Studieplan - Digital økonomi og leiing, Årsprogram
Hausten 2022
I dagens konkurransesamfunn spelar digital teknologi og digital kompetanse ei stadig viktigare rolle og kan vere avgjerande for verdiskaping, innovasjon og lønsemd i ei bedrift. Dette årsstudiet gir ei grundig fordjuping innan fagområdet digitalisering og digital verksemdsforståing.
Du får konkrete kunnskapar innan digital forretningsforståing, data-analyse, digital marknadsføring og digital leiing og organisering i verksemder både i privat og offentleg sektor. Dette er kompetanseområde som er viktige for konkurransekraft, nyskaping og innovasjon og avgjerande område for at ei bedrift skal kunne skape verdi både for kundar/brukarar og samfunn, og bidra til ei berekraftig utvikling.
Gjennom studiet får du
- Brei oversikt over teknologibasert og datadriven verdiskaping
- Kunnskap om digital transformasjon, bruk av digital teknologi og samspelet mellom digital teknologi og menneske både i samfunn, næringsliv og den enkelte verksemd
- Kunnskap om personvern, datatryggleik og etikk
- Innsikt og kompetanse innan digitalisering og digital transformasjon knytt til forretningsmodellar, prosessar og marknadsføring, skybaserte tenester og den såkalla «plattformøkonomien»
- Inngåande kjennskap til aktuelle metodar og teknikkar knytt til digital og datadriven verdiskaping, organisering og leiing
Programmet vil dra nytte av og bygge på tett samarbeid med verksemder, næringsmiljø og næringsklynger i regionen.
Læringsutbytte
Studentane vil etter å ha gjennomført og bestått årsstudiet ha:
Kunnskap
- om informasjonsteknologi, internett og digital transformasjon, viktige digitale drivarar (industri 4.0), databasar, datamodellering og digitale forretningssystem i ei verksemd, IT-relatert tryggleik og etiske problemstillingar knytte til IT og Internett.
- om bakgrunnen for digitalisering, både i teknisk forstand og for organisering og leiing, samt korleis bruk av digital teknologi og digitale forretningssystem kan gi ulike typar gevinstar og støtte strategiske avgjerder og aktivitetar på ulike nivå i ei bedrift.
- om kva digital marknadsføring og digital marknadsføringsstrategi inneber, korleis digital marknadsføring og sosiale medium verker inn på ei verksemd si verdiskaping og korleis dette knyter seg til «det grøne skiftet».
- om særtrekk ved dei viktigaste verkemidla i digitale marknadsføring, dei viktigaste plattformer for sosiale medium, samspelet mellom ulike digitale kanalar og kva innhaldsproduksjon inneber.
- om sentrale omgrep, verktøy og tilnærmingar for dataanalyse på komplekse datasett, motivasjonen bak ulike dataanalysetilnærmingar og relevans for ulike berekraftmål (SDG).
- om teknikkar for modellering og uttrekking av funksjonar frå store datasett
- om prosjektleiing, todelt leiing, teamutvikling, organisasjon og innovasjonssystemet, verdiskaping, kreative prosessar, forretningsidear og berekraftige forretningsmodellar og innovasjonsstrategiar i eksisterande og nye verksemder.
- Ein introduksjon til berekraftige forretnings-/verdiskapingsmodellar og innovasjonsstrategiar kopla opp mot verksemders samfunnsansvar, utfordringar knytte til miljø og FNs berekraftmål¬
- om korleis digital teknologi og digitale løysingar mogleggjer og medfører organisasjonstransformasjon og påverkar val av og praksis for organisasjonsform og leiing
Ferdigheiter
- gjere greie for moglegheiter og problemstillingar ved bruk av applikasjonar og Internett til økonomisk-administrative føremål og beherske kontorstøtteverktøy
- forstå og kunne bruke eit IT-basert forretningssystem i praksis og kunne utarbeide ein enkel datamodell og økonomiske modellar i rekneark
- vurdere digitale teknologiars potensiale for forretningsdrift og digital transformasjon
- identifisere ei verksemds verdikonfigurasjon og forretningsmodell
- føreslå ein digital forretningsstrategi basert på ei bedrifts omgivnader og interne ressursar og digitaliseringstiltak for ei bedrift basert på strategien
- identifisere eigenskapar ved ei verksemds målgrupper/interessegrupper
- analysere og evaluere digitale strategiar og føreslå ein strategi for digital marknadsføring, føreslå tiltak innan sosiale medium og digital marknadsføring og måling av marknadstiltak
- Kunne bidra til kreative prosessar/nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom prosjektdeltaking
- Kunne vurdere samfunnsnyttige produkt og tenester, system og løysingar, samt identifisere etiske dilemma, samfunnsansvar og berekraft i eit prosjekt
- Kunne designe data og bruke toppmoderne dataanalyseteknikkar
- Evne til å bruke tileigna kunnskap for å forstå data og velje eigna metodar for dataanalyse
- drøfte korleis digital teknologi mogleggjer og medfører organisasjonstransformasjon; basert på kritisk refleksjon og bruk av teoriar og metodar innan organisering og digital transformasjon
- kunne delta konstruktivt med forskingsbaserte forslag i organisasjonsendringsprosessar knytte til digital teknologi.
- Jobbe saman med andre i grupper, kunne utveksle synspunkt og formidle fagstoff skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
- ha god forståing for kva moglegheiter og utfordringar digitalisering inneber for verksemder og for ei bedrifts forretningsmodell
- ha grunnleggande forståing av IT-system og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og berekraftig verdiskaping for kundar/brukarar, samfunn og bedrift.
- forstå betydninga av det digitale i den laupande drifta av ei verksemd, verksemdsstyring, dei tilsette si rolle i digitaliseringsprosessar, berekraftig forretningsutvikling og innovasjon
- kunne samarbeide med sine medstudentar og på tvers av fagområde
- ha innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til IT og digitalisering i verksemder
- kunne planlegge og gjennomføre prosjekt og oppgåver åleine eller i grupper
- kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar på fagområdet
- løyse oppgåver for datautvinning, dataindeksering og informasjonsuttrekking i sanntid
- handtere oppgåver i dataanalyse for berekraft som datautforsking
- vere i stand til å jobbe både uavhengig og i team med praktiske og teoretiske problem
- vere i stand til å dokumentere og rapportere resultata av slikt arbeid i samsvar med godkjente standardar og presentere eit fagleg arbeid til andre munnleg for både spesialistar og ikkje-spesialistar
Arbeidsformer
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, oppgåver og caseløysingar, studentpresentasjonar/peer-reviews, gjesteforelesingar og bedriftsbesøk. Du vil få oppgåver der du skal studere korleis digitalisering, digital transformasjon og utvikling av digital kompetanse blir handtert i verksemder både innan privat og offentleg sektor. I 2. semester skriv du prosjektoppgåve der du skal analysere reelle, praktiske problem for ei verksemd.
I emne der det er krav om forprøvar (innleveringar eller øvingar på datalab), må desse vere godkjent før du kan gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Variarende skuleeksamen + mappe