Hopp til innhald

Studieplan - Master in Climate Change Management, Sogndal

Hausten 2025

Master in Climate Change Management (Master i klimaendringar: forvaltning og planlegging) gir studentane ei brei forståing av dei komplekse utfordringane klimaendringane medfører, samt kompetansen til å generere kunnskap og løysingar på tvers av tradisjonelle vitskaplege disiplinar. Med ei tverr- og fleirfagleg emneportefølje lærer studentane om klimautfordringar frå ulike vitskaplege felt og perspektiv, og dei blir trena i å integrere metodar, verktøy og kunnskap frå fleire disiplinar. Studentane får eit solid akademisk grunnlag for å kunne vurdere, planleggje og gi råd om korleis ulike sektorar kan iverksette strategiar for å redusere klimagassutslepp og tilpasse naturen og samfunnet til konsekvensane av klimaendringar.

Opptakskrav

Alle tre krava må vere oppfylte:

1. Bachelorgrad med relevant fordjuping innan naturvitskap, samfunnsvitskap, humaniora, teknologi eller ingeniørfag. Fordjupinga må vere relevant for klima- og miljøfeltet, som til dømes Energi- og miljøvitskap, Politikk og forvalting, Grøn teknologi og omstilling, Geovitskap og naturfarar, eller ein kombinasjon av fleire.
2. Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre.
3. Søkarar med utdanning frå land utanfor Norden må dokumentere engelsk jamfør § 2.1 (4) i forskrift om opptak til HVL.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har:

  • Innsikt i verknadene av klimaendringar på natur og samfunn, og konsekvensane av klimaendringar for natursystem som støttar menneskelege aktivitetar.
  • Kunnskap om klimamodellar og framskrivingar og deira bruk til å analysere og vurdere framtidige scenario.
  • Avansert forståing av nasjonal og internasjonal klimapolitikk.
  • Ei brei forståing av korleis økosystem og biologisk mangfald vert påverka av klimaendringar, og korleis økosystemtenester frå naturlege system kan bidra til både klimatilpassing og -avgrensing.
  • Kunnskap om omstilling til meir miljøvennlege praksisar for energiproduksjon og -forbruk.
  • Forståing for å inkludere vurderingar av naturfarar og vassforvaltning i planleggingsprosessar.
  • Avansert kunnskap om strategiar, handlingar og verktøy for klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp på både nasjonalt og globalt nivå.
  • Avansert forståing av samspelet mellom klimaendringar, klimatiltak, naturkrise og berekraftig utvikling

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å:

  • Kritisk vurdere ulike kjelder til informasjon og bruke dei til å strukturere og utvikle faglege argument.
  • Jobbe sjølvstendig og samarbeide i tverrfaglege team for å løyse praktiske og teoretiske problem.
  • Nytte relevante kvalitative og kvantitative metodar og dataprogram for å evaluere data og tolke resultat.
  • Bruke verktøy som er relevante for forvaltning og anvend forsking.
  • Gjennomføre sjølvstendige forskingsprosjekt eller planleggingsoppdrag under rettleiing, og i samsvar med etablerte forskingsetiske normer.
  • Formulere forskingsspørsmål, samle inn og analysere data, og kommunisere funn både akademisk og til ei allmenn forståing.
  • Lede og gjennomføre planleggingsprosessar i utarbeiding av energi- og klimaplanar.
  • Utvikle strategiar for klimatilpassing.
  • Planlegge tiltak for å redusere effektane av klimaendringar, med spesielt fokus på å handtere snøskred, jordskred, flaum og havnivåstiging.

Generell kompetanse

Studenten er i stand til å:

  • Identifisere og kritisk vurdere relevant litteratur.
  • Anvende kunnskap og ferdigheiter til å utføre avanserte oppgåver og lede forskings- og planleggingsprosjekt relatert til klimaendringar.
  • Samarbeide i tverrfaglege team og integrere kunnskap frå ulike fagområde.
  • Dele sitt arbeid på ein forståeleg måte og bruke relevant terminologi.
  • Kommunisere forsking, analysar og konklusjonar både skriftleg og munnleg.
  • Bidra til å oppdage nye løysingar og innovasjonar som omstiller energiproduksjon og -forbruk frå fossilt brensel til berekraftige kjelder.
  • Hjelpe til med å utvikle strategiar og tiltak for å fremje eit meir berekraftig samfunn.

Innhald

Programmet består av ni emne, kvar på 10 studiepoeng, og ei masteroppgåve med eit omfang på 30 studiepoeng. Undervisninga er organisert etter ein blokkplan, der kvart emne blir undervist og vurdert gjennom ein eksamen før neste emne startar. Kompetanse i vitskaplege metodar, verktøy og formidling blir utvikla gjennom programmet, og gir eit solid fundament for masteroppgåva. Masteroppgåva fokuserer anten på forsking eller anvend forvaltning, avhengig av studenten sine interesser. Detaljert informasjon om kvart emne kan finnast i dei spesifikke kursbeskrivingane.

Arbeidsformer

Programmet nyttar ei rekke undervisnings- og læringsmetodar, som inkluderer obligatoriske læringsaktivitetar. Det blir lagt vekt på å utvikle studentane sine ferdigheiter gjennom case-baserte prosjekt, der dei engasjerer seg i problemløysing innanfor tverrfaglege team. Eit betydeleg fokus er også på å forbetre studentane sine evner til å kommunisere resultat, både skriftleg og munnleg.

I undervisninga kombinerast forelesingar, ekskursjonar, felt- og laboratoriearbeid, øvingar, casestudiar og anna tverrfagleg arbeid i grupper. Studentane kan tilpasse sine spesialiseringar gjennom ulike sjølvstendige oppgåver.

Masteroppgåva kan fullførast individuelt eller i par under rettleiing av minst éin tilsett ved instituttet. Meir detaljert informasjon for kvart kurs finst i dei spesifikke kursbeskrivingane.

Vurderingsformer

Vurderingane inkluderer skriftlege og munnlege skoleeksamenar, skriftlege heimeeksamenar, og skriftlege eller munnlege oppgåver, som kan gjennomførast individuelt eller i team. Obligatoriske læringsaktivitetar inkluderer ekskursjonar felt- og laboratoriearbeid, arbeidsverkstader, munnlege presentasjonar, skriftlege oppgåver, øvingar osv. Desse aktivitetane må vere godkjende for å få rett til å ta eksamen. For meir spesifikk informasjon, sjå emnebeskrivingane.

Krav til studieprogresjon

Studenten må ha bestått minst 70 studiepoeng før han/ho kan starte på den avsluttande masteroppgåva.

Internasjonalisering

Studentar kan søkje om utvekslingsprogram ved utvalde institusjonar i utlandet i løpet av andre semester. I tillegg kan masteroppgåva gjennomførast i samarbeid med andre universitet, både i Noreg og internasjonalt, føresett at Høgskulen på Vestlandet er ein partnar i pågåande forskingsprosjekt.