Hopp til innhald

Studieplan - Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet

Hausten 2018

Barnehagelærarutdanning er ei treårig forskingsbasert, profesjonsretta og praksisnær utdanning. Ho bygger på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 04.06.2012, med merknadar og på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning.

Barnehagelærarutdanning kvalifiserer kandidaten for pedagogisk arbeid med barn i barnehagen.

Praksis

Det inngår 100 dagar praksis i studiet, fordelt slik:

Første studieår:

  • Emne 1. 15 dagar i haustsemesteret, 20 dagar i vårsemesteret

Andre studieår:

  • Emne 2. 20 dagar i haustsemesteret, 20 dagar i vårsemesteret. Fem av dagane i vårsemesteret er knytt til overgangen barnehage- skule.

Tredje studieår:

  • Praksis knytt til fordjupingseininga. 10 dagar i haustsemesteret.
  • Emne 3. 15 dagar i vårsemesteret

Praksisstudiet skal vere rettleidd, variert og vurdert og inngå som integrert del i alle kunnskapsområde og fordjuping. Praksis er obligatorisk i sin heilskap, det vil seie at alle praksisdagane må vere gjennomførte. All praksis er knytt saman med fagstudia. For praksis knytt til kunnskapsområda er det nedfelt bestemte læringsmål i eit praksisemne kvart av dei tre studieåra. Læringsmål for praksisperioden knytt til fordjupingseininga er formelt integrert i læringsmåla for den enkelte fordjupinga.
Det skal vere progresjon i praksisstudiet. Denne er synleggjort gjennom planane for dei tre praksisemna. Praksisstudiet er også knytt til emna i dei enkelte kunnskapsområda og fordjupingseiningane.

Progresjon

I studiet ligg desse progresjonskrava:

  • Dei tre praksisemna med separat vurdering bygger på kvarandre. Det er ein føresetnad for å kunne ta til på andre praksisemne at praksis første studieår er bestått. Det er ein føresetnad for å kunne ta til på tredje praksisemne at praksis andre studieår er bestått.
  • Det er ein føresetnad for å kunne begynne på nytt studieår at praksisemnet frå studieåret før er bestått.
  • Det er ein føresetnad for å kunne begynne på emne 2 i eit kunnskapsområde at emne 1 i området er bestått.
  • For å kunne begynne på tredje studieår, må studenten ha bestått emne 1 i minst tre av kunnskapsområda frå dei to første studieåra. To av desse må vere Barns utvikling, leik og læring, emne 1 og Språk, tekst og matematikk, emne 1.
  • For å kunne ta emne 3 i eit kunnskapsområde som fordjupingseining, må studenten ha bestått emne 1 og 2. Studentar med annan bakgrunn kan bli tatt opp til emne 3 etter konkret fagleg vurdering.
  • For å få overføring til Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen, tredje studieår, må ein student ha fullført dei to første studieåra av barnehagelærarutdanninga ved ein annan institusjon under same rammeplan.

Arbeidsformer

I undervisninga blir det brukt ein stor variasjon av arbeidsformer, som prosjektarbeid og tverrfagleg arbeid, framvisingar, gruppearbeid, seminar, forelesingar, kommentar til andre studentar sine oppgåver i gruppe eller på nett, diskusjonar, grupperettleiing, individuell rettleiing, sjølvstudium og praksis i barnehagar.

Høgskulen legg vekt på utvikling av studentaktive arbeidsformer, og ventar at studentane engasjerer seg, tek del i undervisning og er aktive medskaparar av profesjonskunnskap, at dei er med på å utvikle studieprogrammet gjennom diskusjonar og evalueringar.

Kva som er obligatorisk vil gå fram av den enkelte emneplan og semesterplan. Studentar med stort fråvære i desse delane av studiet står i fare for ikkje å få godkjent emnet og vil normalt ikkje kunne følge vanleg studieprogresjon. Studentar med for stort fråvære kan bli pålagt ekstra arbeidskrav for å kunne melde seg opp til eksamen eller for å få avsluttande vurdering. Faglærar avgjer i kvart tilfelle når fråværet kan kompenserast med ekstra arbeidskrav.

Vurderingsformer

Vurderingsordningane inneheld vurdering av obligatorisk arbeid, forprøver o. l. som studentane må ha fullført med tilfredsstillande resultat for å kunne framstille seg til eksamen. Denne typen arbeid vert til vanleg vurderte av lærarane i emnet. Vurderingsordningane omfattar også ulike former for eksamen som gir grunnlag for avsluttande karakter i studieeiningane. I nokre tilfelle blir vurderinga gjort berre av intern sensor / sensorar. I andre tilfelle blir vurderinga gjort av to sensorar der minst ein av dei skal vere ekstern.

Karakterane vert fastsette slik:

  • Bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter. Nærare utgreiing om karakterskalaen finst her .
  • Karakterane Bestått / Ikkje bestått.

Vurdering i praksis

Praksis vert vurdert med karakterane Bestått / Ikkje bestått, og karakter vert gitt i kvart praksisemne. Praksiskarakteren vert fastsett i eit samarbeid mellom praksislærar, styrar profesjonsrettleiar og faglærarar. Det er praksislærar som har eit overordna ansvar for å setje praksiskarakteren. Dei ti dagane praksis i fordjupingseininga vert vurdert som ei forprøve.

Vurdering av om ein student er skikka som barnehagelærar

Ifølge universitets- og høgskulelova, § 4-10, skal institusjonen vurdere om den enkelte studenten er skikka for læraryrket. Denne vurderinga er ei heilskapsvurdering som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader for å kunne fungere som barnehagelærar. Vurderinga skal gjerast gjennom heile studiet. Studentar som viser vanskar med å meistre læraryrket, må så tidleg som råd i studiet få vite korleis dei står i forhold til krava om å vere skikka som lærar. Departementet fastset forskrift med kriterium og framgangsmåtar for vurdering av om ein student er skikka som lærar. Du kan lese meir om dette her .

Vitnemål, karakterutskrift

Vitnemål om barnehagelærarutdanning omfattar alle studieeiningar som studenten har fullført, og er påført dei karakterane som er oppnådd. Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan få karakterutskrift frå eksamensprotokollen som viser dei emna dei har bestått.

Fritak og innpassing

Eksamen eller prøve som ikkje er avlagt som ein del av en barnehagelærarutdanning, kan gi grunnlag for fritak, jf. § 3-5 i lov om universiteter og høgskular. Utdanning som kan gi grunnlag for fritak, må innehalde pedagogikk og praksisopplæring og må vere fag/studium som har relevans for arbeidet som barnehagelærar, jf. § 1. Det kan gis fritak frå prøve i ei av målformene for studentar som ikkje har vurdering i begge målformer i norsk frå vidaregåande opplæring. Tilsvarande fritaksreglar gjeld for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring frå Noreg. Fritak skal førast på vitnemålet.

Internasjonalisering

Studentar som ønsker å ta ein del av utdanninga si i utlandet, skal først og fremst bruke haustsemesteret 3. studieåret til det. Det vil òg vere mogleg å ta dei fire praksisvekene tredje semester i utlandet. Studentar som ikkje følger normal studieprogresjon, vil til vanleg ikkje få innvilga studieopphald i utlandet.

Organisering

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet er eit treårig fulltidsstudium. Omfanget av dei ulike emna er uttrykt i studiepoeng (sp). Studiepoeng er eit felles europeisk system (ECTS) som viser kor mykje studiearbeid som trengst for å nå målsettinga med eit studieprogram. Eitt studiepoeng er 27 studentarbeidstimar. Ei studieveke er på 40 studentarbeidstimar. Eit studieår for ein heiltidsstudent er på 60 studiepoeng, som tilsvarer 1600 arbeidstimar.

Studiet er slik bygd opp:

Første studieår:

  • Kunst, kultur og kreativitet, emne 1, 20 sp. Haustsemesteret
  • Språk, tekst og matematikk, emne 1, 20 sp. Vårsemesteret
  • Barns utvikling, leik og læring, emne 1, 20 sp. Haust- og vårsemesteret
  • Praksis, emne 1. Den pedagogiske relasjon - observasjon, samspel og barns leik og læring. Haust- og vårsemesteret

Andre studieår:

  • Kunst, kultur og kreativitet, emne 2, 20 sp. Haust- og vårsemesteret
  • Samfunn, religion, livssyn og etikk, emne 1, 20 sp. Vårsemesteret
  • Natur, helse og rørsle, emne 1, 20. Haustsemesteret
  • Praksis, emne 2. Den pedagogiske institusjon - leiing og rettleiing. Haust- og vårsemesteret

Tredje studieår:

  • Fordjupingseining 30 sp. Haust- og vårsemesteret
  • Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, 15 sp. Haustsemesteret
  • Bacheloroppgåve, 15 sp. Vårsemesteret
  • Praksis emne 3. Den pedagogiske profesjon - leiing av endrings- og utviklingsarbeid. Vårsemesteret

I samband med nokre fordjupingseiningar kan tredje studieår ha ein annan struktur.

Studentane vel fordjupingseining i løpet av andre studieår. Dei kan velje å bygge til 85 sp inkludert bacheloroppgåve i kunnskapsområdet Kunst, kultur og kreativitet, velje fordjuping med anna innretning ved Høgskulen, eller ta relevant fordjuping ved annan institusjon. Det femte semesteret kan og takast ved ein av våre samarbeidspartnare i utlandet (sjå Internasjonalisering).

Studentar som har tatt fordjupingseining (30 sp) ved Høgskolen på Vestlandet, campus Bergen, bygger bacheloroppgåva si tematisk på denne fordjupingseininga. Studentar som har tatt fordjuping ved andre institusjonar bygger bacheloroppgåva på eitt av kunnskapsområda frå dei to første studieåra. Til bacheloroppgåva blir det gitt inntil 8 timar rettleiing til kvar student.

Studentar kan søke overflytting til Høgskulen etter andre studieår, og dei kan søke overflytting til andre institusjonar som gir barnehagelærarutdanning etter same forskrift.