Studieplan - Digital økonomi og leiing, Årsprogram
Hausten 2023
I dagens samfunn spelar digital teknologi og digital kompetanse ei stadig viktigare rolle og kan vere avgjerande for verdiskaping, innovasjon og lønsemd i ei bedrift. Dette årsstudiet gir ei grundig fordjuping innan fagområdet digitalisering og digital verksemdsforståing.
Du får konkrete kunnskapar innan økonomi, digital forretningsforståing, digital marknadsføring og digital leiing og organisering i verksemder både i privat og offentleg sektor. Dette er kompetanseområde som er viktige for konkurransekraft, nyskaping og innovasjon og avgjerande område for at ei bedrift skal kunne skape verdi både for kundar/brukarar og samfunn, og bidra til ei berekraftig utvikling.
Gjennom studiet får du
Brei oversikt over teknologibasert og datadriven verdiskaping
Kunnskap om digital transformasjon, bruk av digital teknologi og samspelet mellom digital teknologi og menneske både i samfunn, næringsliv og den enkelte verksemd
Innsikt og kompetanse innan digitalisering og digital transformasjon knytt til forretningsmodellar, prosessar og marknadsføring, skybaserte tenester og den såkalla «plattformøkonomien»
Inngåande kjennskap til aktuelle metodar og teknikkar knytt til digital og datadriven verdiskaping, organisering og leiing
Programmet vil dra nytte av og bygge på tett samarbeid med verksemder, næringsmiljø og næringsklynger i regionen.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Læringsutbytte
Studentane vil etter å ha gjennomført og bestått årsstudiet ha:
Kunnskap
om informasjonsteknologi, internett og digital transformasjon, viktige digitale drivarar (industri 4.0), databasar, datamodellering og digitale forretningssystem i ei verksemd, etiske problemstillingar knytte til IT og Internett.
om bakgrunnen for digitalisering, både i teknisk forstand og for organisering og leiing, samt korleis bruk av digital teknologi og digitale forretningssystem kan gi ulike typar gevinstar og støtte strategiske avgjerder og aktivitetar på ulike nivå i ei bedrift.
om kva digital marknadsføring og digital marknadsføringsstrategi inneber, korleis digital marknadsføring og sosiale medium verker inn på ei verksemd si verdiskaping og korleis dette knyter seg til «det grøne skiftet».
om særtrekk ved dei viktigaste verkemidla i digitale marknadsføring, dei viktigaste plattformer for sosiale medium, samspelet mellom ulike digitale kanalar og kva innhaldsproduksjon inneber.
om grunnleggjande mikroøkonomiske omgrep og modellar, og korleis desse kan brukast til å analysere aktørar si åtferd
om prosjektleiing, todelt leiing, teamutvikling, organisasjon og innovasjonssystemet, verdiskaping, kreative prosessar, forretningsidear og berekraftige forretningsmodellar og innovasjonsstrategiar i eksisterande og nye verksemder.
om vitenskapelige arbeidsmetodar og forskningsbasert kunnskap
om korleis digital teknologi og digitale løysingar mogleggjer og medfører organisasjonstransformasjon og påverkar val av og praksis for organisasjonsform og leiing
Ferdigheiter
gjere greie for moglegheiter og problemstillingar ved bruk av applikasjonar og Internett til økonomisk-administrative føremål og beherske kontorstøtteverktøy
analysere aktørar si økonomiske tilpassing
vurdere digitale teknologiars potensiale for forretningsdrift og digital transformasjon
identifisere ei verksemds verdikonfigurasjon og forretningsmodell
føreslå ein digital forretningsstrategi basert på ei bedrifts omgivnader og interne ressursar og digitaliseringstiltak for ei bedrift basert på strategien
identifisere eigenskapar ved ei verksemds målgrupper/interessegrupper
analysere og evaluere digitale strategiar og føreslå ein strategi for digital marknadsføring, føreslå tiltak innan sosiale medium og digital marknadsføring og måling av marknadstiltak
kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i egen kunnskapsbygging
Kunne bidra til kreative prosessar/nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom prosjektdeltaking
Kunne vurdere samfunnsnyttige produkt og tenester, system og løysingar, samt identifisere etiske dilemma, samfunnsansvar og berekraft i eit prosjekt
drøfte korleis digital teknologi mogleggjer og medfører organisasjonstransformasjon; basert på kritisk refleksjon og bruk av teoriar og metodar innan organisering og digital transformasjon
kunne delta konstruktivt med forskingsbaserte forslag i organisasjonsendringsprosessar knytte til digital teknologi.
Jobbe saman med andre i grupper, kunne utveksle synspunkt og formidle fagstoff skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
ha god forståing for kva moglegheiter og utfordringar digitalisering inneber for verksemder og for ei bedrifts forretningsmodell
ha grunnleggande forståing av IT-system og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og berekraftig verdiskaping for kundar/brukarar, samfunn og bedrift.
ha forståing for forholdet mellom enkeltaktørane sine val og dei samfunnsøkonomiske konsekvensane
forstå betydninga av det digitale i den laupande drifta av ei verksemd, verksemdsstyring, dei tilsette si rolle i digitaliseringsprosessar, berekraftig forretningsutvikling og innovasjon
kunne samarbeide med sine medstudentar og på tvers av fagområde
ha innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til IT og digitalisering i verksemder
kunne planlegge og gjennomføre prosjekt og oppgåver åleine eller i grupper
kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar på fagområdet
vere i stand til å jobbe både uavhengig og i team med praktiske og teoretiske problem
vere i stand til å dokumentere og rapportere resultata av slikt arbeid i samsvar med godkjente standardar og presentere eit fagleg arbeid til andre munnleg for både spesialistar og ikkje-spesialistar
Innhald
1. semester haust
BØA119 Danning og akademisk handverk
DØL117 Digital organisering og leiing
ØAA117 Praktisk prosjektleiing
BØA203 Mikroøkonomi
2.semester vår:
DØL116 Digital marknadsføring
ØAO016 Strategi og virksomhetsutvikling
DØL200 Semesteroppgåve digital økonomi og leiing (15 sp)
Arbeidsformer
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, oppgåver og caseløysingar, studentpresentasjonar/peer-reviews, gjesteforelesingar og bedriftsbesøk. Du vil få oppgåver der du skal studere korleis digitalisering, digital transformasjon og utvikling av digital kompetanse blir handtert i verksemder både innan privat og offentleg sektor. I 2. semester skriv du prosjektoppgåve der du skal analysere reelle, praktiske problem for ei verksemd.
I emne der det er krav om forprøvar (innleveringar eller øvingar på datalab), må desse vere godkjent før du kan gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Variarende skuleeksamen + mappe
Organisering
Mange kurs vert tekne saman med bachelorstudentar i økonomi og administrasjon