Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, bygg, y-veg

Hausten 2024

Studiet skal gi kunnskapar innan eit breitt spekter av byggfaget. Undervisningstilbodet spenner frå planlegging av bustadområde til berekning av bygningskonstruksjonar.

Bachelorstudiet i bygg følgjer Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i byggingeniørfag skal ha følgjande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • Kandidaten har brei kunnskap som gir eit heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i fagfeltet bygg.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskapar i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis ein kan integrere desse i byggfagleg problemløysing.
  • Kandidaten skal med hovudvekt på byggfaget ha kunnskap om teknologien si historie, teknologiutvikling, kva rolle ingeniøren har i samfunnet, i tillegg til følgjene av utvikling og bruk av teknologi.
  • Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet bygg, og relevante metodar og arbeidsmåtar innanfor ingeniørfaget.
  • Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagfeltet, både gjennom å innhente informasjon og ha kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan bruke kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor byggfag, og grunngje vala sine.
  • Kandidaten har kunnskap om fagleg relevant programvare og har brei ingeniørfagleg digital kompetanse, inkludert grunnleggande programmeringsferdigheiter og kan arbeide i relevante laboratorium/felt og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.
  • Kandidaten kan identifisere, planleggje og gjennomføre byggfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team.
  • Kandidaten kan finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.
  • Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap ved å vere med på å utvikle og realisere berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar.

Generell kompetanse:

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske følgjer av produkt og løysingar innanfor sitt fagområde på bygg, og kan setje desse i eit etisk perspektiv og eit livslaupsperspektiv.
  • Kandidaten kan identifisere sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datasikkerheitsaspekt i produkt og system som nyttar IKT.
  • Kandidaten kan formidle byggfagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og kan medverke til å synleggjere kor viktig teknologien er og kva følgjer han får.
  • Kandidaten kan reflektere over eiga fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse utøvinga til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan bidra til å utvikle god praksis gjennom å ta del i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele kunnskapane og erfaringane sine med andre.

Innhald

Studieprogrammet tilbyr éin studieretning i Førde:

Prosjekt og byggeleiing: I denne studieretninga vert det lagt vekt på gjennomføring av bygge- og anleggsprosjekt. Det blir fokusert spesielt på anleggsfag og gjennomføring av prosjekt både med omsyn til det som skjer på byggeplassen og rammeverket rundt i høve til entreprisar og kontraktar. I studieretninga Prosjekt- og byggeleiing vel du mellom to profilar: profil Konstruksjonsteknikk eller profil Miljø, plan og infrastruktur.

Matematikk, fysikk, kjemi og statistikk er viktige fundament for ingeniøremna.Studentar som planlegg å gå vidare til ei masterutdanning med sivilingeniør-krav må velje MAT301 Fleirdimensjonal analyse, for å dekke kravet om 25 studiepoeng i matematikk i bachelorutdanninga.

Y-veg:

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følgjer rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet.

Matematikken blir gjennomført som eit sommarkurs i forkant av fyrste semester, saman med studentane som går TRESS. Fysikken blir gjennomført som eit kurs i fyrste semester. Kommunikasjon og norsk blir gjennomført som eit kurs over fyrste og andre semester.

Oppgraderingskursa gir ikkje studiepoeng, men eksamenane i desse må vere bestått for å halde fram på studiet, sjå krav til studieprogresjon. Studentane på Y-veg får fritak for 10 studiepoeng valemne.

Praksis

Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogleg å ta praksisemnet BYG116 Styrt praksis (10 studiepoeng) som valemne i 3. studieår. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår.

Arbeidsformer

Undervisningsforma er sterkt fagavhengig og spenner frå forelesingar, gruppearbeid, ekskursjonar og problem-/prosjektbasert læring. I tillegg er det obligatoriske arbeidskrav i form av til dømes felt- eller laboratorieøvingar. Ein del av emna har nettundervisning saman med studentane på byggingeniørstudiet i Bergen.

Alle studentar må ha eigen berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her

Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid.

Vurderingsformer

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

Krav til studieprogresjon

Det er særlege vilkår for å få starta på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneskildringa for bacheloroppgåva.

Følgjande progresjonskrav gjeld for studentar på Y-veg:

1. Sommarkurset i matematikk (matematikk forkurs) må vere bestått innan 1. september, for å gå vidare til fyrste semester i ingeniørstudiet.

2. Fysikk må vere bestått innan 1. juli, for å gå vidare til tredje semester i ingeniørstudiet.

3. Kommunikasjon og norsk må vere bestått innan 1. juli, for å gå vidare til tredje semester i ingeniørstudiet.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna har undervisning på engelsk. Undervisningsspråket er engelsk når internasjonale studentar deltek.

Det er lagt til rette for at å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter. Det er mogleg å studere ved ein samarbeidande utanlandsk utdanningsinstitusjon, fortrinnsvis i 4., 5. eller 6. semester.