Hopp til innhald

Studieplan - Community Music

Hausten 2018

Community Music/Samfunnsmusikk er eit 3-årig bachelorstudium der studentane utdannar seg til å verte samfunnsmusikarar. Dette inneber å utvikle seg som musikar og musikalsk tilretteleggjar, med eit særleg fokus på korleis ein kan inspirere, motivere og organisere musikkaktiviteter i varierte kontekstar og grupper. Utdanninga er unik i Noreg og samfunnsmusikaren si rolle er brei og bevegar seg ofte mellom fleire felt. Sjølv om musikk er kjerna i utdanninga, vil det likevel vere ei tverrfagleg tilnerming der element frå andre fag som drama, pedagogikk, entreprenørskap og prosjektleiing inngår.

 

Tradisjonelle fagdisiplinar innan musikkutdanning, som til dømes musikkteori og musikkhistorie, vert integrert som naturlege deler av større emne og vert i mindre grad dyrka som sjølvstendige disiplinar. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnariske sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er difor sentrale på alle nivå.

Praksis står sentralt i utdanninga og studiet vil gi ei allsidig kompetanse som gjer studentane i stand til å fungere som samfunnsmusikarar på ulike arenaer.

 

Samfunnsmusikaren vektlegg at ein ynskjer alle som vil, velkomen inn i musikken med dei føresetnader og bidrag som dei kan tilby. Ein arbeider for at deltakarane får like moglegheiter til å delta, at dei føler seg trygge og inkluderte, slik at dei vågar å delta i kreative og skapande prosesser.

 

Arenaene for samfunnsmusikaren er ofte uformelle og utean faste læringsmål eller læreplanar, og ein baserer seg i hovudsak på frivillig deltaking. Høgskulen på Vestlandet vil tilby studentane praksis ved slike relevante og varierte arenaer i løpet av studiet. Studentane vil til dømes kunne arbeide med menneske i alle aldrar, frå ulike kulturar og i ulike kontekstar.

Community Music gir studentane mange val som utøvande musikarar, musikkfaglege ressurspersonar og eit grunnlag for å utdanne seg vidare som musikkpedagog. Studentane får ei solid og unik kompetanse og blir kvalifisert for å arbeida som samfunnsmusikar i sitt regionale miljø. Døme på aktuelle yrkesarenaer er fritidsmusikklivet, festivalar, Ungdommens Kulturmønstring, asylmottak, eldresenter, barnehage, fengsel, skulefritidsordningar.

 

Søknad og opptakskrav:

Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Ein praktisk og teoretisk opptaksprøve er del av opptaksgrunnlaget. Søkjarar blir rangert på grunnlag av skulepoeng/tilleggspoeng og oppnådde poeng på opptaksprøve. Søknad via Samordna opptak.

 

Politiattest: I forskrift om opptak til universitet og høgskolar, kap.6, blir det slått fast at søkjarar til utdanningar der praksis er del av opplegget, må leggje frem politiattest ved opptak - jf. Lov 17.juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den videregående opplæringa (opplæringslova).

Attesten skal leverast/sendast innan fastsett studiestart og skal ikkje vere eldre enn tre månadar.

Vidare studier:

Studentar på Community Music kan søkje masterutdanningar i musikk ved HVL og ved andre høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.

 

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha fylgjande totalt læringsutbytte

 

Kunnskapar:

Kandidaten:

  • har brei kunnskap om å leie og fasilitere musikalske aktivitetar i ulike kontekstar og med varierte grupper
  • har kunnskap om musikken si rolle og funksjon i kultur- og samfunnsliv
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid relevant for samfunnsmusikk

 

Ferdigheiter:

Kandidaten:

  • kan initiere, motivere og organisere diverse musikkaktivitetar i ulike kontekstar og med varierte grupper
  • kan bruke eit breitt spekter av arbeidsmetodar som inkluderer og opnar for deltaking i musikalske prosessar
  • kan bruke musikkteknologi som verktøy for å dokumentere, arrangere/komponere og musisere i si verksemd som samfunnsmusikar
  • kan utvikle og gjennomføre forsknings- og utviklingsarbeid relevant for samfunnsmusikk

 

 Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • verte klar over at alle har rett og muligheit til å lage, utøve og ha glede av sin eigen musikk
  • kan inspirere og legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon i kultur- og samfunnsliv
  • kan formidla sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele kunnskapane sine -og erfaringer med andre
  • kan grunngi, utvikla og formidla samfunnsmusikken si rolle på eit forskingsbasert grunnlag såvel som erfaringsbasert

Praksis

Praksis skal utvikle og fornye innhaldet i og synet på samfunnsmusikaren si rolle som musikalsk ressursperson. Begrepet musikalsk fasilitator står sentralt: studenten skal gjennom praksis kunna leggje til rette for og rettleie andre sine musikkaktivitetar i eit breittt spekter av kontekstar og med varierte grupper.

 

Døme på arenaer kan vere fritidsmusikklivet, asylmottak, eldresenter, barnehagar, fengsel, Skulefritidsordningar, kulturskule, men også praksisar som studentane sjølv opprettar i samfunnet, -så lenge dei vert godkjende av HVL. Praksis vil ha ein klar progresjon i forhold til dei ulike praksisfelta si samansetjing og oppbygging.

Arbeidsformer

Ein del av emna har krav til 80 % obligatorisk deltaking for å få gå opp til eksamen. Dette inkluderer også prosjekt, ekskursjonar, kor, rettleiing og liknande. Ei oversikt over obligatoriske aktivitetar vil gå ut av semesterplanane for kvart studieår.

 

Den obligatoriske delen av utdanninga består av Musikarskap (70 studiepoeng), Musikk i kultur- og samfunnsliv (55 studiepoeng), Produksjon for sal og scene (15 studiepoeng), Sjølvvald prosjekt (20 studiepoeng), samt Bacheloroppgåve (20 studiepoeng).

 

For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredstiller dei faglige krava.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er lagde opp slik at studentane får vurdering i fag og av praksis, undervegs gjennom mapper og til slutt som praktiske eksamenar individuelt og i grupper. Studentane skal oppleve varierte vurderingsformer tilpassa det forventa læringsutbytte og arbeidsformene i studiet.

Internasjonalisering

Musikkseksjonen ved HVL-Stord har eit stort internasjonalt nettverk og kontakt med utdanningsinstitusjonar i mange land, mellom anna Irland, Belgia og Hellas. Det vert lagd til rette for studieopphald i utlandet i haustsemesteret av tredje studieår.

Organisering

Det første året på studiet har ein brei profil, med innføring i to emne: Musikarskap 1 og 2 (30 sp) og musikk i kultur- og samfunnsliv 1 og 2 (30 sp). Eit hovudpoeng dette studieåret er at studentane utviklar kunnskap og ferdigheiter som utøvande musikkformidlarar, samtidig som dei lærer om musikken si rolle i samfunnet og korleis ein som samfunnsmusikar kan fasilitere musikalske aktivitetar på ulike arenaer i lokalsamfunnet. I musikarskap 2 vil musikkteknologi ha eit særskilt fokus. Emna står i klar relasjon til kvarandre og må sjåast i samanheng.

 

I andre studieår vert emna musikarskap (30 sp) og musikk i kultur- og samfunnsliv (15 sp) vidareførte, medan ein om hausten har eit nytt emne: produksjon for sal og scene (15 sp). I løpet av studieåret vil musikalsk entreprenørskap stå sentralt og det er særskilt fokus på innovasjon, prosjektleiing og kreative prosessar. I det tredje studieåret skal studentane skrive ei bacheloroppgave (20 sp) der dei får sjå Community Music/Samfunnsmusikk gjennom eit forskarblikk.

 

Tredje studieår vil også vidareføre emna musikarskap (10 sp) og musikk i kultur- og samfunnsliv (10), -i tillegg til at eit sjølvvvald prosjekt på 20 sp vert innført om høsten. Ønskjer ein å dra på utveksling, skjer dette i løpet av hausten i tredjeåret, som ei erstatning for det sjølvvalde prosjektet. Utdanninga må sjåast i ein heilskap der musikk i kultur- og samfunnsliv, musikarskap, produksjon for sal og scene, sjølvvald prosjekt og bacheloroppgåva til saman gir studenten grunnlag for å utøva profesjonen sin som samfunnsmusikar.

 

Praktisk informasjon om studiet:

Studenten må rekna med ein kostnad til ekskursjon. Det forventast at ein disponerer diverse utstyr som t.d. XLR- og jackkablar, headset, mikrofon m.m. I løpet av studiet må ein rekne med kostnader i forbindelse med reise til og frå praksis m.m.