Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, elektroteknologi
Hausten 2025
Studieprogrammet skal utdanne ingeniørar med solid fagleg kompetanse for praktisk ingeniørarbeid, og gje eit godt teoretisk grunnlag for livslang læring. Elektroteknologi rettar seg mot den omfattande graden av kraftproduksjon, elektrifisering, automatisering, datakommunikasjon og digitalisering som går føre seg i samfunnet. Etter første studieår vel studentane studieretning innan elektroteknologi. Bachelorstudiet i elektroteknologi følgjer Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18.mai 2018.
Studieprogrammet er eit nett- og samlingsbasert studium, som går på deltid over fire år. Studentane vel studieretninga elkraftteknikk eller automatisering med robotikk. Begge retningane har samlingane i Førde, men elkraftteknikk vil ha samlingar i siste del av studiet i Bergen.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og Matematikk R1+R2 og Fysikk 1. Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskule frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.
TRES: Berre for dei som har generell studiekompetanse.
Y-vegen: Yrkesfagleg utdanning, relevant fagbrev og minst 12 månaders relevant praksis.
Studentar blir tatt opp via TRES og Y-veg tek emner tilsvarande R1, R2 og Fysikk 1 gjennom sommarkurs og ekstra undervisning i løpet av 1. studieår. Studentar på yveg må i tillegg ta emnet Kommunikasjon og norsk det første studieåret, for å dekkje opptakskravet i norsk.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i studiet skal ha følgjande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskap
Kandidaten...
har brei kunnskap om elektriske komponentar, kretsar og system. Vidare har kandidaten kunnskap som gir eit heilskapleg systemperspektiv innan elektrofaget generelt og spesielt innanfor vald studieretning. Dei fire studieretningane gir grundige kunnskapar innanfor følgjande tema:
- Studieretning Elkraftteknikk: Elektriske anlegg, elektriske maskinar og motordrifter, automatiserte anlegg, høgspenningssystem og lågspenningsinstallasjonar
- Studieretning Automatisering med robotikk: Reguleringsteknikk, industriell IT, instrumentering, robotikk og PLS programmering.
- har grunnleggjande kunnskapar innan matematikk og naturvitskap samt relevante samfunnsog økonomiske fag og om korleis desse vert integrerte i elektrofagleg problemløysing.
- kjenner til teknologihistorie og har kunnskap om samfunnsmessige, miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av elektrotekniske installasjonar og nettverksteknologiar.
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid samt metodar og arbeidsmåtar innanfor elektrofaget
Ferdigheiter
Kandidaten...
- kan anvende og arbeide med sin kunnskap for å identifisere, formulere, spesifisere, planlegge og løyse tekniske oppgåver på ein systematisk måte.
- kan anvende fagleg relevant programvare og har brei ingeniørfagleg kompetanse om digitale verktøy inkludert programmeringskompetanse.
kan arbeide i relevante laboratorium og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid. Kandidaten kan arbeide med relevante problemstillingar samt meistrar aktuelle metodar innafor vald studieretning:
- Studieretning Elkraftteknikk: Design, implementering og drift av elektriske anlegg, elektriske maskinar, motordrifter, reguleringssystem og PLS, samt implementere relevante tryggingstiltak for desse.
- Studieretning Automatisering med robotikk: Design, implementering og drift av sekvensiell automatisering, prosessautomatisering og robotikk.
- kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ingeniørfaglege prosjekt.
- kan finne og stille seg kritisk til relevant informasjon, nytte og vise til fagstoff slik at det klargjer ei problemstilling, både skriftleg og munnleg.
- kan bidra med nytenking, innovasjon og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og løysingar.
Generell kompetanse
Kandidaten...
- har innsikt i miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av teknologiske produkt og løysingar, og evnar å sjå desse både i eit lokalt og globalt livsløpsperspektiv.
- kan bidra i samfunnsdebatt for å synleggjere teknologiens betydning og konsekvensar i samfunnet.
- kan formidle elektrofaglege teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
- kan reflektere over, og tilpasse eiga fagleg utøving til aktuell arbeidssituasjon.
- kan delta aktivt i faglege diskusjonar og evnar å dele sine kunnskapar og erfaringar med andre og bidra til utvikling av god praksis.
- kan identifisere tryggleiks-, sårbarheits-, personverns- og datatryggleiksaspekt i produkt og system som nytter IKT.
Innhald
Det første studieåret er felles for alle studentane på elektroteknologi og inneheld elektrofaglige baisfag , samt fellesemne for ingeniørutdanningane som matematikk og fysikk. Etter første studieår vel studenten studieretning
Studieretning Automatisering med robotikk:
Automatiseringsingeniøren kan utvikle, implementere, drifte og vedlikehalde system for styring, regulering og overvaking av alle typar prosessar i land- og havbaserte anlegg som er heilt eller delvis automatiserte. Automatiseringsingeniøren må difor ha gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor reguleringsteknikk, robotikk, instrumentering, datanettverk, programutvikling og industrielle data- og styresystem. Studieretninga har samlingar i Førde.
Studieretning Elkraftteknikk:
Elkraftingeniøren har kunnskapar og ferdigheiter innanfor prosjektering, dimensjonering, bygging, automatisering, drift og vedlikehald av elkrafttekniske system. Dette gjeld for industri, elektrisk kraftproduksjon, bygg, transport, olje- og gassproduksjon samt maritime anlegg. Studieretninga har samlingar i Førde eller Bergen.
For studentar med opptak via Y-veg og TRES gjeld:
Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet. Matematikken vert gjennomført som eit sommarkurs i forkant av første semester. Fysikken vert gjennomført som eit kurs i første semester. Kommunikasjon og norsk vert gjennomført som eit kurs over første og andre semester. TRES er ei ordning for dei som manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk frå vidaregåande skule. Matematikken vert gjennomført som eit sommarkurs i forkant av første semester, med oppmøte i Førde. Fysikken vert gjennomført som eit kurs i første semester. Desse oppgraderingskursa gir ikkje studiepoeng, men eksamen i desse kurs må vere greidd for å holde fram på studiet (sjå krav til studieprogresjon). Studentane på Y-veg får fritak for 10 studiepoeng i første semester, slik at dei tek 20 studiepoeng i tillegg til fysikk og kommunikasjon og norsk
Praksis
Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogeleg å ta eit valemne med praksisopphald i ei bedrift/verksemd
Arbeidsformer
Undervisninga i emna vil bygge på en kombinasjon av fysiske samlingar og nettbasert undervisning og læringsaktivitetar. I undervisinga nyttar ein ulike former for nettbaserte undervisningsressurser og aktiviteter, som videoforelesningar, nettbasert gruppearbeid, nettbasert rettleiing og nettbasert oppgåveløysing.
Det vil være tre fysiske samlingar kvart semester. Samlingane vil innehald laboratorieaktivitetar og praktiske prosjekt der det vert lagt til rette for gode læringsprosessar basert på studenten sin sjølvstendige innsats og aktivitet. Dei fleste emna har obligatoriske arbeidskrav, og krav om obligatorisk frammøte og deltaking på laboratorieøvingane.
Alle studentar må ha eigen datamaskin med nyare operativsystem. Det vert anbefalt at Microsoft Windows er installert som operativsystem på maskinen grunna spesiell programvare som vert nytta i studieprogrammet.
Vurderingsformer
Det nyttast ulike vurderingar i emna i studieprogrammet. Mange emne har skriftleg skuleeksamen, men vurderingsformer som munnleg, munnleg/praktisk eller semesteroppgåver vert og nytta. Eit emne kan ha ein kombinasjon av fleire vurderingsformer, t.d. skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det obligatoriske læringsaktivitetar som oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vera godkjend for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet.
Krav til studieprogresjon
Det er gitt vilkår for å få starte på arbeidet med bacheloroppgåva. Sjå emneplan for bacheloroppgåva.
Følgande progresjonskrav gjeld for studentar på Y-veg og TRES:
- For å gå vidare til første semester i ingeniørstudiet, må sommarkurs i grunnleggjande matematikk vere greidd innan 1. september.
- For å gå vidare til tredje semester i ingeniørstudiet, må grunnleggjande fysikk vere greidd innan 1. juli ved utgangen av første studieår.
Følgjande progresjonskrav gjeld berre for studentar på Y-veg:
- For å gå vidare til tredje semester i ingeniørstudiet, må kommunikasjon og norsk vere greidd innan 1. juli ved utgangen av første studieår.
Internasjonalisering
Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk. Læringsmateriellet vil i stor grad vere på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisninga vere på engelsk.
Det er lagt til rette for å ta et semester av bachelorgraden i utlandet. Utdanninga har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Europa og andre deler av verda, som Australia og New Zealand. Studentar som planlegg slike utanlandsopphald, bør kontakta AFII internasjonalisering ved høgskulen og instituttet i god tid (2 semester før utreise) for å få avklart fagleg førehandsgodkjenning.