Studieplan - Barnehagelærarutdanning, Sogndal
Hausten 2018
Programplanen byggjer på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga fastsett 4. juni 2012 av Kunnskapsdepartementet med heimel i Lov om universitet og høgskular av 1. april 2005. Studieplanen er vedteken av utdanningsutvalet etter fullmakt frå styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Rammeplan for Barnehagelærarutdanninga 2012 peikar på at utdanninga skal vere integrert, profesjonsretta og forskingsbasert, og at det skal vere eit forpliktande samspel mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt. Pedagogisk leiing, dei yngste, mangfald og medverknad vert også peika på som viktige punkt i utdanninga. Med det forstår vi at:
- dei ulike kunnskapsområda i studiet er integrerande i forhold til heilskapen
- utdanninga er praksisnær
- profesjonsaspektet er tydleg i alle delar av studiet
- undervisninga skal vere forskingsbasert
pedagogisk leiing, dei yngste, mangfald og barns medverknad er gjennomgåande tema alle tre studieåra.
Læringsutbytte
Etter fullført barnehagelærarutdanning skal kandidaten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
- har kunnskapar om barnehagens samfunnsmandat og dei lover og styringsdokument som styrer barnehagen
- har kunnskapar om å leie pedagogisk arbeid
- har kunnskapar om barnehagen som systematisk læringsarena
- har kunnskapar om leik i ulike miljø
- har kunnskapar om barnehagen sin historie og barnehagen sin plass i samfunnet
- har kunnskapar om barndom og barnekultur i eit historisk perspektiv
- har kunnskapar om barna sine danningsprosessar
- har kunnskapar om barnehagens fagområder og barna sine læringsprosessar
- har kunnskapar om barns sosiale, fysiske, motoriske og skapande utvikling
- har kunnskapar om å leie læringsprosessar i personalgruppa
- har kunnskapar om det å leie endrings- og utviklingsarbeid.
- har kunnskapar om FN sin barnekonvensjon og barn sine rettar
- har kunnskapar om eit inkluderande og likestilt barnehagemiljø
- har kunnskapar om religiøse og livssynsmessige ulikskapar i samfunnet
- har kunnskapar om barns lese-, skrive- og matematiske utvikling
- har kunnskapar om barns språkutvikling, fleirspråklegheit og språkvanskar
- har kunnskap om verdiane av å vere i og oppleve naturen og sentrale miljøtema
- har kunnskapar om førebyggjande helsearbeid
- har kunnskapar om barn med spesielle behov, tiltak og tverrfagleg samarbeid
- har kunnskapar om sosialt og kulturelt mangfald, inkludert kunnskap om den samiske kulturen
- har kunnskapar om det musiske menneske og estetiske læringsprosessar
- har kunnskapar om barns digitale ferdigheiter
- har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og korleis setje i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
Ferdigheiter
- kan fremje barns heilskapelege læring og oppleving av mestring
- kan støtte og utvikle barns leik og undring i ulike miljø
- kan stimulere og støtte alle barn sin utvikling
- kan improvisere fagleg og legge til rette for barns skapande aktivitet
- kan gå inn i omsorgsfulle relasjonar og sjå det unike hjå det enkelte barnet
- har utøvande kompetanse i samspel med barna
- kan samarbeide med heimen og andre instansar til beste for barnet
- kan bruke pedagogisk dokumentasjon
- kan observere enkeltbarn og barn i gruppe, og kunne oppdage barn med særskilte behov
- kan leie og rettleie ei personalgruppe
- kan reflektere kritisk over eigen praksis
- kan initiere og takle endringar, og prege utviklinga i barnehagen
- kan bruke digitale og andre fagleg verktøy både i studiet og i det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- kan identifisere særskilte behov hos enkeltbarn, herunder identifisere teikn på vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartar til barnets beste.
Generell kompetanse
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogisk arbeid i barnehagen
- kan dokumentere og reflektere over barnehagens innhald
- har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv
- meistrar den profesjonelle utviklinga og har forståing for barnehagelærarprofesjonen
- kan sjå globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, knytt til respekt, ansvar og toleranse, i samband med barnehagens arbeid
- har endrings- og utviklingskompetanse
- kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og innovasjonsprosessar i barnehagen
- har evne til å formidle sentralt fagstoff munnleg, skriftleg og visuelt
- kan ha fleire perspektiv på mangfald og ulikskap
Innhald
Barnehagelærarutdanninga omfattar ein obligatorisk del på 150 studiepoeng og ein valfri del på 30 studiepoeng. Skriving av bacheloroppgåve inngår i den obligatoriske delen av studiet. Praksisopplæringa med eit omfang tilsvarande 100 dagar er integrert i kunnskapsområda.
Vi har organisert vår barnehagelærarutdanning rundt ein breiddemodell, som er bygd opp av dei seks kunnskapsområda: Barns utvikling, leik og læring, Språk, tekst og matematikk, Natur, helse og rørsle, Kunst, kultur og kreativitet, Samfunn, religion, livssyn og etikk og Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid. I tillegg kjem bacheloroppgåve 15 stp og fordjupingseining 30 stp. 20 studiepoeng er frie, og desse er lagde til 2. studieår, med 10 stp til kunnskapsområdet Kunst, kultur og kreativitet og 10 stp til kunnskapsområdet Samfunn, religion, livssyn og etikk. Desse kunnskapsområda skal hente kompetanse frå minst to av dei andre kunnskapsområda.
Studiemodellen er slik:
1. Studieår:
- Barns utvikling, leik og læring 20 stp
- Språk, tekst og matematikk 20 stp
- Natur, helse og rørsle 20 stp
2. Studieår:
- Kunst, kultur og kreativitet 30 stp
- Samfunn, religion, livssyn og etikk 30 stp
3. Studieår haust:
- Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid 15 stp
- Bacheloroppgåve 15 stp
3.Studieår vår:
- Fordjuping 30 stp.
Praksis
Høgskulen og praksisbarnehagane har eit felles ansvar for innhald, kvalitet og vurdering i praksis og for progresjon i praksisopplæringa. Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Dette føreset at faglærar, praksislærar, barnehageleiar og studentar deltek i utvikling, gjennomføring og vurdering av praksis.
I praksis skal studentane bli kjende med dei utfordringane og det kravet som blir stilt til ein barnehagelærar. Dei skal samhandle med barn og grupper av barn i ulik alder, med ulik bakgrunn og føresetnader og få erfaring med å vere leiar for barn og vaksne.
Praksisopplæringa skal leggjast opp slik at studentane:
- opplever samanheng mellom teoriundervisning, studentoppgåver og praksis.
- møter krav om progresjon, sjølvstende og ansvar som pedagogisk leiar.
- utfordrast på didaktisk arbeid knytt til både formelle og uformelle situasjonar.
- skal øve opp sin utøvande kompetanse i samspel med barn, foreldre og tilsette.
- reflekterer over eigne handlingar, haldningar og fagkunnskap (pedagogisk grunnsyn) i møte med barn og vaksne.
Innhald i praksis
Første semester:
Studenten skal
- Leie samspel med enkeltbarnet og barnegruppa
- Øve evna til observasjon
- Leie fagleg aktivitet
- Få innblikk i profesjonsrolla
Andre semester:
Studenten skal
- Få kunnskap om barnehagen som ein del av utdanningssystemet
- Planleggje, leie og vurdere fagleg aktivitet
- Få innblikk i, og kunne reflektere over, arbeidet med samanhengen mellom barnehage og skule
Tredje og fjerde semester:
Studenten skal
- Planleggje, leie og dokumentere fagleg aktivitet for og med barn, personale og foreldre
- Øve evna til observasjon
- Samarbeide aktivt med resten av personalet
- Utvikle sin eigen utøvande kompetanse i samspel med enkeltbarnet og barnegruppa
- Få erfaring med foreldresamarbeid
Femte semester:
Studenten skal
- Planleggje, leie og dokumentere utviklingsarbeid saman med personalet
- Utvikle og reflektere over rolla som pedagogisk leiar
Sjette semester:
Studenten skal
- Få erfaring med fagleg leiing knytt til fordjupingseininga
Innhald i praksis vert konkretisert i emneplanane.
Organisering og omfang av praksis
Praksis inngår i alle kunnskapsområda i utdanninga og har eit samla omfang på 100 dagar. Praksisgjennomføringa er i hovudsak knytt til arbeid i barnehage, men 5 dagar er i 1. klasse i grunnskulen.
- Arbeidstida for studenten i praksis er minimum 6 timar per dag. Fråvær må meldast til praksislærar så snart som råd. Studenten kan ha inntil 2 fråværsdagar. Ved meir enn 3 dagars fråvær er det studenten sitt ansvar å sende sjukmelding til høgskulen v/praksiskoordinator for barnehagelærarutdanninga.
- Studenten må førebu seg på kostnader i samband med praksis. Refusjon vert gitt i samsvar med HVL sitt gjeldande reglement.
- Oppflyttingskrav: Studenten skal ha produsert 90 studiepoeng våren i 2. klasse for å kunne starte i 3. klasse.
Teieplikt
Studenten har teieplikt når det gjeld barna i barnehage, deira familietilhøve og personaltilhøva. Studenten er informert om gjeldande reglar for teieplikt og skikkavurdering i utdanninga og skriv under på eige skjema.
Politiattest (Barneomsorgsattest)
Studentar som skal ta til på barnehagelærarutdanning må levere barneomsorgsattest ved studiestart (jf. Forskrift om opptak til høyrere utdanning, § 6).
Vurdering i praksis
Etter kvar avslutta praksisperiode får studenten ei vurdering etter karakterskalaen "greidd" eller "ikkje greidd". Vurdering av studentar i praksis er eit felles ansvar for praksislærar, barnehageeigar og faglærararar ved HVL. Vurderinga tek utgangspunkt i læringsutbytteformuleringane i programplanen. Praksislærar har hovudansvar for sluttvurdering.
Midtvegssamtale
Praksislærar skal gjennomføre ein midtvegssamtale med studenten. Utgangspunktet for samtalen er mål for praksis og vurderingskriteria. Samtalen skal datofestast og førast på eige skjema.
Dersom det er tvil om ein student skal få vurderinga "greidd" ein praksisperiode, skal studenten få varsel om fare for vurderinga "ikkje greidd" og ei skriftleg melding om kva som skal til for å få vurderinga "greidd" i praksis. Høgskulen har utarbeidd rutinar som gjeld ved fare for å få vurderinga "ikkje greidd praksis" og det er eit eige skjema ved tvilsmelding.
Dersom melding om vurderinga fare for "ikkje greidd praksis" kjem seint i praksisperioden, må praksisplassen saman med Høgskulen lage ein plan for ekstra praksisdagar i forlenging av ordinær praksis.
Ikkje greidd praksis
Vurderinga "ikkje greidd" i praksis betyr at ein student ikkje kan følgje nokon del av studieprogrammet i påfølgjande studieår.
Dersom ein student får vurderinga "ikkje greidd" praksis, skal det grunngjevast skriftleg, og studenten skal få høve til å rette opp det som er påpeikt i eit andre og siste praksisforsøk, lagt til neste ordinære praksisperiode. Studenten har rett til å få rettleiing av Høgskulen før neste praksisperiode.
Kriterium for vurdering av barnehagepraksis:
Praksislærar skriv ei heilskapsvurdering under kvart hovudpunkt, og underpunkta kan fungere som støtte.
1 Studenten sitt arbeid med barn
- viser evne til å sjå, forstå og samspele positivt med det einskilde barnet med utgangspunkt i barnet sitt perspektiv
- viser evne til å forstå og samspele positivt med små grupper og heile gruppa
- viser evne til å motivere og engasjere einskildbarn og grupper av barn
- viser evne til å reflektere saman med barn
- gjer sitt til at hendingar i kvardagen vert positive læringserfaringar
- viser evne til omsorg
- viser evne til å observere og gjere bruk av observasjonane
2 Studenten sitt tilhøve til vaksne
- viser vilje og evne til konstruktiv kontakt med personalet
- viser vilje og evne til kontakt med foreldre/føresette
- viser vilje og evne til å ta imot, vurdere og gjere bruk av rettleiing
- viser vilje og evne til samarbeid
3 Studenten si evne til planlegging, gjennomføring, organisering, refleksjon og leiing
- viser evne til å planlegge arbeidet på kort og lang sikt med utgangspunkt i dei føresetnadar som finst
- viser evne til å reflektere over det som skjer dagleg med barn og vaksne
- viser evne til å gjennomføre og vurdere kritisk arbeid med barn
- viser leiarevne; evne til å inngi tillit, vise respekt, motivere andre til innsats og til å bruke og utvikle kompetanse
- viser vilje og evne til å få oversikt og å gjere fornuftige vurderingar i situasjonen
4 Studenten sine generelle føresetnadar
- sosial kompetanse (innleving, kommunikativ kompetanse, humor og glede, entusiasme¿)
- respekt for barn, evne og vilje til å forstå barns perspektiv
- omsorgsevne; vise fysisk, psykisk og etisk omsorg
- kunnskap om barnehagen som institusjon og rammene for arbeidet
- didaktisk og fagleg kunnskap som er naudsynt i det daglege arbeidet
- ansvarskjensle i høve oppgåvene i barnehagen
- sjølvstende, initiativ, interesse og engasjement for arbeidet
- stabil veremåte som inngir tillit og tryggleik
- sjølvinnsikt, haldning og etikk
5 Kva rår du studenten til å arbeide vidare med for å utvikle seg som barnehagelærar?
Skikkavurdering Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal føregå gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering begynner ved at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg med kopi til instituttleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i Lov om universitet og høyskoler, § 4-10, og Forskrift om skikkavurdering 30.juni 2006.
Arbeidsformer
Læringsformene i studiet skal fremje:
- ei yrkesretta utdanning
- studenten sin kompetanse til aktiv kunnskapssøking og utvikling av kildekritisk haldning
- utvikling av munnleg, skriftleg, kroppsleg og visuell framstillingsevne
- refleksjon i høve praksis-, teori- og verdibasert kunnskap
- studenten si evne til profesjonsetisk refleksjon i pedagogisk arbeid med barn i barnehagen
- samarbeid mellom student, høgskule og praksisfelt
- kunstnariske uttrykksformer
- samspel mellom høg fagleg, didaktisk og sosial kompetanse
- at studentane får høve til å vere både deltakande, utforskande og observerande i den pedagogiske verksemda i barnehagen
Bruk av bibliotek
Biblioteket gir viktige bidrag til studentane sin informasjonskompetanse. Det betyr evna til å søke etter, finne, evaluere og bruke relevant fagleg informasjon. Målsettinga er at dei skal kunne søke i norske og utanlandske informasjonskjelder og kunne vurdere kvaliteten på informasjonen.
Den grunnleggande undervisninga i informasjonskunnskap vert gjennomført første studieår. Undervisninga vert gjennomført i samarbeid med faglærarane og den er integrert i ordinær undervisning.
I barnehagelærarutdanninga i HVL skal studentane møte studentaktive læringsformer som:
- prosjektarbeid
- digitale verktøy
- ulike presentasjons- og formidlingsformer
- faglege drøftingsforum
- arbeid med bacheloroppgåve
- forskings- og utviklingsarbeid
Læringsformene og vurderingsordningane skal syne progresjon og ivareta eit heilskapleg perspektiv på utdanninga. Emneplanane for kunnskapsområda viser korleis ulike lærings- og vurderingsformer vert nytta gjennom heile studiet.
Vurderingsformer
Arbeidskrav og vurdering i studiet skal:
- Medverke til at barnehagelærarstudenten tek ansvar for eigen utviklingsprosess og utviklar sjølvinnsikt under studiet
- Ivareta heilskapelege vurderingar basert på læringsformer som er vektlagt i studiet
- Sikre vurdering av barnehagelærarkvalifikasjonar og autoritet slik desse er nedfelt i mål og læringsformer som er vektlagt undervegs i studiet.
- Medverke til å sikre studiekvalitet.
Arbeidskrav: Alle kunnskapsområda, bacheloroppgåve og fordjupinga har arbeidskrav, nærare presisering av arbeidskrav går fram av emneplanane.
Det vert forventa at studentane deltek aktivt i dei ulike læringsformene, og det er difor krav om obligatorisk studiedeltaking (minimum 80 %). Ved fråvær ut over 20 % frå obligatorisk undervisning vil studenten normalt ikkje kunne gå opp til eksamen etter vanleg studieprogresjon. Studenten er sjølv ansvarleg for å halde oversikt over fråvær og å kontakte faglærar om det vidare studieløpet dersom fråværet står i fare for å overstige 20 %.
Studentar som ikkje har tilstrekkeleg frammøte i emnet må gjere arbeid som dokumenterer nødvendig kunnskap for å få gå opp til eksamen.
Sluttvurdering:
Sjå emneplanane
Internasjonalisering
Studentane ved barnehagelærarutdanninga kan ta opphald i utlandet som ein del av utdanninga. Det vert lagt til rette for at studentane kan gjennomføre praksisperioden andre studieår i Norden/Nordplus. I tredje studieår, 6. semester, kan studentane ta heile, eller minimum tre månadar i utlandet som ein del av fordjupinga si. Studieopphald i utlandet, som skal inngå i utdanninga, skal etter søknad godkjennast på førehand av instituttleiar. Berre studentar med tilfredstillande studieprogresjon får innvilga studieopphald i utlandet.