Studieplan - Master i didaktiske praksisar
Våren 2025
Studiet er ei vidareutdanning for lærarar og andre som arbeider med fag- eller yrkesopplæring og kompetanseutvikling i skule, bedrift og offentleg verksemd og som ønskjer å bygge på utdanninga si med eit masterstudium.
Studiet byggjer vidare på, og styrkjer, den faglege, didaktiske og pedagogiske kompetansen til studentane. Utdanninga tar utgangspunkt i studentane sin daglege opplæringspraksis. Det vert lagt vekt på å knyte saman praksiskunnskapar og -erfaringar med teoretisk kunnskap som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling. Gjennom studiet vil studentane kunne kvalifisere seg til å ta på seg og utvikle fagleg leiing og rettleiing, tilrettelegging av gode læringsmiljø, evaluering og kvalitetsutvikling og tverrfagleg samarbeid og problemløysing.
Kombinasjonen av fellesemne og fordjuping i ein vald studieretning skal gi studentane både ein brei inngang til å arbeide med utviklinga av lærarprofesjonaliteten på tvers i kollegiet og meir spesifikt i faglege kontekstar. Det blir lagt vekt på at yrkeskompetansen handlar om samspelet mellom teoretiske kunnskapar, praktiske dugleikar og erfaringar i og utanfor skulen.
Master i didaktiske praksisar er samlings -og arbeidsplassbasert og tilrettelagt for studentar som er i arbeid. Studiet er i utgangspunktet eit deltidsstudium over fire år, men det kan leggast til rette for raskare progresjon etter avtale. Studiet leiar fram til graden Master i didaktiske praksisar med spesialisering i eit av skulefaga matematikk, samfunnsfag, KRLE, naturfag, mat og helse eller kroppsøving, eller spesialisering i yrkesdidaktikk. Spesialiseringa skjer ved at studentane søker seg inn på ei studieretning ved opptak. Eit normert studieløp vil innehalde to studieretningsemne på til saman 30 studiepoeng, samt ei masteroppgåve på 45 studiepoeng. Dei resterande 45 studiepoenga er fordelte på tre fellesemne.
Studiet kvalifiserer til opptak til Ph.D-utdanningar.
Opptakskrav
Fullført og bestått lærarutdanning eller yrkesfaglærarutdanning som kvalifiserer for undervisning i grunnopplæring og/eller vidaregåande opplæring. Søkar må i tillegg oppfylle følgande krav avhengig av studieretning:
- Matematikk: krav om minst 60 studiepoeng i matematikk
- Samfunnsfag og religion: krav om minst 60 studiepoeng i eit samfunnsvitskapleg fag, historie eller religion/KRLE
- Kroppsøving og mat og helse: krav om minst 60 studiepoeng i anten kroppsøving eller mat og helse
- Naturfag: krav om minst 60 studiepoeng i naturfag, biologi, kjemi eller fysikk.
- Andre- og framandspråkopplæring: krav om minst 60 studiepoeng i anten norsk eller engelsk
- Yrkesdidaktikk: Yrkesfaglærarutdanning eller PPU for yrkesfag med bakgrunn i anten fag/svennebrev eller profesjonsretta bachelorgrad"
Fordjupingskravet dannar grunnlaget for val av spesialisering i masterstudiet. Søkjarane må opplyse om kva for eit 60-poengsfag dei vil arbeide vidare med i masterstudiet.
For studentar som søkjer opptak til integrert PPU-master, fell kravet om fullført lærarutdanning bort.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten:
- har avansert kunnskap om sentrale faglege og fagdidaktiske problemstillingar innan ei valt studieretning
- har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde og kunnskapsgrunnlaget for masteroppgåva
- har inngåande kunnskap om vitskapelege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk.
- har djup innsikt i ulik didaktisk teori og tradisjonar, og korleis ulike styringsideologiar gir føringar for didaktisk praksis
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan analysere, vurdere, ta i bruk og etablere ny forskingsbasert kunnskap på eit avgrensa felt
- kan analysere, planlegge, implementere og gjennomføre undervisningssekvensar i arbeid med rettleiing i profesjonsfellesskap
- kan kommunisere om og rettleie kollegaer i, utvikling av læreplanar, undervisning og vurdering
- kan planlegge og gjennomføre forskingsbaserte studiar av relevante problemstillingar åleine, eller saman med andre
- kan ta aktivt del i utvikling av profesjonsfellesskapets praksis
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan formidle eigen og andre si forsking skriftleg og munnleg på ein fagleg og etisk forsvarleg måte
- kan vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei i opplæringa på måtar som styrker og utviklar fagfeltet sin didaktikk
- kan analysere og vurdere relevante faglege, didaktiske og etiske problemstillingar, og bidra med kunnskap til utvikling av fagfeltet i eit profesjonsfellesskap.
- kan analysere behov for kunnskap og bidra i innovasjonsprosessar knytt til eigen arbeidsstad.
- kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
Innhald
Studiet er organisert som deltidsstudium på 4 år. Alle emne er obligatoriske og består av tre fellesemne som alle studentane må ta (3x15 studiepoeng), to emne tilhøyrande studieretninga studentane har valt (2x15 studiepoeng), samt masteroppgåve (45 studiepoeng) som rettast fagleg inn mot valt studieretning.
Praksis
Studiet har ikkje organisert praksisopplæring, men den praktiske utøvinga av yrket er sentralt ettersom studiet primært er retta mot lærarar tilsette i skulen eller andre med relevant yrkeserfaring. Studieretningsemna legg opp til ei nær kopling mellom den teoretiske og praktiske sida ved fagdidaktikken, gjennom øvingar, refleksjonar og presentasjonar som tar utgangspunkt i erfaringar som lærar. Fellesemna ser også på korleis den enkelte si didaktiske verksemd inngår i ein større kollegial samanheng, og korleis nasjonal og internasjonal utdanningspolitikk legg føringar for lærarens yrkesutøving. Masterstudiet kvalifiserer også studentane til ein forskande praksis og til å å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen.
Arbeidsformer
Masterstudiet legg opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eigen yrkesutøving. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar.
Obligatoriske læringsaktivitetar varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.
Studentane får ved opptak studierett til campus Bergen. Undervisninga vil skje dels digitalt og dels som samlingar på campusane Sogndal, Stord og Bergen.
Vurderingsformer
Vurderingsformene varierer mellom dei ulike emna. Det blir nytta mappe, heimeeksamen, skriftlege oppgåver og munnleg eksamen. Obligatoriske læringsaktivitetar, vurderingsformer og vurderingsuttrykk er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.
Krav til studieprogresjon
Alle emne i studieretninga og alle fellesemne må vere bestått før studenten kan gå opp til eksamen i emnet Masteroppgåva.
Internasjonalisering
Det er mogeleg med utveksling til institusjonar som fagmiljøa har avtalar med. Dette kan skje i andre semester av utdanninga. I fellesemna og studieretningsemna blir internasjonale tilhøve, forsking og litteratur aktualisert i samband med faglege og fagdidaktiske problemstillingar.