Hopp til innhald

BLU3-1001 Natur, helse og rørsle

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

  • Fysisk vekst, motorisk utvikling og læring
  • Fysisk aktivitet og helse, ernæring og kosthald
  • Grunnleggjande fysikk,- geologi og økologi tema
  • Plante og dyreliv i ulike årstider og miljø
  • Fagdidaktikk i barnehagen
  • Rørsleleik i ulike miljø
  • Førstehjelp og sikkerheit

Kunnskapsområdet nyttar kompetanse frå faga fysisk fostring, naturfag og pedagogikk.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • har kunnskap om korleis barnet gjennom kropp og sansar lærer om og forstår verda og seg sjølv
  • har innsikt om den levande og den ikkje- levande naturen
  • har innsikt om relasjonar, energistraum og krinsløp i naturen
  • har kunnskap om lokale og globale miljøtema og om berekraftig utvikling
  • har kunnskap om korleis menneskekroppen er oppbygd og korleis den fungerer
  • har kunnskap om kosthald og grunnleggjande hygiene og førstehjelp
  • har kunnskap om kroppsleg leik
  • har kjennskap til helsefremjande arbeid og ergonomi i eit fleirkulturelt perspektiv
  • har kunnskap om fysisk og motorisk utvikling hjå barn

Ferdigheiter

  • kan utforske naturen, eksperimentere med fenomen i den fysiske verda og med kvardagsteknologi saman med barna
  • kan hjelpe barna med å samle, systematisere og lære om naturobjekt, t.d. planter, insekt og stein
  • kan bruke lokale naturressursar
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere behov for fysisk aktivitet, kvile, godt kosthald og god hygiene
  • kan leggje til rette for stimulerande leikemiljø og risikomeistring i ulike miljø
  • kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med helse, natur og rørsle

Generell kompetanse

  • er medverkande, inspirerande og gode rollemodellar saman med barn i deira rørsleleik og naturopplevingar
  • kan vere analytisk og kritisk reflekterande i arbeid med barn
  • kan orientere seg og bruke nærmiljøa sine moglegheiter for naturfagleg utforsking og rørsle saman med barn
  • kan ivareta eiga helse
  • kan utarbeide rutinar for tryggleik i barnehagen og utføre førstehjelp

Undervisnings- og læringsformer

Teoretiske og praktiske emne ute og inne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei skal planleggje, legge til rette, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet og naturfagleg kunnskap for barn. Det vil bli nytta varierte læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • arbeidskrav knytt til praksis (heiltid og deltid)
  • praktisk og skriftleg arbeid knytt til ekskursjonar (heiltid og deltid)
  • planlegging og gjennomføring av aktiviteter med barn (heiltid og deltid)
  • gjennomført HLR og førstehjelpskurs (heiltid og deltid)
  • gjennomført skileik (heiltid)
  • eit prosjektarbeid knytt til musikk og rørsle (heiltid)
  • eit prosjektarbeid knytt til musikk og naturfag (deltid)

Vurderingsform


1.år haust:
BLU3-1001-SV-HI1: Heimeeksamen: individuell oppgåve.
Tid: 3 dagar
Vekting: 40 %

1.år Vår:
BLU3-1001-SV-SK1: Individuell skriftleg eksamen.
Tid: 6 timar
Vekting: 60 %

Graderte karakterar (A-F)