Vurderingsformer
Det er lagt opp til varierte vurderingsformer i dei ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan t.d. vera i form av skriftleg skuleeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer vert kombinert, t.d. skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det obligatoriske læringsaktivitetar som er oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vera godkjend for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet.
Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.
Krav til studieprogresjon
Det er særlege vilkår for å få starta på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneskildringa for bacheloroppgåva.
For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre utover i studiet.
Internasjonalisering
Undervisninga er i hovedsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk. Emne som og vert tilbode til utvekslingsstudentar vil ha undervisninga på engelsk.
Det er lagt til rette for å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter.
Det er spesielt lagt til rette for studentutveksling i 5. semester.
Studieprogrammet har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa og andre deler av verda, som Australia, USA og Canada.
Studentar som planlegg eit utanlandsopphald, bør ta kontakt i god tid (2 semester før utreise) for å få avklart fagleg førehandsgodkjenning.