Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, bygg

Hausten 2024

Studiet skal gi kunnskapar innan eit breitt spekter av byggfaget. Undervisningstilbodet spenner frå planlegging av bustadområde til berekning av bygningskonstruksjonar.

Bachelorstudiet i bygg følgjer Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i byggingeniørfag skal ha følgjande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • Kandidaten har brei kunnskap som gir eit heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i fagfeltet bygg.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskapar i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis ein kan integrere desse i byggfagleg problemløysing.
  • Kandidaten skal med hovudvekt på byggfaget ha kunnskap om teknologien si historie, teknologiutvikling, kva rolle ingeniøren har i samfunnet, i tillegg til følgjene av utvikling og bruk av teknologi.
  • Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet bygg, og relevante metodar og arbeidsmåtar innanfor ingeniørfaget.
  • Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagfeltet, både gjennom å innhente informasjon og ha kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan bruke kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor byggfag, og grunngje vala sine.
  • Kandidaten har kunnskap om fagleg relevant programvare og har brei ingeniørfagleg digital kompetanse, inkludert grunnleggande programmeringsferdigheiter og kan arbeide i relevante laboratorium/felt og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.
  • Kandidaten kan identifisere, planleggje og gjennomføre byggfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team.
  • Kandidaten kan finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.
  • Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap ved å vere med på å utvikle og realisere berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar.

Generell kompetanse:

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske følgjer av produkt og løysingar innanfor sitt fagområde på bygg, og kan setje desse i eit etisk perspektiv og eit livslaupsperspektiv.
  • Kandidaten kan identifisere sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datasikkerheitsaspekt i produkt og system som nyttar IKT.
  • Kandidaten kan formidle byggfagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og kan medverke til å synleggjere kor viktig teknologien er og kva følgjer han får.
  • Kandidaten kan reflektere over eiga fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse utøvinga til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan bidra til å utvikle god praksis gjennom å ta del i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele kunnskapane og erfaringane sine med andre.

Innhald

Studieprogrammet tilbyr følgjande studieretning i Førde:

Prosjekt og byggeleiing: I denne studieretninga vert det lagt vekt på gjennomføring av bygge- og anleggsprosjekt. Det blir fokusert spesielt på anleggsfag og gjennomføring av prosjekt både med omsyn til det som skjer på byggeplassen og rammeverket rundt i høve til entreprisar og kontraktar. I studieretninga Prosjekt- og byggeleiing vel du mellom to profilar: profil Konstruksjonsteknikk eller profil Miljø, plan og infrastruktur.

Matematikk, fysikk, kjemi og statistikk er viktige fundament for ingeniøremna.Studentar som planlegg å gå vidare til ei masterutdanning med sivilingeniør-krav må velje MAT301 Fleirdimensjonal analyse, for å dekke kravet om 25 studiepoeng i matematikk i bachelorutdanninga.

Tresemesterordning (TRESS):

Tresemesterordninga (TRESS) er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk og fysikk. Matematikken blir gjennomført som eit sommarkurs i forkant av fyrste semester, saman med studentane som går Y-veg. Fysikken blir gjennomført som eit kurs i fyrste semester. Oppgraderingskursa gir ikkje studiepoeng, men eksamenane i TRESS-opplegget må vere bestått for å halde fram på studiet, sjå krav til studieprogresjon.

Praksis

Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogleg å ta praksisemnet BYG116 Styrt praksis (10 studiepoeng) som valemne i 3. studieår. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår

Arbeidsformer

Undervisningsforma er sterkt fagavhengig og spenner frå forelesingar, gruppearbeid, ekskursjonar og problem-/prosjektbasert læring. I tillegg er det obligatoriske arbeidskrav i form av til dømes felt- eller laboratorieøvingar. Ein del av emna har nettundervisning saman med studentane på byggingeniørstudiet i Bergen.

Alle studentar må ha eigen berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.

Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid.

Vurderingsformer

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

Krav til studieprogresjon

Det er særlege vilkår for å få starta på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneskildringa for bacheloroppgåva.

Følgande progresjonskrav gjeld for studentar på TRESS:

Sommarkurset Grunnleggjande matematikk (Matematikk forkurs) må vere bestått innan 1. september, for å gå vidare til første semester i ingeniørstudiet.

Grunnleggjande fysikk må vere bestått innan 1. juli, for å gå vidare til tredje semester i ingeniørstudiet.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna har undervisning på engelsk. Undervisningsspråket er engelsk når internasjonale studentar deltek.

Det er lagt til rette for at å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter. Det er mogleg å studere ved ein samarbeidande utanlandsk utdanningsinstitusjon, fortrinnsvis i 4., 5. eller 6. semester.