BØ6-1002 Investering og finansiering
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
- føresetnader og fundament innanfor investering og finansiering
- utrekning av beslutningsrelevant kontantstraum, inkludert arbeidskapitaleffekt
- korrekte verdivurderingsmetodar
- renterekning/finansmatematikk
- investeringsanalyse
- økonomisk levetid og utskiftingsanalysar
- skattar og prisstiging - påverknad på kontantstraumar
- risikovudering, porteføljeteori og kapitalverdimodellen
- avkastningskrav for total- og eigenkapitalen, finansiell gearing m.m.
- finansieringskjelder og finansieringsval, her medrekna banklån, obligasjonar, leasing, avbetalingskjøp m.m.
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten:
- vurdere lønsemda av investerings- og finansieringsvedtak
- kjenne til grunnlaget for tidsverdien av pengar og kunne framskaffe risikojusterte avkastningskrav for å estimere alternativkostnaden til kapital
- forstå relasjonen mellom bruk av netto nåverdi som vedtakskriterium for investeringar og eigarane sine økonomiske interesser i føretaket
- kjenne til andre metodar for vurdering av investerings- og finansieringsprosjekt, kunne rekne ut internrente, og forstå samanhengen med netto nåverdi
- ha innsikt i kapitalverdimodellen og kunne gjere bruk av den for å etablere eit risikojustert avkastningskrav når marknadsverdien er relevant
- ha overordna forståing for verdien av fleksibilitet i investeringsprosjekt
- budsjettere beslutningsrelevant kontantstraum for investerings- og finansieringsbeslutningar, og gjennomføre lønsemdsanalysar basert på netto nåverdi under omsyn til eventuell skatt, inflasjon, gjeldsfinansiering og risiko med tilhøyrande avkastningskrav
- rekne ut effektiv rente og kunne gjere bruk av denne i ulike finansieringsbeslutningar
- analysere risikoen i investeringsprosjekt når totalrisikoen er relevant
- strukturere økonomiske modellar i Excel-rekneark, og nytte Excel til økonomiske analysar og rapportering
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar er ME6-1000 Matematikk for økonomar eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar med bruk av Excel-rekneark.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle skrivne og trykte
Meir om hjelpemiddel