Hopp til innhald

Studieplan - Barnehagelærarutdanning deltid

Hausten 2018

Barnehagelærarutdanning er ei treårig forskingsbasert, profesjonsretta og praksisnær utdanning. Ho bygger på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 04.06.2012, med merknadar og på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning.

Barnehagelærarutdanning kvalifiserer kandidaten for pedagogisk arbeid med barn i barnehagen.

Praksis

  • Det inngår 100 dagar praksis på heiltid i studiet, fordelt slik:
  • Første studieår: Emne 1. 25 dagar i haustsemesteret
  • Andre studieår: Emne 2. 15 dagar i haustsemesteret, 15 dagar i vårsemesteret. Fem av dagane i vårsemesteret er knytt til overgangen barnehage- skule.
  • Tredje studieår: Emne 3. 15 dagar i haustsemesteret og 15 dagar i vårsemesteret.
  • Fjerde studieår: 10 dagar i forbindelse med fagfordjuping og 5 fleksible dagar i haust- eller vårsemesteret.

Praksisstudiet skal vere rettleidd, variert og vurdert og inngå som integrert del i alle kunnskapsområde og fordjuping. Det er ikkje høve til å ha praksis i barnehage der ein sjølv arbeider eller har arbeidd.

Praksis er obligatorisk i sin heilskap, det vil seie at alle praksisdagane må vere gjennomførte. All praksis er knytt saman med fagstudia. For praksis knytt til kunnskapsområda er det nedfelt bestemte læringsmål i eit praksisemne kvart av dei tre studieåra. Læringsmål for praksisperioden knytt til fordjupingseininga er formelt integrert i læringsmåla for fordjupinga.

Det skal vere progresjon i praksisstudiet. Denne er synleggjort gjennom planane for dei tre praksisemna. Praksisstudiet er også knytt til emna i dei enkelte kunnskapsområda og fordjupingseininga.

Progresjon

I studiet ligg desse progresjonskrava:

  • Dei tre praksisperiodane med separat vurdering bygger på kvarandre. Det er ein føresetnad for å kunne ta til på andre praksisperiode at den første er bestått. Det er ein føresetnad for å kunne ta til på tredje praksisperiode at dei to første er bestått.
  • Det er ein føresetnad for å kunne begynne på nytt studieår at praksisemnet frå studieåret før er bestått.
  • For å kunne begynne på tredje studieår må studenten ha bestått emne 1 i minst tre av kunnskapsområda frå dei to første studieåra. To av desse må vere Barns utvikling, leik og læring, emne 1 og Samfunn, religion, livssyn og etikk, emne 1.

Deltidsstudentar kan søkje overføring til Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen, frå andre institusjonar under same rammeplan fjerde studieår. Det er ein føresetnad for slik overføring at dei har fullført 135 studiepoeng og minst 80 dagar praksis.

Arbeidsformer

Studiet er basert på to dagar heiltidsstudium på høgskulen utanom praksisperiodane. Desse er heiltidsstudium. Det blir lagt stor vekt på sjølvstendig arbeid ut over dei to dagane.

I undervisninga blir det brukt ein stor variasjon av arbeidsformer, som gruppearbeid, seminar, prosjektarbeid og tverrfagleg arbeid, framvisingar, forelesingar, kommentar til andre studentar sine oppgåver i gruppe eller på nett, diskusjonar, grupperettleiing, individuell rettleiing, og praksis i barnehagar.

Høgskolen legg vekt på utvikling av studentaktive arbeidsformer, og ventar at studentane engasjerer seg, tek del i undervisning og er aktive medskaparar av profesjonskunnskap, at dei er med på å utvikle studieprogrammet gjennom diskusjonar og evalueringar.

Kva som er obligatorisk vil gå fram av den enkelte emneplan og semesterplan. Studentar med stort fråvær i desse delane av studiet står i fare for ikkje å få godkjent emnet og vil normalt ikkje kunne følge vanleg studieprogresjon. Studentar med for stort fråvær kan bli pålagt ekstra arbeidskrav for å kunne melde seg opp til eksamen eller for å få avsluttande vurdering. Faglærar avgjer i kvart tilfelle når fråværet kan kompenserast med ekstra arbeidskrav.

Vurderingsformer

Vurderingsordningane inneheld vurdering av obligatorisk arbeid, forprøver o. l. som studentane må ha fullført med tilfredsstillande resultat for å kunne framstille seg til eksamen. Denne typen arbeid vert til vanleg vurderte av lærarane i emnet. Vurderingsordningane omfattar også ulike former for eksamen som gir grunnlag for avsluttande karakter i studieeiningane. I nokre tilfelle blir vurderinga gjort berre av intern sensor / sensorar. I andre tilfelle blir vurderinga gjort av to sensorar der minst ein av dei skal vere ekstern.

Karakterane vert fastsette slik:

  • Bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter. Nærare utgreiing om karakterskalaen finst her.
  • Karakterane Bestått / Ikkje bestått.

Vurdering i praksis
Praksis vert vurdert med karakterane Bestått / Ikkje bestått, og karakter vert gitt i kvart praksisemne. Praksiskarakteren vert fastsett i eit samarbeid mellom praksislærar, styrar profesjonsrettleiar og faglærarar. Det er praksislærar som har eit overordna ansvar for å setje praksiskarakteren. Dei ti dagane praksis i fordjupingseininga vert vurdert som ei forprøve.

Vurdering av om ein student er skikka som barnehagelærar
Ifølge universitets og høgskulelova, § 4-10, skal institusjonen vurdere om den enkelte studenten er skikka for læraryrket. Denne vurderinga er ei heilskapsvurdering som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader for å kunne fungere som barnehagelærar. Vurderinga skal gjerast gjennom heile studiet. Studentar som viser vanskar med å meistre læraryrket, må så tidleg som råd i studiet få vite korleis dei står i forhold til krava om å vere skikka som lærar. Departementet fastset forskrift med kriterium og framgangsmåtar for vurdering av om ein student er skikka som lærar. Du kan lese meir om dette her .

Vitnemål, karakterutskrift
Vitnemål om barnehagelærarutdanning omfattar alle studieeiningar som studenten har fullført, og er påført dei karakterane som er oppnådd. Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan få karakterutskrift frå eksamensprotokollen som viser dei emna dei har bestått.

Fritak og innpassing
Eksamen eller prøve som ikkje er avlagt som ein del av en barnehagelærarutdanning, kan gi grunnlag for fritak, jf. § 3-5 i lov om universiteter og høgskular. Utdanning som kan gi grunnlag for fritak, må innehalde pedagogikk og praksisopplæring og må vere fag/studium som har relevans for arbeidet som barnehagelærar, jf. § 1. Det kan gis fritak frå prøve i ei av målformene for studentar som ikkje har vurdering i begge målformer i norsk frå vidaregåande opplæring. Tilsvarande fritaksreglar gjeld for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring frå Noreg. Fritak skal førast på vitnemålet.

Organisering

Barnehagelærarutdanning deltid eit fireårig studium med 75 % arbeid kvart år. Omfanget av dei ulike emna er uttrykt i studiepoeng (sp). Studiepoeng er eit felles europeisk system (ECTS) som viser kor mykje studiearbeid som trengst for å nå målsettinga med eit studieprogram. Eitt studiepoeng er 27 studentarbeidstimar. Ei studieveke i deltidsutdanninga er på 30 studentarbeidstimar. Eit studieår for ein deltidsstudent er på 45 studiepoeng, som tilsvarer 1200 arbeidstimar.

Studiet er slik bygd opp:

Første studieår:

  • Barns utvikling, leik og læring, emne 1, 20 sp. Haust- og vårsemesteret
  • Natur, helse og rørsle, emne 1, 20 sp. Haust- og vårsemesteret
  • Språk, tekst og matematikk, emne 1, 5 av 20 sp, vårsemesteret.
  • Praksis, emne 1. Den pedagogiske relasjon - observasjon, samspel og barns leik og læring. Haustsemesteret

Andre studieår:

  • Språk, tekst og matematikk, emne 1, 15 av 20 sp. Haustsemesteret
  • Samfunn, religion, livssyn og etikk, emne 1, 20 sp. Haust- og vårsemesteret
  • Kunst, kultur og kreativitet ,emne 1, 10 av 20 sp, vårsemesteret
  • Praksis, emne 2. Den pedagogiske institusjon - leiing og rettleiing. Haust- og vårsemesteret

Tredje studieår:

  • Kunst, kultur og kreativitet ,emne 1 10 av 20 sp,, haustsemesteret
  • Samfunn, religion, livssyn og etikk, emne 2, 20sp. Haust- og vårsemesteret
  • Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, emne 1 15 sp Vårsemesteret
  • Praksis, emne 3. Den pedagogiske profesjon - leiing av endrings- og utviklingsarbeid. Haust- og vårsemesteret

Fjerde studieår:

  • Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, emne 2, (fordjupningseining), 30sp, Haustsemesteret og første del av vårsemesteret
  • Bacheloroppgåve, 15 sp. Vårsemesteret
  • Praksis, emne 4. Den pedagogiske profesjon - fordjupingspraksis. Haust- og vårsemesteret.

Studentane bygger bacheloroppgåva si tematisk på fordjupingseininga.. Til bacheloroppgåva blir det gitt inntil 8 timar rettleiing til kvar student.