Hopp til innhald

Studieplan - Master i didaktiske praksisar

Våren 2021

Studiet er ei vidareutdanning for lærarar og andre som ønskjer å bygge på utdanninga si med eit masterstudium. Master i didaktiske praksisar er tilrettelagt for lærarar i arbeid, og kan studerast på deltid eller heiltid. Studiet byggjer vidare på, og styrkjer, den faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetansen til studentane. Utdanninga er profesjonsretta og tar utgangspunkt i læraren sitt arbeidsfelt og gjeldande læreplanar for skulen. Det vert lagt vekt på å knyte saman praksiskunnskapar og -erfaringar med teoretisk kunnskap som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling.

Kombinasjonen av fellesemne og fagstudium gjennom studieretningar skal gi studentane både ein brei inngang til å arbeide med utviklinga av lærarprofesjonaliteten på tvers i kollegiet og meir spesifikt i faglege kontekstar. Det blir lagt vekt på at yrkeskompetansen handlar om samspelet mellom teoretiske kunnskapar, praktiske dugleikar og erfaringar i og utanfor skulen.

Studiet leiar fram til graden Master i didaktiske praksisar med spesialisering i eit av skulefaga matematikk, samfunnsfag, KRLE, mat og helse eller kroppsøving. Spesialisering skjer ved at studentane søker seg inn på ei studieretning med utgangspunkt i minimum 60 studiepoeng i det faget ein søker spesialisering innan. Studieretninga inneheld to emne på til saman 30 studiepoeng, samt ei masteroppgåve på 45 studiepoeng. Dei resterande 45 studiepoenga er fordelte på tre fellesemne.

Studiet kvalifiserer til opptak til Ph.D-utdanningar.

Læringsutbytte

Etter fullført utdanning har kandidaten følgjande overordna læringsutbytte:

Kunnskapar
Kandidaten:

  • har avansert kunnskap om sentrale faglege og fagdidaktiske problemstillingar innan ei valt studieretning
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde og kunnskapsgrunnlaget for masteroppgåva
  • har inngåande kunnskap om vitskapelege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk.
  • har djup innsikt i ulik didaktisk teori og tradisjonar, og korleis ulike styringsideologiar gir føringar for didaktisk praksis

Ferdigheiter
Kandidaten:

  • kan analysere, vurdere, ta i bruk og etablere ny forskingsbasert kunnskap på eit avgrensa felt
  • kan analysere, planlegge, implementere og gjennomføre undervisningssekvensar i arbeid med rettleiing i profesjonsfellesskap
  • kan kommunisere om, og rettleie kollegaer i, utvikling av læreplanar, undervisning og vurdering
  • kan planlegge og gjennomføre forskingsbaserte studiar av relevante faglege problemstillingar åleine, eller saman med andre
  • kan ta aktivt del i utvikling av skulen sin kollektive praksis

Generell kompetanse
Kandidaten:

  • kan formidle eigen og andre si forsking skriftleg og munnleg på ein fagleg og etisk forsvarleg måte
  • kan vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei i opplæringa på måtar som styrker og utviklar studieretninga si didaktikk
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar, og bidra med kunnskap til utvikling i fagleg fellesskap på den einskilde skule
  • kan analysere behov for kunnskap og bidra i innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd.

Innhald

Studiet er organisert som deltidsstudium på 4 år eller fulltidsstudium på 2 år. Det er også mogeleg å variere progresjonen i løpet av studiet. Alle emne er obligatoriske og består av tre fellesemne som alle studentane må ta (3x15 studiepoeng), to emne tilhøyrande den studieretninga studentane har valt (2x15 studiepoeng), samt masteroppgåve (45 studiepoeng) som rettast fagleg inn mot valt studieretning.

Praksis

Studiet har ikkje organisert praksisopplæring, men den praktiske utøvinga av yrket er sentralt ettersom studiet primært er retta mot lærarar tilsette i skulen eller andre med relevant yrkeserfaring. Emna i valt studieretning legg opp til ei nær kopling mellom den teoretiske og praktiske sida ved fagdidaktikken, gjennom øvingar, refleksjonar og presentasjonar som tar utgangspunkt i erfaringar som lærar. Fellesemna ser også på korleis den enkelte si didaktiske verksemd inngår i ein større kollegial samanheng, og korleis nasjonal og internasjonal utdanningspolitikk legg føringar for lærarens yrkesutøving. Masterstudiet kvalifiserer også studentane til ein forskande praksis og til å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen.

Arbeidsformer

Masterstudiet har både samlingsbasert og nettbasert undervisning. Studiet legg opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eigen yrkesutøving. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar. Arbeidskrav varierar mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.

Studentane får ved opptak studierett til campus Bergen. Undervisninga vil skje dels digitalt og dels som samlingar på campusane Sogndal, Stord og Bergen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene varierer mellom dei ulike emna. Det blir nytta mappe, heimeeksamen, skriftlege oppgåver og munnleg eksamen. Arbeidskrav, vurderingsformer og vurderingsuttrykk er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.

Krav til studieprogresjon

Alle emne i studieretninga og alle fellesemne må vere bestått før studenten kan gå opp til eksamen i emnet Masteroppgåva.

Internasjonalisering

Det er mogeleg med utveksling til institusjonar som studieretningane har avtalar med. Dette kan skje i andre semester av utdanninga. I emna blir internasjonale tilhøve, forsking og litteratur aktualisert i samband med aktuelle faglege og fagdidaktiske problemstillingar.