Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, elektroteknologi

Hausten 2023

Studieprogrammet skal utdanne ingeniørar med solid fagleg kompetanse for praktisk ingeniørarbeid, og gje eit godt teoretisk grunnlag for livslang læring. Elektroteknologi rettar seg mot den omfattande graden av elektrifisering, automatisering, datakommunikasjon og digitalisering som går føre seg i samfunnet. Etter første studieår vel studentane studieretning innan elektroteknologi. Bachelorstudiet i elektroteknologi følgjer Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18.mai 2018.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og Matematikk R1+R2 og Fysikk 1. Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskule frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.

TRES: Berre for dei som har generell studiekompetanse. Førde og Haugesund

Y-vegen: Yrkesfagleg utdanning, relevant fagbrev og minst 12 månaders relevant praksis. Førde og Haugesund

Studentar blir tatt opp via TRES og Y-veg tek emner tilsvarande R1, R2 og Fysikk 1 gjennom sommarkurs og ekstra undervisning i løpet av 1. studieår. Studentar på y-veg må i tillegg ta emnet Kommunikasjon og norsk det første studieåret, for å dekkje opptakskravet i norsk.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i studiet skal ha følgjande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskap

Kandidaten...

  • har brei kunnskap om elektriske komponentar, kretsar og system. Vidare har kandidaten kunnskap som gir eit heilskapleg systemperspektiv innan elektrofaget generelt og spesielt innanfor vald studieretning. Dei fire studieretningane gir grundige kunnskapar innanfor følgjande tema:

    • Studieretning Elkraftteknikk: Elektriske anlegg, elektriske maskinar og motordrifter, automatiserte anlegg, høgspenningssystem og lågspenningsinstallasjonar
    • Studieretning Automatisering med robotikk: Reguleringsteknikk, industriell IT, instrumentering, robotikk og PLS programmering.
    • Studieretning Elektronikk: Instrumentkonstruksjon, kretskonstruksjon, signalbehandling og systemkonstruksjon i hardware og software
    • Studieretning Cyberfysisk nettverksteknologi: Oppbygging og administrasjon av nettverk, programmering av nettverkseiningar, grunnleggjande nettverkstryggleik, mikrokontrollerprogrammering samt trådlaus og optisk kommunikasjon.

  • har grunnleggjande kunnskapar innan matematikk og naturvitskap samt relevante samfunnsog økonomiske fag og om korleis desse vert integrerte i elektrofagleg problemløysing.
  • kjenner til teknologihistorie og har kunnskap om samfunnsmessige, miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av elektrotekniske installasjonar og nettverksteknologiar.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid samt metodar og arbeidsmåtar innanfor elektrofaget

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan anvende og arbeide med sin kunnskap for å identifisere, formulere, spesifisere, planlegge og løyse tekniske oppgåver på ein systematisk måte.
  • kan anvende fagleg relevant programvare og har brei ingeniørfagleg kompetanse om digitale verktøy inkludert programmeringskompetanse.
  • kan arbeide i relevante laboratorium og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid. Kandidaten kan arbeide med relevante problemstillingar samt meistrar aktuelle metodar innafor vald studieretning:

    • Studieretning Elkraftteknikk: Design, implementering og drift av elektriske anlegg, elektriske maskinar, motordrifter, reguleringssystem og PLS, samt implementere relevante tryggingstiltak for desse.
    • Studieretning Automatisering med robotikk: Design, implementering og drift av sekvensiell automatisering, prosessautomatisering og robotikk.
    • Studieretning Elektronikk: Design, implementering og drift av analoge og digitale elektronikksystem, embedded software og systemdesign.
    • Studieretning Cyberfysisk nettverksteknologi: Design, implementering og drift av nettverk, konfigurasjon av nettverkseiningar som rutarar og svitsjar, planlegging av trådlause nettverk, moderne programvareutvikling, programmering for embedded einingar.

  • kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ingeniørfaglege prosjekt.
  • kan finne og stille seg kritisk til relevant informasjon, nytte og vise til fagstoff slik at det klargjer ei problemstilling, både skriftleg og munnleg.
  • kan bidra med nytenking, innovasjon og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og løysingar.

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • har innsikt i miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av teknologiske produkt og løysingar, og evnar å sjå desse både i eit lokalt og globalt livsløpsperspektiv.
  • kan bidra i samfunnsdebatt for å synleggjere teknologiens betydning og konsekvensar i samfunnet.
  • kan formidle elektrofaglege teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
  • kan reflektere over, og tilpasse eiga fagleg utøving til aktuell arbeidssituasjon.
  • kan delta aktivt i faglege diskusjonar og evnar å dele sine kunnskapar og erfaringar med andre og bidra til utvikling av god praksis.
  • kan identifisere tryggleiks-, sårbarheits-, personverns- og datatryggleiksaspekt i produkt og system som nytter IKT.

Innhald

Det første studieåret er felles for alle studentane på elektroteknologi og inneheld ein introduksjon til fagfeltet, samt fellesemne for ingeniørutdanningane som matematikk og fysikk. Etter første studieår vel studenten studieretning for dei to påfølgjande åra.

  • Studieretning Automatisering med robotikk:

Automatiseringsingeniøren kan utvikle, implementere, drifte og vedlikehalde system for styring, regulering og overvaking av alle typar prosessar i land- og havbaserte anlegg som er heilt eller delvis automatiserte. Automatiseringsingeniøren må difor ha gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor reguleringsteknikk, robotikk, instrumentering, datanettverk, programutvikling og industrielle data- og styresystem. Studieretninga er tilgjengeleg ved campus: Bergen, Haugesund og Førde

  • Studieretning Elkraftteknikk:

Elkraftingeniøren har kunnskapar og ferdigheiter innanfor prosjektering, dimensjonering, bygging, automatisering, drift og vedlikehald av elkrafttekniske system. Dette gjeld for industri, elektrisk kraftproduksjon, bygg, transport, olje- og gassproduksjon samt maritime anlegg. Studieretninga er tilgjengeleg ved campus: Bergen og Førde (nett- og samlingsbasert undervisning frå 2. studieår)

  • Studieretning Elektronikk:

Elektronikkingeniøren kan utføre detaljert utvikling av analog og digital elektronikk, og integrere dette med prosessorar og software. Dette vert nytta innan dei fleste teknologiske område, som til dømes kommunikasjon, miljøovervaking, medisinsk utstyr, omsorgsteknologi og for energiverksemd. Studieretninga er tilgjengeleg ved campus: Bergen

  • Studieretning Cyberfysisk nettverksteknologi:

Cyberingeniøren har kunnskapar og ferdigheiter innanfor cyberfysisk nettverksteknologi med vekt på industriell og teknisk bruk. Studieretninga dekker viktige område innan digital kommunikasjon, nettverksteknologi, tryggleik i cybernettverk, programmering og utvikling av distribuerte system. Studieretninga er tilgjengeleg ved campus: Bergen

For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre.

Matematikk, fysikk, kjemi og statistikk er viktige fundament for ingeniøremna. Studentar som planlegg å gå vidare til ei masterutdanning med sivilingeniørkrav må velje MAT301 Fleirdimensjonal analyse, for å dekke kravet om 25 studiepoeng i matematikk i bachelorutdanninga.

For studentar med opptak via Y-veg og TRES gjeld:

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet. Matematikken vert gjennomført som eit sommarkurs i forkant av første semester. Fysikken vert gjennomført som eit kurs i første semester. Kommunikasjon og norsk vert gjennomført som eit kurs over første og andre semester.

TRES er ei ordning for dei som manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk frå vidaregåande skule. Matematikken vert gjennomført som eit sommarkurs i forkant av første semester. Fysikken vert gjennomført som eit kurs i første semester.

Desse oppgraderingskursa gir ikkje studiepoeng, men eksamen i desse kurs må vere greidd for å holde fram på studiet (sjå krav til studieprogresjon). Studentane på Y-veg får fritak for 10 studiepoeng i første semester, slik at dei tek 20 studiepoeng i tillegg til fysikk og kommunikasjon og norsk

Praksis

Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogeleg å ta eit valemne med praksisopphald i ei bedrift/verksemd

Arbeidsformer

Teoriundervisninga skjer i klasserom og auditorium. Førelesingar kan òg vera digitale, med både synkront og asynkront læringsinnhald. Undervisninga vil omfatte betydelege innslag av laboratorieaktivitetar og praktiske prosjekt der det vert lagt til rette for gode læringsprosessar basert på studenten sin sjølvstendige innsats og aktivitet. Dei fleste emna har obligatoriske arbeidskrav, og krav om obligatorisk frammøte og deltaking på laboratorieøvingane.

Emna som inngår i studieretninga elkraftteknikk har nett- og samlingsbasert undervisning på campus Førde. Det vil vere samlingar kvar tredje uke med både laboratorieøvingar og gjennomgang av teori. Alle studentar må ha eigen datamaskin med nyare operativsystem. Det vert anbefalt at Microsoft Windows er installert som operativsystem på maskinen grunna spesiell programvare som vert nytta i studieprogrammet.

Vurderingsformer

Det nyttast ulike vurderingar i emna i studieprogrammet. Mange emne har skriftleg skuleeksamen, men vurderingsformer som munnleg, munnleg/praktisk eller semesteroppgåver vert og nytta. Eit emne kan ha ein kombinasjon av fleire vurderingsformer, t.d. skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det obligatoriske læringsaktivitetar som oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vera godkjend for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet.

Krav til studieprogresjon

Det er gitt vilkår for å få starte på arbeidet med bacheloroppgåva. Sjå emneplan for bacheloroppgåva.

Følgande progresjonskrav gjeld for studentar på Y-veg og TRES:

  1. For å gå vidare til første semester i ingeniørstudiet må sommarkurs i grunnleggjande matematikk vere greidd innan 1. september.
  2. For å gå vidare til tredje semester i ingeniørstudiet må grunnleggjande fysikk vere greidd innan 1. juli ved utgangen av første studieår.

Følgjande progresjonskrav gjeld berre for studentar på Y-veg:

3. For å gå vidare til tredje semester i ingeniørstudiet må kommunikasjon og norsk vere greidd innan 1. juli ved utgangen av første studieår.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk. Læringsmateriellet vil i stor grad vere på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisninga vere på engelsk.

Det er lagt til rette for å ta 5. semester av bachelorgraden i utlandet. Utdanninga har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Europa og andre deler av verda, som Australia og New Zealand. Studentar som planlegg slike utanlandsopphald, bør kontakta AFII internasjonalisering ved høgskulen og instituttet i god tid (2 semester før utreise) for å få avklart fagleg førehandsgodkjenning.